Hopp til innhold

Måtte hjelpast ned frå fjellet

Det er glatte vegar og vanskelege køyreforhold på ei rekke strekningar nord i landet torsdag kveld. Ein bil blei sittande fast på stengt veg og måtte få hjelp ned frå fjellet.

Redningsbil i grøfta

REDNINGSBIL: Det er ikkje brøytt alle stader, så det kan vere utfordrande å ferdast på vegane, sjølv for redningsbilen.

Foto: Marte Lindi / NRK

Det er full storm fleire stader i Nord-Norge, med vindkast på godt over 30 meter per sekund i både Nordland, Troms og Finnmark.

Store delar av vegane i Finnmark er no stengde eller kolonnekøyrde.
Sjå full oversikt her.

– Det har gått i eitt, seier Karl-Otto Ingvaldsen, som køyrer redningsbil.

Frå klokka fire i dag har det vore travelt for Viking-sjåføren. Men på kveldstid har det byrja å roe seg, etter kvart som folk kjem seg heim frå jobb og butikk.

– Når det er stengt på Sennalandet er det avgrensa kor mykje trafikk som kjem gjennom Alta, seier han.

Trafikalt er det først og fremst Nordland som er ramma av uvêret, sjølv om det på enkelte strekningar i Troms er meldt om kraftig snøfall, isete vegar og vanskelege køyeforhold.

I Finnmark blei det ut over torsdagen varsla om stadig fleire vegstrekningar som måtte stengjast på grunn av is, vind og dårleg vær eller berre opnast for kolonnekøyring – blant anna fylkesveg 98 over Ifjordfjellet.

Køyrde utfor på stengt veg

Andreas Haugaasen, operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Hammerfest fortel at ein personbil med to passasjerar køyrde av vegen på Sennalandet, like før vegen blei stengt.

– Sjåføren var rett og slett uheldig. Ho var den siste bilen som køyrde opp Stokkedalen før Sennalandet vart stengt, seier Haugaasen.

Sjåføren varsla politiet om dårlege køyreforhold i området. Politiet tok så kontakt med vegtrafikksentralen, som vurderte det slik at vegen skulle stengast. Etter stenginga fekk politiet igjen ein telefon frå sjåføren, som no hadde hamna utanfor vegen.

– Det blei sendt opp mannskap som fekk køyretøyet ned att frå fjellet, seier Haugaasen.

Etter forholda har ikkje politiet fått inn mange meldingar om trafikale problem, men dei oppfordrar folk til å følge med på vêr- og trafikkmeldingar og følge råda der.

Del gjerne bileta dine med oss.

Brua over til Kvaløya, der Hammerfest by ligg, er stengt. Finnmark politidistrikt, avdeling vest sin operasjonssentral, som ligg i Hammerfest, er derfor for augneblinken isolert frå resten av vestfylket.

– Vi har nokre utfordringar, ja, seier Haugaasen, som trur det snart vil kome ei løysing på brustenginga.

– Slik som det er no må patruljane ta store omvegar for å kome dit dei skal, seier han.

Meteorologisk institutt melder at uvêret fortsett utover fredagen. Dei melder om at det fredag vi vere lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av sterk vind, det vil òg vere tette snøbyer og snøfokk.