– Eg trur mange i Europa ser på Nord-Norge som staden der verda sluttar. Det er ekstremt og for tøffingar, seier Olivia Van Uytvanck
Theodor Dusterhus, Olivia Van Uytvanck og Kayleigh Hinton, fann nye retningar i livet etter å ha arbeidd med hundar.
– Få stadar har ein så sterk hundekøyringskultur, meiner Van Uytvanck.
Men korleis hamna dei i Finnmark?
HENTA BESTEVENEN: Då engelske Kayleigh Hinton (28) fekk beskjed om at favoritthunden Bandito aldri kom til å verte heilt bra frå ein muskelskade, reiste ho eit ærend til Finnmark for å hente han. Her er ho og den norske kompanjongen frå Varangerbotn på eventyr i Alaska.
Foto: PrivatSkulle vere i ein månad
LIVSSTIL: Olivia Van Uytvanck (32) frå Belgia helsar på hundane ved Parken gård Husky i Langfjordbotn. – Dei vert familien din. Hundekøyring er meir enn Finnmarksløpet. Kvardagen med dyr gir deg noko spesielt.
Foto: Wibeke Bruland / NRKTil Parken gård Husky hamna ho tilfeldig i 2010.
– Det var ikkje gjennomtenkt. Eigentleg ville eg til Canada, men fekk tips om jobb her. Planen var ein sesong, dersom eg heldt ut første månaden. Plutseleg har eg vore i Norge i sju år!
– Starten var tøff! Eg hadde aldri sett fjell og snø før. Ikkje kunne eg norsk og var dårleg i engelsk, men det var noko som trefte meg. Eg byrja å leve eit liv som stemde med verdiane mine. No kan eg ikkje tenke meg eit liv utan hundar og friluftsliv.
For tre år sidan flytta ho til Folldalen for å arbeide som psykolog. Fem huskyar frå kennelen blei med i flyttinga.
TILBAKE PÅ GAMLE TRAKTER: – Livet forandra seg medan eg arbeidde her. Det er eg takksam for. Eg hugsar spesielt godt første gong eg la ut på tur aleine. Det var eit stort augeblikk. No kunne eg aldri tenke meg å flytte tilbake til Brussel eller bu i by.
Foto: Wibeke bruland / NRKMen kva er det som gjør at så mange tiltrekkjast av eit liv med hundar? Arbeid med hundar kan opplevast som eit frirom, fortel Brynhild Granås, førsteamanuensis ved UiT.
– Du vert ikkje dømt på grunnlag av utsjånad eller kor mykje pengar du har. Meiningsfulle relasjonar oppstår, og samspelet vert sett på prøve i ekstreme situasjonar.
Reiste eit ærend til Nord-Norge for å hente bestevenen
REISEKAMERAT: Selfie av Kayleigh Hinton og Bandito teken i nasjonalparken Denali, Alaska.
Foto: Privat / NRKEngelske Kayleigh Hinton (28) fann Vesterelva og Viddas husky på nettsamfunnet workaway.info. Der arbeidde ho frivillig nokre månadar i 2013 og 2015.
– Reiselysta og trongen til å lære noko unikt førte meg av stad. Det er eg glad for. Livet i Finnmark var starten på eit eventyr.
Ein som gjorde inntrykk var hunden Bandito. Det var emosjonelt å forlate han for vidare eventyr til Alaska. Då ho fekk beskjed om at ein muskelskade gjorde han ueigna som sledehund, var valet lett. Ho måtte tilbake for å hente han.
UT I VERDA: – Eg var tilbake i Finnmark september 2016 for å hente Bandito. Dei siste månadane har eg og det norske reisefølget vore på eventyr i Canada og Alaska.
Foto: PrivatTiltrekt av det eksotiske og kulden
SLITEN GJENG: Hundane ved Øytun FHS har kome attende frå åtte dagar på langtur. Kvar dag har dei lagt bak seg 50km. – Eg hadde eige team på seks. Totalt var vi 18 spann og 121 hundar. Læraren vår lånte hundar frå andre kennelar, fortel Dusterhus.
Foto: Wibeke Bruland / NRK– Eg ville oppleve noko totalt ulikt livet mitt i Tyskland, fortel Theodor Dusterhus (19) frå Tyskland.
Det fjernaste han fann var hundekøyringslinja til Øytun FHS i Alta.
– Dette er ei erfaring eg aldri hadde fått i Tyskland! No veit eg alt eg ikkje visste om hundar. Eg har lært utruleg mykje, ikkje minst om meg sjølv. Det har vore ei ekstrem oppleving.
Han er likevel usikker på om hundekøyring er noko han kjem til å fortsetje med.
– Det har vore hardt. Sjølv om eg meistrar yrket, trur eg det er smart å vende attende til Tyskland for å studere.
ØNSKA Å OPPLEVE NOKO UNIKT: – Den største opplevinga er nok avslutningsturen. Siste dag blåste det til storm med 23 meter i sekundet. Det var ei unik oppleving, men eg er glad det ikkje var slik heile turen. Då ville vi ha fått problem, fortel Dusterhus.
Foto: Wibeke Bruland / NRK