Hopp til innhold

Skeptisk til ny bensintype: – Kan føre til bilbrannar

Denne våren blir bensintypen 95 E10 innført i Noreg. Dette skaper problem for mange bileigarar, og kan i verste fall vere livsfarleg, meiner ein bilmekanikar.

Daglig leder ved GT Maskin AS i Alta, Gjermund Thomassen, mener den nye E10-bensinen kan være livsfarlig å bruke dersom bileier ikke tar forholdsregler.

Gjermund Thomassen hos GT Maskin AS i Alta er skeptisk til den nye bensinen med inntil 10 prosent etanol. – Etanolen øydelegg bensinslangane og kan skape lekkasjar. Dette kan igjen føre til ein eksplosjonsarta brann i motorrommet, seier han.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Mange eldre bilar er utstyrte med bensinslangar som ikkje toler etanolinnhaldet i den nye bensinen. Bruk av 95 E10 kan derfor få alvorlege konsekvensar, seier Gjermund Thomassen, dagleg leiar hos GT Maskin AS i Alta.

Du har kanskje ikkje tenkt over det, men det aller meste av bensinen som blir seld på bensinstasjonar i Noreg, er tilsett bioetanol. I dag heiter den vanlegaste typen 95 E5. Det vil seie at han er tilsett med inntil 5 prosent bioetanol.

Bioetanolen gjer drivstoffet meir miljøvennleg, og er i tråd med det grøne skiftet.

I år tar 95 E10 over som hovudprodukt for blyfri bensin selt på norske bensinstasjonar. Den har inntil 10 volumprosent bioetanol.

Bensinpumper i Alta.

Frå 1. juli blir den nye bensintypen standard på alle norske bensinstasjonar.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Kan vere livsfarleg

For bensinbilane produsert etter 2011 vil det vere uproblematisk å bruke E5 eller E10.

Men for nokre bilar produsert før 2011 kan det vere direkte livsfarleg med E10 på tanken.

Alta Amcar-klubb skeptisk til E10-bensin.

Særleg eldre biler kan få trøbbel med den nye bensintypen.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Etanolen tørkar opp bensinslangane, og dette er ein prosess som går svært fort. Vi har fått fleire bilar inn på verkstaden med eitt år gamle bensinslangar som ser ut som dei har stått på bilen i 30 år. Og det er uavhengig om det er dyre eller billige bensinslangar, seier Thomassen.

– Får du lekkasje i bensinslangen, kan det sprute bensin utover eksosanlegget. Då kan katastrofen vere eit faktum med full fyr i motorrommet. Over nokre få minutt er det då kanskje ikkje noko igjen av bilen.

Les også Åtvarar båtfolk mot ny bensin

Ei bensinpumpe i havna i Stavanger

– Sjekk bilen

Ifølgje Thomassen kan etanolinnhaldet i bensinen skape problem for alle gummidelane som er i kontakt med drivstoffet. Og sidan etanolen tiltrekkjer seg vatn, kan også metalldelar – som bensinpumper og bensintank – rusta ved etanolpåverknad over tid.

Nyare bilar har bensinrøyr og bensintank i plast eller eit anna motstandsdyktig materiale, og er dermed ikkje i like stor grad påverka av etanolen.

Daglig leder ved GT Maskin AS i Alta, Gjermund Thomassen, mener den nye E10-bensinen kan være livsfarlig å bruke dersom bileier ikke tar forholdsregler.

Har du ein bensinbil produsert før 2011, bør du sjekke bensinslangane årleg, meiner Gjermund Thomassen i GT Maskin AS i Alta. – Spesielt utsett for lekkasjar er det der det er sving på slangen, seier han.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Vi skal ikkje vere hysteriske, men vi må vere obs på at dette er eit reelt problem. Tipset mitt er derfor at alle med eldre bensinbilar sjekkar drivstoffslangane minst ein gong i året. Og vêr nøye når du gjer dette, seier han.

Finst det ei løysing på problemet?

– Det sikraste er å skifte ut alt av bensindelar som ikkje toler etanol. Men dette er ikkje billig. Og nokon ting får du heller ikkje bytt ut, som til dømes enkelte eldre bensinpumper. Då er du på staden kvil, seier Thomassen.

Les også Regjeringen vil kutte utslippene med 55 prosent

Jonas Gahr Støre

– Irriterande

Bilentusiastane Marvin Knudsen og Are Karlsen er medlemmer i Alta Amcar-klubb. Dei køyrer rundt i store og flotte amerikanske bilar som bruker relativt mykje drivstoff. Det betyr at dei ofte må innom bensinstasjonen.

