Ei dryg veke før sola kjem tilbake til Sør-Varanger 16. januar, fanga pappa Svenn-Yngvar Pedersen sonen sitt snøstup på film. Filmen er tatt på familiehytta i Pasvik i Sør-Varanger kommune i Finnmark, med eit fantastisk vinterlys som bakteppe.
Sola snart tilbake
Allereie tysdag kan Kautokeino gle seg over sola sin tilbakekomst. Ifølge yr.no sin mørketidskalender kjem sola over horisonten på Alta sine breiddegrader 17. januar, før Vardø, Hammerfest, Berlevåg og Nordkapp står for tur. Det kan likevel ta nokre dagar før sola er synleg. Fjell og kupert terreng gjer at sola enkelte stadar blir hindra ei lita stund til.
Send oss dine bilete
Vi i NRK Finnmark vil gjerne ha dine bilete av fargane som er på himmelen på denne tida av året, og ikkje minst - av sola returnerer.
I tillegg til å merke instagram-bilete med #nrkfinnmark, kan du dele bileta dine med oss ved å sende dei til finnmark@nrk.no.