Hopp til innhold

Faren fekk hoftebrot og kaldbrann etter sjukeheimsopphald – fryktar amputasjon

Faren til Eva Lyngvær vart lagd inn på sjukeheimen i Vadsø i fjorten dagar. No kan han miste foten etter det dottera meiner er omsorgssvikt.

Eva Lyngvær og hennes far Jan Magnar Lyngvær på Vadsø sykehjem

Eva Lyngvær skuldar Vadsø sjukeheim for omsorgssvikt og likegyldigheit.

Foto: Bård Wormdal / NRK

– Foten bør nok amputerast etter kvart. Eg forstår det slik at foten er heilt død. Det er ikkje puls.

Det seier Eva Lyngvær. Far hennar, Jan Magnar Lyngvær, vart korttidsinnlagd på Vadsø sjukeheim. Der vart alt mykje verre. Han fekk hoftebrot og kaldbrann i eine foten.

Vi åtvarar mot sterke bilete i saka.

Heile rista og hælen er utan blodomløp. Faren på 85 år har demens, men har budd heime lenge på grunn av hjelp av familien. Ho skuldar no sjukeheimen for omsorgssvikt og likegyldigheit.

– Det er nokon som er ansvarleg for at sånt skjer. Pappa skulle vere der i fjorten dagar og han burde vorte følgt opp. Då eg leverte han var det som å levere ein pose klede.

Vadsø Helsesenter

Det er på Vadsø sjukeheim faren til Eva Lyngvær har vore. Ho meiner dei har svikta far hennar grovt.

Foto: NRK

Ifølgje henne var det ingen som visste noko om faren, kva han trong og kva dei måtte passe på.

– Eg klagar, og masar og masar. Eg har stilt så mange spørsmål, men eg har ikkje vorte høyrt, seier Lyngvær.

Les også Pårørende mener mann døde av sult på sykehjem – nå har Statsforvalteren åpna tilsynssak

Klæbu helse- og velferdssenter

– Skremmande

I lokalmiljøet har dette skapt store reaksjonar. Elna Andersen, tidlegare leiar i Vadsø eldreråd, seier mange no er engstelege.

Jam Magnar Lyngvær har fått kraftige liggesår. Datteren mener sykehjemmet ikke har fulgt opp faren godt nok-

Foten til far til Eva Lyngvær må truleg amputerast etter opphaldet på sjukeheimen.

Foto: Eva Lyngvær

– Det er rett og slett skremmande. Eg har snakka med fleire eldre og vi gruer oss til den dagen om vi må der. Eg har hatt ein mann som har vore der. Eg unner alle kritikkar mot dei.

Andersen trekkjer fram mangel på sjukeheimsplassar som ein av tinga.

Foten til Jan Magnar Lyngvær har fått Nekrose, kan ikke leges.

Foten til Jan Magnar Lyngvær har fått kaldbrann. Her er hælen.

Foto: Eva Lyngvær

– Mannen min vart plassert på same rom som demente. Han ringde på natta og fortalde at ingen kom når han ringde. Eg tok han med heim og hadde han så lenge eg klarte, seier ho.

Etter kvart sa Andersen ifrå at han ikkje skulle opp dit om han ikkje fekk einerom når det nærma seg slutten.

Les også Familien mener Alf Ingar tørstet i hjel: – Hvor mange feil kan ordføreren akseptere?

Alf Ingar Selven (67)

Fagleg forsvarleg

Fiona Sahl, kommunalsjef for helse, rehabilitering og omsorg i Vadsø kommune, seier at ho ikkje kommenterer enkeltsaker på grunn av personvern.

– Vi driftar fagleg forsvarleg på alle tenester. Det vil sei at vi har fagleg og kompetent bemanning.

Kommunalsjef Fiona Sahl i Vadsø kommune

Fiona Sahl, kommunalsjef for helse, rehabilitering og omsorg i Vadsø kommune, seier dei driftar fagleg forsvarleg ved sjukeheimen.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Ho seier at dei, som andre kommunar, og slit med å få tilstrekkeleg mengd fagfolk. Dei prøver å hente inn vikarar ved sykefravær og svangerskapspermisjonar.

Etter ein tertiærrapport i haust har kommunedirektøren i Vadsø sett i verk økonomiske tiltak.

– Det er innkjøpsstopp, unngå bruk av vikarar og overtid.

Sahl avviser at dette har gått utover pasientane.

– Vi har framleis ein fagleg forsvarleg drift. Det vil alltid vere enkeltvakter ein ikkje får dekt, avsluttar ho.

Makta ikkje

Målfrid Ovanger, leder i Demensforeningen, er også sjokkert over behandlinga 85-åringen har fått.

– Når eg får tilbakemelding frå pårørande, så er det veldig mange som har eit godt og positivt inntrykk av eldreomsorga i Vadsø. Men at det finst feil og ting kan kvalitetssikrast, det kan det heilt sikkert.

Mette Elisabeth Eriksen i pasientombodet i Troms og Finnmark merker at mange pårørande er uroa for sine eldre.

Mette Elisabeth Eriksen, Pasient- og brukerombud i Finnmark.

Mette Elisabeth Eriksen, pasientombod i Troms og Finnmark.

Foto: Mette Elisabeth Eriksen

– Det faglege nivået er veldig viktig for å gi pleie og omsorg av god kvalitet. Ikkje minst omsorga ein har for pårørande. Dei har det også vanskeleg i slike situasjonar.

Etter at Lyngvær har gått ut med opplevingane sine i sosiale medium og aviser, så har det komme førespurnader.

– Eg har fått mange telefonar og meldingar frå pårørande som takkar meg for at eg tek denne saka. Dei går med kjempedårleg samvit og ei sorg for at dei ikkje gjorde det for sine. Dei torde ikkje og makta ikkje.

Les også Jan ble funnet i en blodpøl på sykehjemmet

Jan ligger på sofa

Flere nyheter fra Troms og Finnmark