Hopp til innhold

– Feminismen har blitt populær igjen

Dagens kvinnekamp skjer ikkje på folkemøte og i demonstrasjonstog. For unge jenter i dag skjer den på internett.

Jenny Jordahl

LETT PÅ NETT: Tegnaren Jenny Jordahl ser at terskelen er låg for å ytre si meining i dagens internettsamfunn.

Foto: Privat

I forkant av den internasjonale kvinnedagen 8. mars, har fleire facebook-kontoar fått pynta seg med illustrasjonar laga av teikneserieteiknaren Jenny Jordahl. Ho lagar til vanleg serien «Livet blant dyrene». No er ho aktuell med boka «F-ordet. 155 grunner til å være feminist» saman med Marta Breen og Madeleine Schultz.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Feministbanner til bruk for Facebook

PYNTAR OPP FACEBOOK: Ein av ti ulike illustrasjonar som er laga i forkant av kvinnedagen 8. mars. Jenny Jordahl har laga dei.

Foto: Jenny Jordahl

– Det er kjempegøy at så mange vil bruke illustrasjonane mine på Facebook-profilen sin. Det seier noko om at feminismen har blitt populær igjen. Folk forstår kva det handlar om, og er samde om at det er ei positiv greie.

– Du seier at "feminismen har blitt populær igjen". Har det vore upopulært?

– Nei, ikkje upopulært, men engasjementet har vore mindre. No kjenst det som ei ny bølgje, der fleire og fleire blir meir bevisste, og engasjerer seg i feministiske problemstillinger. Det er flott å få vere med på, seier Jordahl

Ny feministisk bølgje

Ho ser at det no kjem ei ny bølge med unge feministar, og trur mykje er takka vere internett.

– Internett er jo det fremste verktøyet for å spreie saker og snakke saman og meine ting i dag. På internett kan ein få fram kritikk, og ein får også ein arena til å svare på kritikken. Eg synst det verkar som at folk tar til motmæle når dei er usamde, og barrieren for å seie ifrå om sexistiske eller kvinnefiendtlege ting er brote ned, meiner Jordahl.

Ho trekk mellom anna fram at det blei ein stor diskusjon i riksmedia etter at rapgruppa Outkast spelte på Øyafestivalen i Oslo i fjor. Gruppa vart i ein kronikk i VG skulda for å ha eit svært sexistisk sceneshow, og i sosiale medium gjekk diskusjonane i forsvar både for kronikkforfattarane og for rapgruppa.

– Med internett merker ein fort at dersom ein skriv noko, så er det mange som har tenkt eller opplevd det same. Ein er ikkje aleine.. Ein får ei stor støttegruppe, og folk kastar seg fort på. Det blir eit samhald, meiner Jordahl.

Vil møte dei unge der dei er

24 år gamle Sigrid Øvereng frå Harstad snakkar fort og engasjert om eit tema ho brenn for. Til vanleg studerer ho sosialantropologi på Universitetet i Oslo, i tillegg til å vere nyheitsredaktør på nettsida Under Arbeid.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Sigrid Øvereng

BRUKER INTERNETT TIL KVINNEKAMP: Nettmagasinet Under Arbeid retter seg med unge jenter, fortel nyheitsredaktør Sigrid Øvereng.

Foto: Privat

Under Arbeid er eit feministisk tidsskrift, eit nettmagasin, som er lagd for dei unge. Her får ungdom ei innføring i dagens feminisme i samspel med likestillingshistorie frå tiår tilbake. Målet er å få til eit samspel mellom det som har skjedd før og det ein er opptatt av i dag.

– Ideen er å skape noko som er lett tilgjengeleg, og møte dei unge der dei er, fortel Øvereng.

For dagens likestillingskamp skjer ikkje lengre på folkemøte. Dagens ungdommar oppsøker ikkje bibliotek for å lære meir om feminisme. Dei trykker seg inn på internett, på sosiale medium, og bruker smarttelefonen sin til å sjekke bildedelingstenesten Instagram.

Dagens likestillingskamp og diskusjonar om kjønn skjer på internett.

– I åra som kjem vil det vere eit mindretal av folk som går inn på eit bibliotek og tar med seg eit tidsskrift. Det er lettare å klikke seg inn på ein link på Facebook, meiner den unge nyheitsredaktøren.

Derfor er det også viktig for ho at uttrykket er ungt og fresht, for å vise at feminisme kan vere stilig.

– Feminisme er jo dritgøy!

(Artikkelen held fram under bildet.)

Skjermdump Under Arbeid

NETTMAGASIN: Skjermdump frå Under Arbeid.

Foto: Skjermdump, Under Arbeid

– Eg var ikkje aleine om desse tankane

Harstadværingen har jobba i Under Arbeid sidan i fjor sommar. Sigrid hadde i mange år visst at ho var opptatt av spørsmål om likestilling, og vaks opp i eit ungdomsmiljø med mange engasjerte venninner. Gjennom venninner i Oslo fekk ho innpass i redaksjonen til nettmagasinet, og syntest fort det var bra å halde på med.

– Dette var ein bra måte å uttrykke eigne tankar på, byrjar ho:

– Og så merka eg jo fort at eg fekk respons, og da kjente eg at eg ikkje var aleine om å tenke på den måten. Det var veldig godt å kjenne det slik, seier ho ettertenksamt.

Nettstaden har i dag rundt 6000 unike lesarar i månaden og nærmare 3000 "likerklikk" på Facebook.

Her kan ein lese seg opp på nyheiter om menskoppen, populærkultur og nye bøker om feminisme, eller ein kan trykke seg inn og lese om vekas heltinne.

Alt pakka inn blant morosame bilde og ein heil dose humor – og ikkje minst, få spor av damer som tar seg sjølv særleg høgtideleg, utan at det går på kostnad av dei alvorlege temaa som vert tatt opp.

Startar opp diskusjonsgruppe

I Oslo sitt nok ei harstadjente og held på med feministisk nybrotsarbeid i sosiale medium. Linn Riktor Johansen (25) har starta opp diskusjonsgruppa "Snakkis" på Facebook.

Linn Riktor Johansen

STARTAR DISKUSJONSFORUM: Linn Riktor Johansen har starta diskusjonsforumet 'Snakkis' på Facebook.

Foto: Privat

Ho kallar det ei feministisk gruppe som rommar alle former for feminisme. Kvar veke skal det vere ein gjestepostar som får konsentrere seg om eitt tema han, ho eller hen bryr seg om.

– Alle kan gjesteposte, så lenge dei har personleg erfaring eller profesjonell innsikt i temaet dei vel. Temaet må også kunne diskuterast innanfor eit feministisk perspektiv, fortel ho.

Gjestepostaren får ei veke på seg og tar opp eit nytt samtaletema kvar dag. Alle er velkomne til å kommentere og diskutere temaet som vert tatt opp. Linn hadde ikkje sett noko slikt på Facebook tidlegare, og hadde sakna å ha eit slikt forum å diskutere i.

– Eg tenkte det kunne bli interessant, og interessa har vore mykje større enn eg kunne sjå for meg på førehand.

Instagram som inspirasjon

Ho trur at internett er ein ypparleg måte å orientere seg om feministiske tema.

– Det viktigaste sosiale medium har gjort for mine feministiske standpunkt er å gje meg innblikk i tankemåtar og situasjonar eg hadde hatt problem med å sjå for meg, seier Linn og understrekar:

– For å bli ein god aktivist må ein lese seg opp, og på Internett finst det alltid nokon som sprenger grenser. Informasjon skaper engasjement, og det motiverer til aktivisme.

Inspirasjonen for å starte opp eit gjesteposter-forum, fekk Linn frå Instagram og den svenske brukarkontoen Kvinnohat. Brukaren har meir enn 46.000 følgjarar, og også her er det kvar veke ein gjestepostar som skriv om ulike tema. Postane skapar ofte mykje diskusjon, der alt ifrå lønn, seksualitet, vald i nære relasjonar og psykisk helse vert diskutert ut ifrå eit kjønnsperspektiv.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Skjermdump frå Kvinnohat

PSYKISK HELSE: På instagrambrukaren Kvinnohat kan ulike gjestepostarar legge ut bilde og kommentarar om ulike tema sett frå eit kvinneperspektiv.

Foto: Skjermdump, Instagram

Seksualisering og kroppspress

Dei tre damene er samde i at internett er ein ny og bra måte å drive kvinne- og likestillingskamp på.

Men kva slags tema er det unge damer bryr seg om i dag? Kva er feminisme i dag?

Sjølv om dei tre ikkje vil pårope seg å kunne snakke for alle damer der ute, ser dei nokre ting som går igjen.

– Folk bryr seg om det som skjer der dei er. Unge folk på vidaregåande skule bryr seg mykje om seksualisering og kroppspress, seier Jordahl.

Nyheitsredaktør Øvereng er samd:

– Det er viktig å utfordre idear om kropp og skjønnheit. Vi skriv ein del om prestasjonspresset unge damer opplever, som kravet om å vere "flink pike". Men vi ser også at norske jenter ikkje berre er opptatt av sine eigne liv, men også av undertrykkinga som skjer ute i verda.

Er det kult å vere feminist i 2015?

– Det er beinkult. Det er det beste i verda!, seier Øvereng bestemt.

  • SJÅ VIDEO:
    Kan. dokumentar. Kva legg vi i ordet feminist i dag? Germaine Greer, Susan Faludi, Naomi Wolf og ei rekke andre markerer den internasjonale kvinnedagen. I dag fyller kvinnene opp meir enn halvparten av plassane på universiteta i Nord-Amerika. Halve arbeidsstyrken er kvinner. Så kva kan grunnen vere til at kvinnene framleis står på barrikadane? Har dei ikkje fått nok? (The F Word: Who Wants to Be a Feminist)