Hopp til innhold

Ein henta av ambulanse etter lastebilvelt i Sør-Troms

Ein person treng helseoppfølging etter at ein lastebil velta i Kvæfjord i Troms.

Ein lastebil har velta i forbindelse med arbeid på ein privat eigedom i Kvæfjord i Troms.

Troms politidistrikt meldte like over klokka halv ni at naudetatane er på tur til staden.

– Ein person har behov for oppfølging frå helse. Skadeomfang er ukjent, opplyser dei på X.

Personen var aleine i lastebilen da hendinga skjedde.

Les også Front mot front-ulykke på Senja: En person sendt med luftambulanse

Senja

Jobba med steinmassar

Tre kvarter seinare opplyser operasjonsleiar Robin Åsheim Lindberg til NRK at lastebilføraren er henta av ambulanse.

– Skadeomfang er framleis uavklart, seier han.

Ulykka skal ha skjedd mens lastebilen jobba med avlasting av steinmassar. Den velta på sida, over steinmassane.

Ifølge operasjonsleiaren skal det ha oppstått ein mindre oljelekkasje frå lastebilen.

Les også Diesellekkasje ved E8 utenfor Tromsø – hyller forbipasserende

ediesellekkasje-lavangsdalen