Hopp til innhold

Seks triks som faktisk kan gjere kvardagen din lettare

Livet har nok aldri vore meir lettvint enn det er i 2019 – men likevel finst det fleire ting som kan gjere kvardagen lettare. Her er råda du ikkje visste du trong!

Agnethe Husebye

Agnete Husebye er kjent for «lifehacks» på sin Youtube-kanal kor ho deler fleire ulike tips og triks.

Foto: Privat

– Eg trur folk likar å teste ut ting og faktisk sjå om dei verkar. Det kan gjere kvardagslege ting litt morosame å gjere og ein kan kjenne på ein meistringskjensle når ein får det til, seier Agnete Husebye.

Husebye er kanskje betre kjent som youtubaren Agnetesh med over 117 000 abonnentar og vant i år Gullsnutten for «Årets youtubar». Ho er også kjent som dronninga bak slike råd, også kalla «lifehacks». Nyleg kom ho ut med ei bok om korleis ein «hackar seg inn i vaksenlivet.»

Korleis kjem du på alle desse triksa?

– Eg er nok litt sånn som Asbjørnsen og Moe, eg er ein samlar. Mykje har eg funne på nettet som eg føler eg har runda nå og så får eg tips frå venar og følgjarane mine, seier Husebye.

Einar Øverenget er ein norsk filosof og professor i filosofi på Høgskulen i Innlandet. Han kan grunngje kvifor slike kvardagstriks er så appellerande.

– Du kan seie at veldig mykje av det menneskeslekta har drive med er å frigjere seg frå forskjellige former for tvang. Det gjer vi ved å ta meir makt i situasjonar og få ting gjort på ein raskare måte, seier Øverenget.

Einar Øverenget, filosof

Filosofen Einar Øverenget meiner at menneska frigjer seg for forskjellige formar for tvang.

Foto: Rikardo foto

Internettet er fullt av ulike triks. Vi har saumfare det og har her samla opp nokre av dei:

1. Varme opp ein kald telefon

Om telefonen din «døyr» av kulda, så kan du redde den ved å varme den opp igjen med kroppsvarme. Bruk hendene dine eller leggje telefonen inntil magen – men ha litt tolmod før du prøver å skru den på igjen.

telefon_i_kulda

Kroppsvarme kan redde mobilen din dersom den «døyr» av kulda.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

2. Få kaffitraktaren rein utan såpesmak

Å vaske kaffitraktar og termos kan fort føre til såpesmak i kaffien seinare. Her kan Kvinneguiden komme med god råd:

  1. Fyll kanna med varmt vatn
  2. Ha i 1 spiseskei bakepulver
  3. Set lokket på og rist godt
  4. Skyl!

3. Youtubar Agnetesh sine beste klestips

– Det er så vanskeleg å seie om eg har nokre favorittar, for eg har så mange triks eg likar! seier Husebye.

Ho har to tips for å organisere klesskapet.

Ved å feste dusjringar på ein kleshengar får ein hengt opp fleire toppar på ein gong.

– I tillegg kan ein bruke den dingsen på brusboksopnaren og feste det på ein kleshengar. Deretter fester man ein ny kleshengar på den same. Da sparer ein mykje plass i skapet, seier youtubaren.

Triks av Agnethe

Ifølge Agnete har ho no fått eit meir organisert klesskap ved hjelp av desse to triksa.

Foto: Privat

4. Fjerne tyggegummi frå håret

Ei kjent problemstilling for fleire foreldre eller klumsete menneske: tyggis i håret. Sjå her for korleis du kan enkelt fjerne tyggegummien utan å måtte klippe av håret.

Korleis fjerne tyggegummi frå håret
Foto: Fabian Ubeda / NRK
Ved hjelp av cola kan ein fjerne tyggegummi fra håret.

Alexander Sandtorv er førsteamanuensis i organisk kjemi ved Universitetet i Oslo og meiner det truleg er syra i colaen som reagerer med tyggisen og gjer at den endrar eigenskapar. Den blir mindre klissete og kan hardne. Dette gjer at det blir enklare å få tyggisen ut av håret.

– Ein annan ting som og kan skje er at syra i colaen reagerer med dei naturlege oljene vi har i håret. Mindre olje gjer at håret blir tørrare og at tyggisen klistrar seg mindre, seier Sandtorv.

Alexander Harald Sandtorv

Alexander Sandtorv trur at det kan vere to årsaker til at dette trikset verkar.

Foto: Emil W. Breinstein

5. Kutte opp mango på 1-2-3

Den herlege frukta frå India, mango, blir mykje brukt i norske kjøkken, men den kan vere vanskeleg å skjære opp. Ikkje fortvil! Berre sjå på videoen under for tips:

6. Ikkje la avsendar sjå om du har lese meldinga

Ved å slå av lesebekreftinga på telefonen, kan du hindre at avsendar ser om du har opna meldinga. Gå inn på innstillingar på telefonen, deretter på meldingar og skru av lesebekreftinga. Dermed vil avsendar sjå at meldinga er sendt, men ikkje at den er lesen.

Laster Giphy-innhold

Fyller på med nye behov

Sjølv om vi blir flinkare til å få gjort ting fortare, betyr ikkje det at vi får betre tid, meiner Øverenget.

– Vi har blitt flinke til å dekke behov vi ikkje visste vi hadde. Og da skulle ein tru at vi fekk tid til å slappe av, men vi legg planar for den overskotstida vi har. Vi slappar ikkje av, men fyller på med nye behov, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark