Hopp til innhold

Melder seg ut av Noregs Mållag i plast-protest: – Det gjorde meg ganske irritert, opprørt og skuffa

Amund Trellevik reagerer på at medlemsavisa Norsk Tidend blir send ut i plast. Samstundes opplevde eit av dei største forlaga i Noreg klagestorm då dei fjerna plast.

Amund Trellevik

SKUFFA: Kampen mot plast er viktig for Amund Trellevik. Han melde seg ut av Noregs Mållag etter å ha motteke endå ei utgåve av Norsk Tidend i plast.

Foto: Jonas Karlsbakk

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det gjorde meg ganske irritert, opprørt og skuffa på vegner av den nynorske målsaka, seier journalist i High North News, Amund Trellevik.

Han har inntil nyleg jobba for NRK Finnmark.

Torsdag melde Trellevik seg ut av organisasjonen Noregs Mållag, som arbeider for å fremja nynorsk.

Han henta nemleg ei utgåve av medlemsavisa Norsk Tidend i postkassa, og blei irritert av at avisa nok ein gong var pakka i plast.

– Mållaget bør i dag bestemma seg for å kutta ut all plast rundt sine aviser, seier han.

– Eg blei ganske sjokkert

Trellevik valde å spørja Noregs Mållag kvifor dei framleis sender ut avisene sine i plast, og svaret var dropen som fekk begeret til å flyta over.

Mållaget svara han at årsaka til at dei held på plasten er ein vedlagd papirgiro. Dei tilbaud også å senda han ei eiga avis utan plast.

– Eg blei ganske sjokkert over det svaret. Det finst mange andre måtar å få inn ekstra gåver til målsaka enn ein giro, seier Trellevik.

Han seier at om det er noko nynorsksaka i dag treng, så er det å vera framtidsretta og tenkja ut nye måtar på korleis det nynorske skriftspråket skal bli bevart.

– For meg er det viktigare å kjempa mot unødvendig plastavfall. Eg er veldig skuffa over at Mållaget ikkje ynskjer å vera ein framtidsretta organisasjon som går i bresjen for å kutta ut eingongsplast, seier han.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

TRIST: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, synest det er leit at Trellevik har meld seg ut.

Foto: Noregs Mållag

Jobbar aktivt for endring

Over 10.000 utgåver av Norsk Tidend blir send ut med plast. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, synest det er trist at Trellevik valde å melda seg ut.

– Me synest det er veldig leit. Me skal gjera noko med dette. Både i går og i dag har me sett på ei løysing slik at bladet kjem utan plast, seier Aasbrenn.

Leiaren påpeikar at problemet til Mållaget er at dei er avhengige av å få målgåver frå medlemmar og andre som vil støtta. Difor har det vore ei fin løysing å bruka ein giro.

– Det dreier seg om over ein million kroner som me pleier å få inn til drifta av Noregs Mållag ved hjelp av målgåver. Me ser på løysingar no som kan vera like gode for Mållaget, men betre for miljøet, seier Aasbrenn.

Ifylgje leiaren er det ikkje mange andre medlemsorganisasjonar som har løyst plastutfordringa.

– Eg tenkjer at me kan koma til å vera i tet veldig snart, seier Aasbrenn.

Kjell Frostrud Johnsen

AUKA SALSTAL: – Me opplever auka salstal ved bruk av plast, seier direktør og redaktør i Egmont Kids Media.

Foto: Egmont

Plast fører til auka salstal

Det er ikkje berre Noregs Mållag som bruker plast. På nettsida Reddit er det lagd ut eit bilete av eit National Geographic-magasin som er pakka dobbelt inn i plast. Personen som har lagd ut biletet påpeikar det ironiske i at magasinet samstundes fortel om eit hav fullt av plast.

Magasin pakka i plast

PLASTSTRID: National Geographic skriv om plast, men pakkar sjølv magasinet i dobbelt lag med plast.

Foto: Skjermdump / Reddit

Direktør og redaktør i Egmont Kids Media, Kjell Frostrud Johnsen, fortel at også hos dei går det ein del plast. Dei nyttar seg av plast fordi magasina ofte inneheld fleire element.

Ifylgje direktøren har dei i svært liten grad fått klager på bruk av plast. Snarare tvert imot.

– Me opplever auka salstal ved bruk av plast, fordi det blir opplevd som ein pakke, seier Johnsen.

I tillegg opplevde dei ein klagestorm frå abonnentar som auka med to hundre prosent i løpet av ei veke på eit blad dei sende ut utan plast. Det enda med at dei måtte innføra plast på nytt. Då stoppa også klagene.

– Eg trur dette kom av at kunden ikkje fekk bladet i den tilstanden han ynskja, seier Johnsen.

Likevel er det viktig for han å understreka at dei ser på alternativ til plast, og andre typar emballasje.

– Me ynskjer å vera på den gode sida av dette og me jobbar dagleg for å få mest mogleg berekraftige produkt, seier direktøren.

Fleire må gi beskjed

Trellevik tek også imot andre blad som har plast. Desse kjem han til å be kutta plast på lik linje som Noregs Mållag.

– Mi oppfordring til alle som får medlemsblad med plast er å gi beskjed til desse organisasjonane om at dei må kutta unødvendig plast.

Slik meiner han at alle kan vera med på å forsøka og stoppa det som blir eit kjempeproblem om få år, nemleg eit enormt plastproblem til lands og til havs.

– Forbrukarmakta er stor. Dersom mange nok gir beskjed om at dei ynskjer ei endring, så vil ei endring tvinga seg fram, seier Trellevik.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark