Hopp til innhold

Mann omkom i trafikkulukke – bilførar er pågripen

VANNØYA: Ein ung mann omkom i ulukka mellom ein bil og ein scooter på Vannøya. Bilføraren hadde ikkje førarkort og er pågripen av politiet.

Ein personbil og ein scooter kolliderte på Vannøya laurdag ettermiddag. Ein lokal mann i 40-åra er stadfesta omkommen.

Ein mann i 40-åra omkom i ei trafikkulukke mellom ein scooter og ein personbil laurdag ettermiddag.

Ulukka skjedde på ei strekning like ved fergeleie på Vannøya.

Det var to vaksne menn på scooteren og éin mann i personbilen. Kort tid etter ulukka vart den eine som sat på scooteren stadfesta omkommen. Mannen er ein lokal mann i 40-åra.

Den andre mannen som sat på scooteren er sendt til UNN for undersøkingar. Tilstanden er foreløpig ukjent.

Køyrde utan førarkort

Politiet kan foreløpig ikkje seie noko om kva som har forårsaka ulukka. Dei har pågripe bilføraren for å køyrd utan førarkort.

– Han har foreløpig status som mistenkt i saka. Bilen har truleg treft mopeden, seier operasjonsleiar Jørgen Ahlquist.

Mannen blir heldt i varetekt til i morgå.

– Han er pågripen fordi det kan vere fare for unndraging, seier Ahlquist.

Politiet vil halde fram med å etterforske på staden utover kvelden.