– For meg har det vore viktig å snakke mot hat og for kjærleiken. For det berar oss mykje lenger i livet enn hat, seier Roald Linaker.
Roald og Inger Linaker frå Bardu hadde to born på Utøya, dottera Hanne overlevde terroren, men sonen Gunnar kom aldri heim att.
I dag har familien, som mange år før, opna heimen sin for AUFere for å kunne minnast det som har skjedd og for å kunne sjå framover saman.
– For åtte år sida var det svart på denne dagen, men nå er det litt lysere. Ikkje minst fordi vi får besøk av unge AUF'ere for å minne om at det er mogleg å reise seg opp igjen etter å ha lege nede, seier Linaker.
Ikkje la hat sigre
Brage Sollund er ein av dei som overlevde på Utøya og er glad for å kunne komme heim til Linaker.
–Det er veldig godt at de opnar heimen sin og gjør det til ein fin samling på ein slik tung dag, seier han.
Sollund meiner denne dagen er viktig påminning for å kjempe for våre verdiar.
– Eg kjem aldri til å gi opp dei demokratiske verdia, det humanistiske og nestekjærleiken, som eigentleg er dei norske verdiane da, seier han.
En som også har vore på markeringa i Bardu i dag er Viljar Hanssen frå Longyearbyen. Han syns det er godt å møtes og markere dagen saman.
I dag la han ut ein Instagrampost for å minne seg sjølv om å ikkje la redsel få sigre.
– Bodskapet er vel at uansett kva ein har vore igjennom så finst det alltid ein positiv side som ein kan halda i, og ikkje la hat eller redsel få sigre, seier Hanssen.
Hærverk på minnesmerket
Måndag morgon var det sprayet et hakekorts på 22. juli-minnesmerket i Tønsberg. Politiet opplyser måndag kveld at to personar i 20-åra er arrestert.
– Eg trur på Stoltenberg sine ord i dag og etter 22. juli at vi skal møte dette med meir demokrati, meir openheit og meir kjærleik, seier han.
Også Hanssen tenker dette er nok eit eksempel på at ein er nøydde til å minnast om kvifor det som skjedde skjedde.
– Dette er nok eit eksempel på det vi allereie vet, det var ikkje ein tilfeldig handling og derfor må vi må fortsette å kjempe for solidariteten, forståelsen og for fellesskapet, seier Hanssen.