Hopp til innhold

Vind i segla for vindkraft i Lebesby

Kommunestyret har vedtatt å gå vidare i utgreiinga av seks moglege nye vindkraftverk i kommunen. Ordføraren ventar på at NVEs avgjerd blir lagd fram måndag.

Kjøllefjord vindkraftanlegg

Kjøllefjord vindkraftverk på Nordkyn er ein av fleire kraftprosjekt i Finnmarks som NVE vurderer. Måndag blir vurderinga lagd fram.

Foto: Allan Klo / NRK

– Eg er veldig spent på måndag, seier ordførar i Lebesby kommune, Kristin Johnsen (Ap).

Da skal NVE legge fram ei oversikt over kva for nokre av dei 26 innsende kraftprosjekta i Finnmark, som skal sendast på høyring til hausten.

Berre eit fåtal av desse er mogleg å bygge på grunn av avgrensa nettkapasitet.

Tysdag sørgde partiet til ordføraren for å gå vidare med ei rekke omfattande vindkraftplanar, seks nye anlegg og utviding av eksisterande Kjøllefjord vindkraftverk. Johnsen understrekar at nye vindturbinar i kommunen på Nordkinnhalvøya er ein lang prosess unna.

– Det er veldig viktig å understreke, vi seier verken ja eller nei til nokre prosjekt på noverande tidspunkt.

Totalt har kommunen sendt inn ni søknader til NVE, i ulike kategoriar avhengig av kor langt i planlegginga ein har komme.

– Det er ikkje snakk om at vi skal ha ni nye vindkraftverk. Det er totalt uaktuelt. Er vi heldige, så får vi eitt. Er vi enda heldigare, så får vi kanskje to, seier Johnsen.

– Når du seier «er vi heldig, så får vi eitt», da tenker du i tillegg til det dykk allereie har?

– Da tenker eg på den vi har, at han blir utvida og utbygd.

Kampen er tapt

I fjor haust vann Arbeidarpartiet kommunevalet i Lebesby med 56,4 prosent, etter at partiet argumenterte for utbygging av meir vindkraft i kommunen.

Da skjønte Hanne Karin Arnrup-Øien (SV) at kampen om vindkraft eller ikkje i kommunen er tapt.

– Vi har heile tida fronta våre syn om at ein ikkje skal ha store inngrep i naturen.

Ho markerte også dette under kommunestyremøtet tysdag, ved å stemme nei til alle utgreiingar av vindkraft i kommunen. Arbeidarpartiets fleirtal gjorde at alle sakene blei vedtatte.

Hanne Karin Arnrup-Øien

Hanne Karin Arnrup-Øien (SV) markerte sin motstand av alle vindkraftplanar i kommunen ved siste kommunestyre.

Foto: Daniel Arnrup-Øien

– Vi er i mindretal, så det var inga overrasking at det gjekk gjennom.

Arnrup-Øien seier ho har fått tydeleg tilbakemeldingar frå nokre reinbeitedistrikt om kva dei meiner om utviding eller bygging av vindkraft.

– Ei oppgradering av vindparken i Kjøllefjord som er det minste inngrepet, er det vi kanskje lever best med.

Har lita tru

Hammerfest kommune har også valt å gå vidare med fleire vindkraftprosjekt. Førre veke vedtok lokalpolitikarane å seie ja til utgreiing av tre område med vindkraftpotensial.

Varaordføraren i kommunen, Jan Tore Kvalnes frå Partiet Nord, har likevel lita tru på at NVE seier ja til desse prosjekta.

Signala frå NVE er at det berre er ei handfull prosjekt av dei 26 som går vidare. Kanskje éin av seks prosjekt går vidare. At ein blir akkurat den uttrekte, er vel ikkje kjempestor sjanse for.

Jan Tore Kvalnes, varaordfører (Partiet Nord) i Hammerfest

Varaordførar i Hammerfest, Jan Tore Kvalnes, har lita tru på at prosjekta til kommunen vil nå opp.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Kommunestyret i Alta har derimot denne veka vedtatt å gi avslag til vindkraft på Stjernøya, ei av dei største øyane i landet.

Dei grunngir dette med at anlegget blir planlagt etablert i tilnærma urørt natur med stort naturmangfald.

Les også I kø for mer vindkraft i Finnmark – nesten ingen får plass

Vindkraftanlegg ved Kjøllefjord i Lebesby kommune

Flere nyheter fra Troms og Finnmark

Bertine Johnsen og Magnus Akselsen Rose på en strand i Finnmark.

Det koker i Nord-Norge: Delte badestrand med rein

Håkon Haldorsen sitter på panseret på Opelen sin rett utenfor Opel fabrikken i Frankfurt, Tyskland.

Håkons eventyr: Fra Alta til Marokko i en veteranbil

Brannhelikopter slipper vann over terreng i Brumunddal.

Setter to helikoptre i beredskap i Nord-Norge