Hopp til innhold

Mangel på utstyr forsterkar forskjellar mellom elevar – her har dei løyst problemet

Museumslæraren ved Tromsø Museum blei overraska over forskjellane mellom elevar i Tromsø-skulen. Dette blei ekstra synleg i uteundervisninga. Men ein skule skilde seg positivt ut.

Lakselvbukt skole

Noah Amadeus Guttormsen og Are Idström ryddar inn ski og stavar i utstyrsboda.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Sola skin så vidt over fjella ved Lakselvbukt skule i Tromsø kommune. På bakkeplan går elevane runde på runde i skulegarden.

– Då er det Klæbo-klyvet på flat mark, blir det skrike frå sidelinja.

På sida står læraren og tar tida, medan elevane heiar for full hals.

Alle er med same utstyret. Gule Fischer-ski og blå Madshus-sko.

Utstyret har skulen brukt fleire år på å samle saman, for å sikre at elevane stilte likt i uteundervisninga.

Skipause Lakselvbukt skule

På Lakselvbukt skule i Tromsø kommune har alle tilgang på likt utstyr

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

I ei bod står skøyter, truger, skisko, telt, slalåmutstyr og reinskinn. Her er det meir enn nok til alle.

– Det er fint, for då er det ikkje nokon som er utanfor eller ikkje har det utstyr som trengst, seier niandeklassing Noah Amadeus Guttormsen.

Men denne skulen er heller unntaket enn regelen.

Øydela for undervisninga

Kvart år arrangerer Tromsø Museum undervisning gjennom Den kulturelle skulesekken for skulane i Tromsø kommune.

Då dei skulle undervise i samisk skihistorie var det gjennom aktiv læring ute. Men museumspedagogane opplevde at det var stor forskjell på kor godt utstyr elevane hadde.

– Bindingar som ikkje funka og lærarar som ikkje visste korleis ein skulle fikse det. Det var ski som ikkje funka, og enkelte elevar som ikkje hadde ski, seier museumspedagog Merete Ryen.

Dei hadde prata om at dette kunne bli eit problem, men sidan ein har regelmessige skidagar i Tromsø gjekk dei ut ifrå at det skulle gå bra. Det viste seg å vere feil.

– Vi brukte mykje tid på å vente på elevane som sleit med utstyret, og det gjorde dei andre irriterte og kalde. Det blir dårleg læringsutbytte når elevane føler seg pressa på tid.

Siste skule ut var Lakselvbukt. Det vart eit etterlengta lysglimt for museumspedagogane.

– Elevane hadde like føresetnader for å delta og ski som funka. Dei fekk tid til å ha det gøy og lære, seier Ryen.

Merete Ryen, museumspedagog i Tromsø kommune.

Museumspedagog ved Tromsø Museum, Merete Ryen, vart overraska over kor mange av elevane som hadde dårleg utstyr.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Kva er det med Lakselvbukt?

Lakselvbukt skule er ein liten barne- og ungdomsskule i utkanten av Tromsø kommune.

For 4-5 år sidan opplevde rektor Per-Helge Engen at utstyret til enkelte elevar var så dårleg at det sette ein stoppar for undervisninga.

– Vi såg eksempel på elevar med dobbelt så lange ski som seg sjølv, som skulle prøve å gå fiskebein, kanskje på fjorårets klister, seier Engen.

Per-Helge Engen

Rektor ved Lakselvbukt skule, Per-Helge Engen.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Han fant seg ved eit vegskilje – enten måtte dei lage forskjellig opplegg til elevane, basert på kva utstyr dei hadde, eller så måtte dei prøve å få på plass utstyr så alle kunne vere med på det same.

– Sidan vi er ein liten skulen gjekk vi for det siste. Saman med eigne midlar og hjelp frå lokalsamfunnet har vi fått ein god utstyrsbase, seier Engen.

Men det har tatt rundt fem år å bygge opp den utstyrsbasen dei har i dag. Dette til 20 elevar. Engen trur ikkje dette hadde vore like lett om dei hadde vore ein større skule.

Strevet er verdt det, meiner Noah Amadeus Guttormsen.

– Det hadde ikkje vore eit like aktivt skulemiljø, og mykje innesitting som kan vere kjedeleg. Vi har det kjempefint her.

Noah Guttormsen og Are Idström

Noah Amadeus Guttormsen og Are Idström håper andre kan elevar kan få det som dei.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Skulen skal jamne ut forskjellar

Utdanningsforbundet i Troms og Finnmark er uroa. Dei meiner det har blitt verre med åra.

– Forskjells-Noreg finst også på skulen. Skulen bør ha som mål å redusere sosiale forskjellar, men det krev at ein satsar på skulane, med driftsmidlar, ressursar og kompetanse, seier leiar Thomas Nordgård.

Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet i Troms og Finnmark.

Leiar i Utdanningsforbundet Troms og Finnmark, Thomas Nordgård.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Etter utdanningslova har alle rett på lik utdanning i Noreg. Norgård seier skulane sjeldan har ressursar til å sikre godt nok utstyr, ikkje berre i uteundervisninga, men i all undervisning.

Han meiner dette er eit resultat av kutt i kommunebudsjett, som igjen kuttar i budsjetta til skulane og barnehagane.

– Dette gjeld ikkje berre i Tromsø, men også i landsdelen og resten av landet. Det fører til ulikskap i tilbodet til elevane, seier Nordgård.

Seksjonsleiar for skule og vaksenopplæring i Tromsø kommune, Grete Ollila synst det er trist at folk opplever stor ulikskap i kva tilbod elevane får i Tromsø-skulen.

Samtidig meiner ho at skulane er flinke til å fokusere på dette.

– Vi må alltid fokusere på at skulen bidreg til sosial utjamning. Det er eit viktig poeng om ein ser at dette ikkje er godt nok varetatt, seier Ollila.

Grete Ollila

Seksjonsleiar for skule og vaksenopplæring i Tromsø kommune, Grete Ollila.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark