Hopp til innhold

Denne kommunen kjem til å vekse mest i Troms

Karlsøy kommune kan få størst befolkningsvekst i Troms dei neste 25 åra. Lavangen ligg an til størst nedgang.

Hansnes

Hansnes er kommunesenter i Karlsøy kommune. ARKIVFOTO

Foto: Jan Riise Pedersen / NRK

Statistisk sentralbyrå (SSB) la onsdag fram statistikk over korleis dei forventar at befolkninga vil endre seg fram til 2050.

I Troms er Karlsøy kommune den kommunen som har mest å glede seg over.

Dei blir spådd ein vekst på 13,6 prosent. I 2050 vil kommunen i Nord-Troms ifølge statistikken vere 2541 innbyggarar, vel 300 fleire enn i dag.

– Det er kjempegode nyheiter. Vi er spesielt glade for å sjå at det er ei så stor auke blant dei i alderen 18 til 66 år, altså dei yrkesaktive er.

Det seier ordførar Mona Benjaminsen.

Det som gjer ordføraren ekstra glad, er at dei også toppar lista over kven som vil få størst auke blant den yngste innbyggarane.

– Noko av årsakene til det kan vere tiltaka som vi som ein kommune i Nord-Troms har. Blant anna gratis barnehage, seier Benjaminsen.

Ho peiker også på ein annan årsak til at det blir fleire ungar.

– Vi har rekruttert godt og har stor innflytting av unge vaksne. Unge vaksen har ein tendens til å finne kvarandre, og få barn.

4AE27972C1304B32BF25C0C3B9BD8571

Ordførar i Karlsøy kommune, Mona Benjaminsen.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Får flest unge vaksne

Forsvarskommunen Bardu kan også vente seg ein solid innbyggarauke i åra framover.

SSB meiner kommunen vil få ein vekst på 11,6 prosent. Midt-Troms-kommune med i underkant av 4000 innbyggarar kan vente seg 500 fleire innbyggarar dei kommande 25 åra.

Les også Sei di meining: Kvifor bremsar veksten i folketalet i Noreg?

Fertilitet

Ordførar Toralf Heimdal (Sp) trur årsaka har samanheng med satsinga på Forsvaret.

– Veksten er positiv. Den er i tråd med planane for Forsvaret, kor vi ser at det blir ei betydeleg auke i antal tilsette i Setermoen leir. Vi ser at ein auke i folketalet vil komme til oss ganske raskt.

Toralf Heimdal

Bardu-ordførar Toralf Heimdal.

Foto: Linda Pedersen

Bardu er den kommunen som vil få størst vekst blant vaksne mellom 18 og 49 år.

Det er venta ei vekst på 10,6 prosent. Kvæfjord, Karlsøy og Målselv følgjer etter. Dei andre kommunane i Troms vil få ein nedgang i same aldersgruppa.

Tysdag kom Utanriks- og forsvarskomiteen til einigheit om ny langtidsplan for Forsvaret. Alle partia på Stortinget er einige om å bruke 1635 milliardar kroner på forsvar de neste 12 årene.

Setermoen leir

Også nabokommunane i sør håper fleire forsvarstilsette flytter til Midt-Troms.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Det vil gi ein kraftig vekst for Hæren i Indre Troms. Ordføraren i Bardu vil gjere sitt for at fleire tilsette skal busette seg ved leiren.

– Aktiviteten til Forsvaret vil få ringverknader for andre delar av samfunnet. På kort sikt har Forsvaret fått i oppdrag å bygge opp Setermoen leir for 10 milliardar. Vi må få dei busett i kommunen, for å kunne utvikle samfunnet i takt med Forsvaret. Det er vi klare for i Bardu, seier Heimdal.

Les også Opprustinga av Forsvaret kan gi byggeboom i Troms

Storegga Entreprenør på Bardufoss, Eivind Olsen

Lavangen fortset nedgangen

I nabokommunen Lavangen er gleda ikkje like stor.

Lavangen er Troms-kommunen kor det er venta størst nedgang i folketalet. SSB sine tal viser ein nedgang på 13,7 prosent. Kommunen er vil også få færrast barn og unge vaksne.

Hege Beate Rollmoen ordfører i Lavangen

Ordførar i Lavangen, Hege Rollmoen.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Eg er ikkje overraska, men eg hadde ikkje trudd at talet skulle bli så stort. Lavangen er den minste kommunen i Troms, og vi ser nedgang i mange av dei små kommunane, seier ordførar Hege Rollmoen (Ap).

Ho trur det skal vere mogleg å bremse folkeflukta – mellom anna på grunn av auken i Forsvaret.

– Det skal Lavangen også vere ein del av. Målselv og Bardu vil ikkje aleine klare å svelge unna det store løftet. Det er ikkje alle som ønsker å bu på innlandet, nokon ønsker å bu ved havet, seier ho.

Lavangen

Tennevoll i Lavangen.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Lavangen er blitt ein omstillingskommune. Rollmoen fortel at dei har fleire prosjekt på gang for å skape fleire næringar og bli meir attraktiv å bu og flytte til.

– Det skjer spennande ting i Lavangen, så eg legg meg ikkje ned og klagar på grunn av befolkningstala. Eg opplever at vi har ein positiv trend i Lavangen.