Hopp til innhold

Minst 17 smitta i Harstad: Stort utbrot etter musikkbingo

Harstad kommune fryktar ny massesmitte etter 17 nye smittetilfelle i byen. Kommunen innfører nå fleire strenge tiltak.

Pressekonferanse i Harstad

Kommuneleiinga orienterte onsdag om det omfattande smitteutbrotet.

Foto: Trygve Grønning / NRK

– Vi står no i ein alvorleg situasjon. Vi står mest truleg i starten av eit nytt større smitteutbrot. Vi vurderer smittetrykket i Harstad som høgt og vi er nøydd til å agere, seier kommuneoverlege Jonas Holte på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

Prøver tatt 4. januar viser minst 10 koronasmitta etter ein musikkbingo på utestaden Verftet 29. desember. Totalt har 17 personar testa positivt dei siste dagane, opplyser Harstad kommune, som ventar mange fleire positive prøver i tida som kjem.

Musikkbingo er ein kombinasjon av musikkquiz og bingo.

Kommunen har bestemt å setje alle som har vore på arrangementet i karantene.

– Vi er foreløpig i ein tidleg fase i smittesporinga. Foreløpig har vi ikkje oversikt over smittevegane, seier Holte.

Rundt 80-90 personar skal ha vore til stades under arrangementet. Kommuneoverlegen seier smittesporinga derfor vil ta lang tid.

Kommunen oppfordrar alle som har vore til stades på arrangementet om å reise heim. Også husstandsmedlemmer må halde seg heime.

Smittesporingsteamet vil ta kontakt med den enkelte, og det vil bli gjennomført testing utover dagen, seier Jonas Holte.

Sjå også: FHI undersøker prøver etter bingo i Kristiansand

Innfører strenge tiltak

– Potensialet for vidaresmitte er stort. Vi ventar at vi vil få fleire smitta, seier ordførar Kari-Anne Opsal.

No innfører kommunen fleire strenge tiltak:

  • Barnehagar og skular går til raudt nivå.
  • Det blir påbod om bruk av munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogeleg å halde 1 meters avstand.
  • Alle stader for kulturarrangement og fritidsaktivitetar blir stengt. Det gjeld blant anna treningssenter, museum, kino, teater, leikeland og svømmehallar.
  • Alle kafear og restaurantar får påbod om å føre gjestelister.

Tiltaka varer til 18. januar i første omgang.

Sjå opptak av ekstraordinært formannskapsmøte i Harstad:

Sjå opptak av pressekonferansen i Harstad: