Hopp til innhold

Kimek får dispensasjon til å gjere russiske fartøy sjøklare

Skipsverftet Kimek i Kirkenes får halde fram med arbeidet på to russiske fiskefartøy som ligg ved verftet.

I eit brev til Kimek skriv Utanriksdepartementet at verftet får dispensasjon "til å yte fagleg bistand som er strengt naudsynt for sjøsetting og uttransportering av dei nemnde fartøya."

Departementet meiner dette ikkje vil vere i strid med sanksjonsreglane overfor Russland.

Samtidig understrekar departementet at dispensasjonen i dette tilfellet ikkje inneber ei godkjenning av dei aktivitetane som er gjennomført.

– De kan ikkje rekna med ytterlegare dispensasjonar, skriv departementet i brevet til Kimek.

– Vi bad om to ting, og ingen av dei har vi fått innfridd, seier Greger Mannsverk, dagleg leiar i hjørnesteinsbedrifta Kimek.

Han seier at dei har bede om ein lønnskompensasjon, men dette har dei ikkje fått svar på.

Det andre dei har teke opp er dispensasjonen til å ferdigstille dei to russiske fiskefartøya som ligg inne ved verftet, men svaret dei fekk opplevast utydeleg.

– Det første vi gjorde då vi fekk svaret frå UD, var å sende det til ein advokat, for det var ikkje mogleg å forstå kva dei meinte. Så når statsministeren sa at UD vil gi Kimek gode og tydelege svar i løpet av dagen, då trur eg han har snakka med betre kunnskap.

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.
Foto: Gunnar Sætra / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark