Hopp til innhold

Medisinstudentar krev samtykkelov: Utan eit klart ja før sex, bryt du lova

Medisinstudentar i Tromsø meiner at seksuelle overgrep er eit alvorleg folkehelseproblem. Dei vil ha ei lov som definerer all sex utan samtykke som valdtekt, og får støtte frå professor i samfunnsmedisin.

Pia Bondø og Julia Abrahamsen Nilsen

KREV SAMTYKKELOV: Pia Bondø og Julia Abrahamsen Nilsen i Medisinernes Seksualopplysning meiner at vi treng ei samtykkelov for å førebyggje helsekonsekvensane ved valdtekt.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Mange unge blir utsett for og utset andre for overgrep. Det kan få følgjer for resten av livet, uansett kor god behandling du får, seier medisinstudent Pia Bondø.

Ifølgje Folkehelseinstituttet har ein av fem jenter, og ein av fjorten gutar, opplevd seksuelle overgrep før dei fyller 18 år. I ettertid vil mange ha større risiko for å utvikle depresjon og alkoholmisbruk.

Bondø er ein del av Medisinernes seksualopplysning, som organiserer rundt 200 medisinstudentar i Tromsø.

Dei meiner at seksuelle overgrep er eit så stort folkehelseproblem at det må kraftige tiltak til for å løyse problemet.

– Vi kan ikkje ha eit samfunn der mange har ein vond hemmelegheit som dei held på. Konsekvensane er så store, omfanget så stort, at vi må setje lys på det, seier Bondø.

Medisinstudentane krev no ei samtykkelov som definerer all sex, der ein ikkje har gjensidig samtykke, som valdtekt. Det vil seie at ein må få eit tydeleg ja, eller eit aktivt samtykke, med ønske om å delta.

Slik lova står i dag er det først valdtekt om du aktivt seier nei, eller gjer motstand.

– Om du ikkje aktivt spør om den andre er med på det, har du allereie brote lova. Ikkje når den du pressar deg på først greier å seie nei eller stritte i mot, seier Bondø.

Fleire land i Europa, blant anna Sverige og Danmark har innført ei liknande samtykkelov.

Vil sjå fleire legar i debatten

Tidlegare i år vedtok Norsk medisinstudentforening også krav om samtykkelov.

Maja-Lisa Løchen, professor, institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø, melder sin fulle støtte til studentane.

– Som lege har eg hatt mange pasientar som ber med seg slike hendingar i livet, med kjensle av skuld og skam. Det kan sette både psykiske og fysiske spor i kroppen og føre til sjukdom, seier Løchen.

Ho meiner at det må andre ressursar og haldningsendringar til, men også at lovverket vil bidra til å endre desse haldningane.

– Det er viktig at legar er med å drive fram samtykkelova fordi vi ser resultatet av at lova er uklar på dette punktet, både med tanke på den enkelte pasient, men også i eit folkehelseperspektiv.

Maja Lisa Løchen

STØTTAR STUDENTANE: Maja-Lisa Løchen, professor i samfunnsmedisin, meiner legar burde vere med å drive fram ei samtykkelov.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

SV vil følgje opp

I 2018 fremma SV forslag om å innføre ei samtykkelov i Stortinget. Dei fekk støtte frå Ap, KrF, Raudt og MDG, men dette var ikkje nok til at forslaget vart vedtatt.

– Stadig fleire grupper, no også medisinstudentar engasjerer seg i dette. Eg trur både dei gode erfaringane vi har frå Sverige, og etter kvart Danmark verkar inn, seier Petter Eide.

Han var ein av dei som fremma forslaget på vegner av SV, og jobbar no for å på nytt kunne fremme forslag om ei samtykkelov i Stortinget.

– Noreg er no omringa av land med denne lova, og einaste land som ikkje har ho. Så eg trur denne debatten kjem, og at denne lova også er i Noreg om nokre år.

Petter Eide

Petter Eide i SV synest det er bra at medisinstudentane engasjerer seg i samtykkelova. Samtidig understrekar han at seksuelle overgrep først og fremst er ei alvorleg kriminell handling.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Folkehelse kan vere dårleg juss

Høgre har på si side vore mest kritisk til forslaget mot å innføre ei samtykkelov i Noreg. Dei meiner at omgrepet «samtykke» er for upresist, og at det er vanskeleg å bevise.

– Gode folkehelsetiltak kan vere dårleg juss, og ei samtykkelov er dessverre dårleg juss, skriv Peter Frølich, justispolitisk talsperson i Høgre, i ein e-post til NRK.

Han er likevel einig i at valdtekt skadar folkehelsa, men meiner at løysninga ikkje er å gå gjennom lova.

– Ufrivillig sex er allereie ulovleg i Noreg. Sverige og Danmark innfører ei samtykkelov for å kompensere på̊ sitt dårlege regelverk, men vårt system er framleis meir treffsikkert og rettssikkert.

Han fryktar ei samtykkelov vil føre bevisvurderinga frå gjerningspersonen til offeret sine handlingar, og at uskuldige personar i verste fall hamnar i fengsel.

Peter Christian Frølich

KRITISK: Peter Frølich (H) meiner at sjølv om ei samtykkelov kan vere god folkehelse, vil det vere dårleg juss.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Flere nyheter fra Troms og Finnmark