Hopp til innhold

Mange må gå doble og triple skift i isolerte samfunn: – Situasjonen er alvorleg

Nordkapp kommune har vore isolert frå omverda i éi veke. No begynner situasjonen å bli alvorleg.

Stabssjef i Nordkapp kommune, Magda Filonowicz

Stabssjef i Nordkapp kommune, Magda Filonowicz, er bekymra for kor lenge unntakssituasjonen skal vare.

Foto: Eskil Wie Furunes

– Vi er bekymra for kor lenge dette skal vare. Eg vil ikkje seie at vi er i ei krise enno, men situasjonen er alvorleg.

Det seier Magda Filonowicz, stabssjef i Nordkapp kommune.

Mange ras og anna uvêr har gjort påska svært spesiell fleire stader i Nord-Norge. I Finnmark er det framleis store delar av fire kommunar som er isolerte frå omverda. Spesielt kritisk er situasjonen i Nordkapp. Fire fiskevêr og eitt lokalsamfunn elles er avskorne frå kommunesenteret Honningsvåg – som igjen er isolert frå resten av verda.

Slitne arbeidstakarar

– Det mest kritiske har heile tida vore å sikre seg at folk har tilgang på mat og nødvendige medisinar. Det har vi ordna både onsdag og fredag. Kommunen engasjerte ein passasjerbåt til å frakte varer rundt Magerøya, fortel Magda Filonowicz.

Ho trur situasjonen blir endå meir komplisert om det skjer ei akutt hending – eller at isoleringa skulle vare i endå fleire dagar.

Så langt har det etter forholda gått bra, sjølv om mange begynner å bli slitne.

– Fleire har jobba doble og triple vakter, ikkje minst i helsetenesta. Det har dei gjort i fleire dagar, sidan kollegaar er vêrfaste. Vi blir nøydde til å setje i gang fleire tiltak i løpet av påska, for å sikre tilgangen på helsepersonell og tilsette ved teknisk sektor, seier Magda Filonowicz.

Stein Sandberg

Stein Sandberg har vore brøytesjåfør sidan 1990. Han meiner vi må tilbake til 1997 for å finne liknande snømengder som i år i Honningsvåg. – Men den gongen var snøen fordelt over heile vinteren. No kom alt på éin månad, seier Sandberg.

Foto: Eskil Wie Furunes

Fryktar dieselmangel

Innsatsen blant innbyggjarane er det ingenting å seie på. I Honningsvåg blir det gjerne arbeidsdagar på 14 timar for brøytesjåførane. Men dei klagar ikkje.

– Vi er vande med å jobbe lange dagar. Ein må stå. Det handlar jo om beredskap. Eg trur dette skal gå bra, med mindre vi går tomme for diesel. Og det kan jo skje, seier Stein Sandberg, brøytesjåfør sidan 1990.

– Det blir jo ikkje verdas beste brøyting. Men vi skal vere heldige vi som sit her i Honningsvåg, supplerer kollegaen Tor Harald Løvland.

Han har ikkje sett kona og yngsteguten på éi veke, sidan dei er blant dei mange innbyggjarane som er isolerte frå resten av kommunen.

Tor Harald Løvland

Tor Harald Løvland er isolert frå kona og yngstesonen, men klagar ikkje på tilværet i Honningsvåg, der han har mykje å gjere som brøytesjåfør.

Foto: Eskil Wie Furunes

Må skaffe avlasting

Rådmann i Nordkapp kommune, Raymond Robertsen, synest situasjonen er utfordrande.

– Situasjonen er vanskeleg, men ikkje kritisk enno. Vi har fått ut mat og nødvendige medisinar. Det mest kritiske no er å få folk på jobb, seier Robertsen.

Raymond Robertsen

Raymond Robertsen, rådmann i Nordkapp kommune.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Som rosar humøret til innbyggjarane i den vêrharde kommunen.

– Folket i Nordkapp er vande til ver og vind. Dei som har gått doble og triple skift begynner derimot å bli slitne. Og det er desse vi no må skaffe avlasting til, varslar Robertsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark