Hopp til innhold

Kokkelærling frykter for levebrødet

Medan ei ny koronabølge skyl over Noreg, står fleire lærlingar i fare for å bli permitterte. Dei som er hardast ramma er lærlingar i restaurant – og matfag.

Kristian Wilhelmsen er lærling hos bedrifta Trasti og Trine i Alta.

Kristian Wilhelmsen fryktar meir for at bedrifta skal bli lagt ned enn lærlingtida si. Det ser heldigvis ut til å gå bra for bedrifta.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Det ljomar frå omnen på kjøkkenet der 19 år gamle Kristian Wilhelmsen har praksis. I dag er han aleine om å lage mat til to gjestar som har teke turen til lærlingbedrifta, Trasti og Trine, i Alta.

– Det kom eit permitteringsvarsel i dag og eg skal ned i stilling. Eg meiner der stod 40 eller 50 prosent, men det gjer meg eigentleg ikkje så mykje om lærlingtida blir lengre. Mi største frykt er at bedrifta ikkje skal klare seg. Det er i denne bedrifta eg vil vere.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at på det meste var 4400 lærlingar i Noreg permittert. Frå toppmånaden april, har grafen gradvis gått nedover. No er den stigande igjen.

Draumen til 19-åringen er å bli fine dining-kokk og diske opp utsøkte gourmetmåltid. Han er inne i sluttfasen som lærling og skal etter planen avlegge fagprøve til sommaren. Han er førebudd på at den kan bli utsett.

Lærling på kjøkkenet til bedrifta Trasti og Trine i Alta.

19 år gamle Kristian Wilhelmsen har som mål å bli fine dining-kokk, og skal etter planen ha fagprøve i august. Han er førebudd på at lærlingtida kan bli forlenga.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Wilhelmsen var også ein av dei som blei råka av permittering i runde ein, rett etter koronaen sitt inntog til Noreg.

– I vår var bedrifta heilt nedstengt ein periode, men opna igjen. På sommarturismen klarte vi å opparbeide ein liten buffer. Men eg merker jo godt at det blir spart der det sparast kan.

No har eit nytt usikkert moment dukka opp – ein så godt som avlyst julesesong.

Lærlingar er dei første som blir råka

– Vi har fått inn fleire meldingar frå bedrifter som må permittere lærlingar opp mot jul, seier Terje Larsen i Fagopplæringskontoret i Finnmark.

I nedgangstider må bedriftene prioritere dei fast tilsette. Då blir gjerne lærlingane dei første som ryk.

– Eg håpar det ikkje blir like mange permitterte som i første runde, seier han.

– Nokre var permittert i tre til fire månadar av den totale læretida på 24 månadar. Med ein runde nummer to, kan mange månadar med opplæring bli borte.

Terje Larsen i Fagopplæringskontoret til Finnmark.

– Ved å bidra lokalt kan ein sørge for at det framleis er bedrifter og tilbod også på andre sida av koronaen, seier Terje Larsen i Fagopplæringskontoret til Finnmark.

Foto: Bjørn Martin Lyng / Altaposten

Permittering er svært ugunstig i forhold til å få ei grundig og god opplæring. Men sjølv med permittering, er det ikkje heilt stopp.

– Heldigvis har vi fått midlar av fylkeskommunen til å drive alternativ opplæring i små grupper og kursverksemd. Men det blir jo ikkje det same som å jobbe kontinuerleg i ei bedrift, seier Larsen.

Han håpar både bedrifter og privatpersonar tenker litt kreativt til jul og bruker det som er lokalt, anten det gjeld reiselivsbedrifter, restaurantar eller hotell i si kommune.

Matrett i skei.

Ein av mange smårettar med særpreg laga av Kristian Wilhelmsen.

Foto: Rolf Jakobsen / NRK

Ser lyst på framtida

Tilbake på kjøkkenet inne i skogholt i utkanten av Alta, tar lærling Kristian Wilhelmsen maten ut frå omnen. Utanfor ular hundane som blir nytta til opplevingsturar, og på andre sida av tunet, i eit lite hus med store vindauge, sit dei to gjestane og ventar på matserveringa.

– No i vinter var det faktisk ein mann som sat to veker i karantene nede i Alta sentrum berre for å komme hit, fortel Wilhelmsen.

– Då har de nokre dedikerte gjestar.

– I alle fall han. Akkurat no er vi meir avhengige av at lokalbefolkninga brukar oss enn folk som kjem frå andre stadar. Vi slit litt der.

Wilhelmsen håper bedrifter overlever, slik at han har ein jobb å gå til også etter korona. Han satsar på at det skal ordne seg og ser lyst på framtida.

Lærling på kjøkkenet

Lærling Kristian Wilhelmsen er sikker på at draumen om å bli fine dinner-kokk skal gå i oppfylling, av og til tek det berre litt lengre tid.

Foto: Wibeke Bruland / NRK