– Vi er for så vidt heldige. Ein drivstoffaktør lokalt har nemleg sagt at han kjem til å halde fram med å selje 95 oktan utan tilsett etanol. Men når vi skal på treff, og køyre over lange avstandar, får vi eit problem, seier Knudsen.

Dei må søkje opp kva bensinstasjonar som sel bensin utan etanol og leggje om ruta etter dette.

– Det er irriterande og ei unødvendig utfordring, seier Knudsen.

Are Karlsen og Marvin Knudsen i Alta Amcar-klubb er skeptisk til den nye E10-bensinen.

Marvin Knudsen og Are Karlsen i Alta Amcar-klubb håpar fleire bensinstasjonar vil byrje å selje bensin utan etanol. – Det vil gjere livet enklare og tryggare for svært mange bilentusiastar, hevdar dei to.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

At mange bensinstasjonar i tillegg har slutta å selje 98 oktan, gjer det endå verre å få tak i rett type drivstoff.

– Kva tenkjer de om at nokon må køyre fleire mil for å finne bensin utan etanol?

– Det er uforsvarleg. Det er jo fritt fram for forhandlarane å velje kva dei skal ha i pumpene. Kanskje kan litt lokal påverking bidra til at dei tek inn bensin utan bioetanol, seier Knudsen.

Are Karlsen har no valt å ta saka i eigne hender.

– Eg er i gang med å skifte alt av delar som ikkje toler etanol på ein bil frå 80-talet. Det er veldig dyrt. Men det vil vere mykje lettare å køyre på ferie med ein bil som toler alle typar bensin. Også E10, seier Karlsen.

Les også Skal lage drivstoff av avfall - får en halv milliard i støtte

Biozin Åmli

Fryktar motorhavari til sjøs

Det er ikkje berre eldre bilar som kan få problem med 95 E10. Også eldre båtmotorar kan vere utsett.

Båtbransjeforbundet Norboat, som har 390 medlemsbedrifter i heile Noreg, åtvarar mot å ukritisk ta i bruk den nye bensinen på båtmotorar.

– Med 10 prosent tilsett etanol vil drivstoffet ta til seg mykje meir vatn enn det gjorde tidlegare. Vatnet bindast i etanolen i bensinen og blir dratt med inn i innsprøytingssystem og motor. Dette kan føre til fleire motorstans og -havari, seier medlemsansvarleg i Norboat, Thomas Nicolai Bjønnes.

– Dessutan har ein del eldre båtmotorar forgassarar med o-ringar og metallegeringar som ikkje toler etanol. Desse bør uansett gå på 98 oktan.

Norboat

Thomas Nicolai Bjønness i Norboat anbefaler ikkje 95 E10 til båtmotorar. – Det kan føre til motorstans og -havari, seier han.

Foto: Kommunikasjon / Norboat

– Kva for anbefalingar har dokker til båtfolk som ikkje får tak i 98 oktan?

– Viss det er lenge til du skal bruke båten, bør du køyre tanken tom eller tappe ut all bensin. Helst bør den siste turen før vinteren køyrast på 98 oktan, seier Bjønness.

Ifølge Bjønness har fleire av marinaene i Noreg allereie gått over til å tilby 98 oktan i staden for 95 E10. Andre har valt å gå over til den nye 95 E10.

– Udramatisk

Så langt har 16 europeiske land innført 95 E10 som hovudproduktet sitt når det gjeld bensin.

Fagsjef i Drivkraft Noreg, Kjartan Berland, seier det er på tide at også Noreg innfører denne meir miljøvennlege bensintypen.

– Noreg tek sikte på å vere klimanøytrale i 2050. Og i dette arbeidet skal drivstoffbransjen også vere med. Derfor har medlemmene i Drivkraft Noreg bestemt seg for å lansere drivstoffet 95 E10 i løpet av våren 2023.

Fagsjef i Drivkraft Norge, Kjartan Berland.

Fagsjef i Drivkraft Noreg, Kjartan Berland, seier det er på høg tid at også Noreg innfører 95 E10 som hovudbensintype. – Skal Noreg nå målet om å vere klimanøytrale i 2050, må også drivstoffbransjen vere med, seier han.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Kva tenkjer du om reaksjonane frå amcarmiljøet?

– Det går an å ta kontakt med bensinstasjonen du bruker, og høyre om dei kan ta inn bensin utan bioetanol. Faktum er at E10 har vore hovudbensintype i mange land i Europa i fleire år. At Noreg no følgjer etter, er udramatisk, seier Berland.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark