Hopp til innhold

Ber Erna Solberg ta grep i kampen mot antibiotikaresistens

Noreg bør ta ei verdsleiande rolle i arbeidet mot antibiotikaresistens, meiner forskarar som tysdag leverte ein rapport til statsministeren. Virus som et bakteriar kan bli viktige.

Bakteriofagar, naturen sin eigen bakteriedrepar

Bakteriofagar er naturen sine eigne bakteriedreparar.

Foto: Design Cells / Getty Images/iStockphoto

Antibiotikaresistens har blitt ein av dei største trusselane mot folkehelsa dei siste tiåra. Dette er venta å vere den viktigaste dødsårsaka innan 2050. Det hastar å finne alternativ.

Men i naturen finst det allereie virus som er spesialiserte på å drepe bakteriar.

UiT Norges arktiske universitet trur at bakteriofagar kan bli viktige for å redusere bruk av antibiotika og antibiotikaresistens.

Tysdag overleverte dei, saman med fleire sentrale leiarar frå helse, forsking og samfunnsliv, ein rapport til statsminister Erna Solberg. Der ber dei om at Noreg tar ansvaret for forsking på bakteriofagar, og for å finne alternativ til antibiotika vi bruker i dag.

Dersom vi ikkje finn alternativ vil det få store konsekvensar for miljø, dyr, matproduksjon, folkehelsa, og verdsøkonomien, står det i rapporten.

  • Antibiotikaresistens er ein stor trussel for biologisk mangfald og matproduksjon
  • Det vil sette medisinske behandlingar, mellom anna kreftbehandlingar, fleire tiår tilbake i tid.
  • Rundt 33.000 menneske døyr berre i Europa kvart år, ifølgje europeiske styresmakter. I 2018 døydde 70 menneske i Noreg som følgje av antibiotikaresistens.

Årsaka er overforbruk av antibiotika. På menneske, men også dyr og fisk.

Noreg er eit av landa som bruker minst antibiotika. Men vi reiser, og importerer mat og varer. Som eit resultat får vi auka antibiotikaresistens også her.

Eit berekraftig og effektivt alternativ

Menneske og dyr vil alltid få infeksjonar. Derfor er det urealistisk å kutte i bruken av antibiotika utan å ha alternativ.

– Resistens omfattar mange ulike typar bakteriar. For nokre vil bakteriofagar vere nyttige, for andre er vaksinasjon betre. Vi må utvikle mange verktøy.

Gunnar Skov Simonsen

Professor i mikrobiologi og leiar for mikrobiologi og smittevern på UNN, Gunnar Skov Simonsen, har i mange år forska på antibiotikaresistens.

Foto: Jonatan Ottesen / UiT

Det seier professor i mikrobiologi og leiar for mikrobiologi og smittevern på Universitetssjukehuset Nord-Norge, Gunnar Skov Simonsen. Han er del av arbeidsgruppa som leverte rapport til statsministeren.

Bakteriofagar har vist seg å vere svært målretta mot enkelte typar bakteriar. Dei veit kven dei passar saman med, og angrip dei.

– Får vi dei til rett stad er ideen at dei kan øydelegge bakteriecellene som gjer oss sjuke, seier Simonsen.

Ideen om å bruke bakteriofagar er over hundre år gammal. Likevel er det lite forsking på effekten av bakteriofagar mot vanleg antibiotika. Dette meiner arbeidsgruppa det hastar å gjere noko med.

– I Noreg har vi klart oss rimeleg bra, men dersom vi ser verda under eitt, er det eit skrikande behov for å få plass nye strategiar mot resistente bakteriar.

Noreg bør bli verdsleiande

Rektor ved UiT Norges arktiske universitet, Anne Husebekk, meiner Noreg har økonomien og forskingsmiljøa som gjer det naturleg at vi tar eit globalt ansvar i dette arbeidet.

– Antibiotikaresistens er allereie eit stort problem og vi burde jobbe så fort vi kan for å finne alternative måtar å behandle infeksjonar på, seier Husebekk.

Ho er også del av arbeidsgruppa som leverer rapporten der dei ber Noreg om å møte trusselen med ei nasjonal satsing på bakteriofagar.

Dei ber statsministeren om meir ressursar til å drive forsking som kan gjere det heilt trygt å bruke bakteriofagar på alle typar infeksjonar, og at det blir tilgjengeleg så snart som mogleg.

– No når antibiotikaresistens utviklar seg til å bli eit alvorleg helseproblem må vi gå tilbake å sjå på om vi hadde reiskapar allereie før antibiotika, seier Husebekk. Og da meiner rektoren at bakteriofagane er løysinga.

Rektor ved UiT Anne Husebekk

Rektor ved UiT Norges arktiske universitet, Anne Husebekk.

Foto: Therese Bergersen