Mæland: – Folkerøystingar kan ikkje overprøve Stortinget

Geir A. Iversen (Sp) frå Finnmark prøvde å få kommunalminister Monica Mæland (H) til å reversere den upopulære samanslåinga mellom Finnmark og Troms, men fekk eit kontant nei.

Monica Mæland smiler på valgvake for Høyre i Bergen

Monica Mæland sa frå Stortingets talarstol at ho isolert sett har sympati med dei som føler seg overkøyrde i ei sak. Men det er likevel ingenting som tyder på at fylkessamanslåinga mellom Troms og Finnmark blir reversert.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Folkerøystingar kan ikkje overprøve Stortinget sine vedtak. Eg håper Finnmark ser seg tent med ein ny og sterkare fylkeskommune. Det vil tene innbyggjarane.

Det sa Mæland i Stortinget tysdag føremiddag.

– Vi kan ikkje ha eit system der kommunar kan overstyre Stortinget. Då får vi eit system eg trur ingen vil ha, utdjupa ministeren.

Nordområdesatsingen

Geir A. Iversen (Senterpartiet) representerer Finnmark på Stortinget. I ein interpellasjon i dag prøvde han å få kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til å ta omsyn til det folkelege opprøret mot fylkessamanslåing i Finnmark. Det lukkast han ikkje med.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Det har kokt i Finnmark denne vinteren, etter at Stortinget i desember for andre gong sa nei til at Finnmark får halde fram som eige fylke. Finnmark fylkesting har derfor tatt saka i eigne hender og arrangerer folkerøysting om spørsmålet 14. mai.

Debatten i Stortinget tysdag opna med at Geir A. Iversen heldt ein interpellasjon der han snakka om avstandar i nord og historiske linjer.

– Å kome seg frå Hasvik til Kirkenes er ein heil prosess. Det er noko ein kvar bør prøve, sa Iversen.

Han viste også til den positive befolkningsveksten i Finnmark dei siste åra, og stilte spørsmål ved om denne kan snu om fylket blir slått saman med Troms.

– Innbyggjartal betyr noko

Iversen vil altså reversere samanslåinga mellom dei to nordlegaste fylka i Norge. Han ønskjer at kommunalministeren tek omsyn til resultatet i folkerøystinga som skal haldast i Finnmark 14. mai.

Mæland sa rett nok at ho isolert sett forstår motstanden mot å bli overprøvd. Men ho viste ingen teikn til at ei folkerøysting eller anna motstand kan føre til ei reversering av samanslåinga mellom Finnmark og Troms.

– Areal og avstand er viktig. Eg skal straks sjølv på ein tredagars tur til Finnmark. Men innbyggjartal betyr noko. Sjølv når Troms og Finnmark blir slått saman blir det minst folkerike fylket i landet, sa Mæland.

Til NRK legg ho til at vedtaka i Stortinget er fatta vel vitande om kva folket i Finnmark meiner om samanslåinga.

– Men Finnmark har fleire utfordringar, både når det kjem til kompetanse, når det gjeld å trekke til seg arbeidsplassar og fråfall i vidaregåande skule, seier Mæland.

Runar Sjåstad

– Det er stor frustrasjon og stor usikkerheit rundt fylkessamanslåinga i Finnmark, sa Runar Sjåstad (Finnmark Ap) frå talarstolen. Han var ein av fleire som gjekk på talarstolen for å støtte Geir A. Iversen.

Foto: Anniken Pedersen / NRK

– Folk forstår ikkje Finnmark

Om ikkje Mæland sa så mykje som appellerte til Geir A. Iversen, så kunne han trøyste seg med at ei heil rekkje andre representantar støtta han.

– Er det eitt område i Norge som treng meir politisk makt, så er det Finnmark. Folk forstår ikkje Finnmark, verken historia eller kvifor dei har fem stortingsrepresentantar, sa ein svært offensiv Per Olaf Lundteigen (Sp).

Lundteigen i Øksfjord

Senterparti-veteranen Per Olaf Lundteigen meiner at folket i Norge ikkje forstår Finnmark.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Likevel til Vadsø

Monica Mæland reiser til Alta i kveld, og skal innom både Kautokeino, Karasjok og Porsanger dei neste dagane. Ho har møtt kritikk for å ikkje stikke innom fylkeshovudstaden Vadsø. Men frå talarstolen i dag avslørte Mæland at ho tek ein ny tur til Finnmark neste veke. Då kjem ho til Vadsø.