– Me ser korleis borna utviklar seg språkleg allereie når dei byrjar å prate, og ofte også før, seier pedagogisk leiar i Bjerkaker barnehage i Tromsø, Heidi Hansen.
Ho får støtte av kollegaen, dagleg leiar Kristin Hille.
– Me ser kva lydar dei lagar, og etter kvart korleis dei uttaler ord, seier Hille.
Og forskarar stadfestar oppfatninga til fagfolka i barnehagen. Lærevanskar kan avdekkjast fleire år før barnet byrjar på skulen.
- Les også:
I prosjektet «Ut med språket» fylgde forskarane frå Bergen born frå fire vestlandsfylke frå dei var 5 til 12 år gamle.
Enkelt å avdekka
Gjennom eit enkelt spørjeskjema til femåringane sine foreldre, klarte forskarane finna fram til at 26 av dei 109 borna hadde auka risiko for å ha dysleksi.
- Les også:
Då borna var blitt 11 år gamle, hadde 11 av desse borna fått stadfesta dysleksi. I kontrollgruppa utan særleg risiko hadde to av borna dysleksi.
– Resultata viser at språkvanskar må me ta tak i tidleg, seier Helland.
Klar tendens
Men sjølv om språkvanskar kan oppdagast når borna er heilt små, får dei ofte ikkje hjelp før dei har gått fleire år på skulen.
Dobbelt så mange elevar får spesialundervisning i 5. klasse, som i 1.årsteg.
Det er det totalt motsette av kva det burde vera, meiner professoren i Bergen.
– Me kan ikkje ha born i Noreg som strevar seg igjennom dei fyrste åra på skulen utan å læra seg å lesa og skriva, når det er reiskap ein treng for vidare læring, seier ho.
- Les også:
- Les også:
Trur dei skånar borna
Helland meiner at «vente- og sjå»-haldninga er heilt feil.
– Eg har faktisk vore borti tilfelle der ein ser at barnet har lærevanskar, men ein vil skåne barnet lengst mogleg, så ein let eleven få leika med Lego i staden for å gi lese- og skriveopplæring.
– Det er ein snillisme som sjølvsagt ikkje hjelper barnet i det heile tatt.
– Trening nyttar
Slik kan born som slit med lesing bli betre
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Lesevansker» i nytt vindu
Forskarane gjorde meir enn berre fylgja borna i utdanningsløpet. Dei fekk også trening som skulle førebu dei på lesing og skriving.
– Borna fekk trena med morosame dataprogram i 20 minuttar kvar dag i to månader, det siste året i barnehagen og dei to første åra på skulen, forklarar professoren.
Resultatet etter tre år med trening var tydeleg.
– Alle borna kunne lesa og skriva, seier Turid Helland.
Borna i kontrollgruppa kunne lesa og skriva betre enn det gjennomsnittlege, medan borna i risikogruppa var heilt innanfor normalen, sjølv om dei hadde lærevanskar.
– Dette viser at trening hjelper og at alle born uansett utgangspunkt tenar på det, seier Helland.
– Med slik trening til alle vart heller ikkje dei svakare elevane stigmatiserte på grunn av vanskane sine, avsluttar professoren.
Andreas Leander Karlsen Berg forteller at hjelpemidlene han har fått fra skolen sin har hjulpet han i skolearbeidet.