Hopp til innhold

Kan ta omkamp om heile Karasjok – men har ikkje bestemt seg

Sjølv om dei tapte i Høgsterett, har innbyggarane i Karasjok framleis høve til å krevje styring over heile kommunen. Men nøkkelpersonane vil ikkje seie om dei tar ein omkamp.

Karasjok

OMSTRIDD: Innbyggarane i Karasjok fekk nei frå Høgsterett – men berre på spørsmål om dei var dei rette eigarane av utmarka. Dei kan framleis krevje å forvalte området.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Da Høgsterett sa nei til lokal eigarskap, var det mange som var skuffa i Karasjok.

Samerettsaktivist Thoralf Henriksen var blant dei som såg eit lyspunkt: Det var framleis mogleg for enkelte bygdelag å krevje eigedomsretten til nærområda sine.

Men dei færraste har fått med seg at det ligg enda ei moglegheit etter dommen: Innbyggarane har nå høve til å krevje full styring av den utmarka dei ikkje fekk eige.

Men om dei vel å gjere det er ikkje avklart.

Nøkkelpersonane i Karasjok vil ikkje seie noko ennå om kva dei tenker.

Les også Høyesterett: Befolkningen i Karasjok får ikke eie grunnen i kommunen alene

Fylkesordfører Hans-Jacob Bønå, FeFos styreleder Geir Thrane og direktør Tom Mikalsen kom til Høyesterett for å følge opplesingen av dommen i Karasjok-saken.

Kan krevje forvaltningsrett

Omkampen er mogleg fordi Høgsterett ikkje nøgde seg med å seie nei til eigedomsrett. Dei oppheva også dommen som Utmarksdomstolen avsa i den same saka.

Formålet med å oppheve han var nettopp å sikre at folk i Karasjok kunne halde fast ved mindre omfattande krav – det vil seie krav som ikkje var aktuelle viss dei fekk eige heile kommunen saman.

«Behandlingen av disse kravene bør etter min mening fortsette i Utmarksdomstolen», skreiv førstvoterande, dommar Ingvald Falch.

Førre runde hadde innbyggarane i Karasjok eit såkalla subsidiært krav: Viss dei ikkje fekk eigedomsrett, ville dei i alle fall ha retten til å forvalte området.

På juridisk fagspråk: «Ein særleg kollektiv bruksrett, med eksklusiv forvaltningsrett.»

Les også Tapte i Høyesterett: – Spiker i kista for samiske rettigheter

Ragnhild Nystad

Vil finstudere dommen

Det er opp til Karasjok kommune, Karasjok sameforening og dei andre som stod bak kravet om dei vil halde fast ved det.

Rune Fjellheim er koordinator for denne gruppa. Han vil verken stadfeste eller avvise noko som helst før dei har studert dei 50 sidene i dommen meir inngåande. Han er klar på at alle moglegheiter vil bli vurderte, men vil ikkje konkludere nå.

Det vil heller ikkje Karasjok-ordførar Svein Atle Somby.

Sametingspresident Silje Karine Muotka vil ikkje meine noko om saka på dette stadiet. Ho meiner lokalbefolkninga først må få ro til å ta stilling til kva dei vil gjere vidare.

Karasjoks ordfører Svein Atle Somby og stortingsrepresentant Irene Ojala fotografert i Høyesterett.

Karasjok-ordførar Svein Atle Somby vil foreløpig ikkje kommentere om det kan bli aktuelt å krevje rett til å forvalte utmarka. I Høgsterett følgde han saka saman med Irene Ojala, stortingsrepresentant for Pasientfokus.

Foto: Knut-Sverre Horn / nrk

Opnar for prinsippet

Karasjok vil ikkje bli dei første dersom dei krev å forvalte eit område. Eit bygdelag i Nesseby kravde det same, men Høgsterett gav dei ikkje medhald.

Dommen frå 2018 set likevel ikkje bom for ei slik løysing.

«Jeg kan ikke se at det er noe prinsipielt i veien for at en bruksrett også kan omfatte en rett til forvaltning av bestemte naturressurser», skreiv førstevoterande dommar Espen Bergh (som elles skreiv dissensen i Karasjok-saka). Dommen var einstemmig.

Sametingsrepresentant Toril Bakken Kåven frå Nordkalottfolket har vore ein høglydt kritikar av kravet til Karasjok. Men ho aksepterer at enkelte bygdelag i kommunen held fast ved dei opphavlege krava sine om å eige nærområda etter dommen i Høgsterett fredag.

Ho har derimot ingen sans for eit krav om felles forvaltning – dersom det skulle komme.

– Alle vi samar har saman fått rettane våre via FeFo. Karasjok i og for seg meiner eg ikkje har eit krav i så måte, seier Kåven.

– Det er ikkje berre dei (innbyggarane) som har brukt området, det har vi brukt i fellesskap – mange.

Les også Splittet om Karasjok-saken: – Dette er samer mot samer

Toril Bakken Kåven fotografert i Høyesterett