Kan gi mindre fly på kortbanenettet

Anbudet for dei regionale rutene i Sør-Norge kom i går, og der er det ingen krav til størrelse på flyene. Det kan bety 19-setersfly i Nord-Norge.

Widerøe Dash 8-103 GARDERMOEN

Widerøe Dash 8, som no er i bruk på kortbanenettet i Nord-Norge.

Foto: Kyrre Lien / NTB SCANPIX

– Eg trudde vi gjekk framover i tid, men dette kjennes som eit steg tilbake.

Det seier Inga Manndal (SV), ordførar i Gamvik kommune.

I går la samferdelsdepartementet ut anbudet for dei regionale rutene i Sør-Norge, og der er det ingen krav til storleiken på flya.

Manndal er redd for at det kan gi mindre, og dårligare fly. Ho har ikkje fått lest anbodsdokumenta enda, men syns det høres underleg ut.

Ho hugsar korleis det var å fly i Finnmark før dei større Dash 8-flya kom i bruk.

– Det var ikkje særlig komfortabelt, seier ho.

Inga Manndal

Inga Manndal (SV), ordførar i Manndal, saknar ikkje dei mindre flya på kortbanettet.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Meir om vinteren, mindre på sommaren

Frank Bakke-Jensen, stortingsrepresentant for Finnmark Høyre, og tidligare stasjonssjef for Wideroe i Båtsfjord, trur ikkje dei nye anbodskrava vil få konsekvensar for kortbanenettet i Finnmark. Han trur det kan gi meir fleksibilitet til selskapa.

– Det gir selskapet moglegheit til å fly mer på høsten og vinteren, og mindre på sommeren då ein veit det er mindre trafikk, trur Bakke-Jensen.

Er du redd for at det blir færre seter per flyvning med mindre fly?

– Nei, då vil det bli fleire fly. Anbudet stiller krav til talet på seter som skal leverast i løpet av eit år.

– Men det seier ikkje noko om det daglege talet på seter.

– Nei, men det er ikkje sånn at ein flyr 1800 seter siste veka i året for å oppfylle kontrakten, seier Bakke-Jensen.

Frank Bakke Jensen

Stortingsrepresentant for Finnmark Høyre, Frank Bakke-Jensen er ikkje bekymra for flytilbodet i nord.

Foto: Høyre

Fryktar ikkje for komforten

– Det som er viktig er kva slags flymaskin det stilles krav til, seier Bakke-Jensen.

Han seier at kravet til at flyet må ha trykkabin vil sikre at ruta vil ha eit fly av ein viss kvalitet.

– Kravet til trykkabin gjer at ein uansett må ha eit fly av ein viss storleik, seier han.