Slakteriet til Nortura i Karasjok er det einaste slakteriet for husdyr i Finnmark.
Slik reglane er no er Nortura er pliktig til å ta imot all slakt her i landet, sjølv om anlegga går med underskot, som det gjer i Finnmark og Troms.
Det kan det bli ei endring på.
Regjeringa vil no lage ein stortingsmelding der målet er meir konkurranse og mindre reguleringar i jordbruket.
Noregs Bondelag fryktar at føreslådde endringar for slakteria vil føre til nedlagde gardsbruk, både i Finnmark og andre stadar i landet.
– Dersom mottaksplikta forsvinn, betyr det at bønder langt frå mottaksanlegg kjem i ein veldig sårbar situasjon, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.
– Det er jo alltid avgjerande for ein bonde å vere sikker på å få selt varene sine. og her vil vi kunne få betydeleg større uvisse, både i Nord-Norge, på Vestlandet og i dei mindre sentral strøka, seier Skorge.
Kan få reiseveg på 17 timar
For Markus Heiberg, gardbrukar i Tana, vil nedlegginga av slakteriet i Karasjok, bety at kyrne hans får ei reisetid på sytten timar til næraste slakteri. Grensa for tillaten transporttid er i dag åtte timar.
– Det blir jo ei uvisse. Dette er eit familiebruk, så vi har satsa mykje på framtida, seier Heiberg.
Kor langt det kan bli aktuelt å frakte slaktedyr og kva slakterianlegg som kan bli nedlagt, vil ikkje Nortura seie noko om i dag. Norges Bondelag meiner uansett at konsekvensane av meir marknadsstyring vil bli store.
– Dette er ein sektor som uansett er i endring, seier Erling Hjelmeng, leiar for marknadsbalanseutvalet, oppnemnt av regjeringa.
Han trur dei største utfordringane for jordbruksnæringa ligg i den komande WTO-avtalen om frihandel.
Det einaste slakteriet i Finnmark kan bli lagt ned etter politisk ønske om eit meir marknadsstyrt jordbruk. Noregs Bondelag fryktar at føreslådde endringar for slakteria vil føre til nedlagde gardsbruk, både i Finnmark og andre stadar i landet.