Hopp til innhold

Forskarane veit no korfor havisen på Svalbard smeltar fortast

Ny forskning viser at havisen nord for Svalbard smeltar fortare enn andre stader.

Forskningstokt på Svalbard

FORSKNINGSTOKT: Forskarar i arbeid på Svalbard.

Foto: Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Arild Sundfjord, havforskar ved Norsk Polarinstitutt, er ein av forfattarane bak ein ny artikkel som er publisert i det internasjonale fagtidsskriftet Nature Geoscience. I artikkelen forklarar dei korfor havisen nord for Svalbard smeltar raskare enn andre stader.

Arild Sundfjord

FORSKAR: Havforskar Arild Sundfjord ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Norsk Polarinstitutt

– Varmt vatn som kjem frå Atlanterhavet bidrar til å smelte isen i Polhavet. Forskinga vi har gjort no, er det første komplette bildet av korleis blandinga av det djupe atlantiske havet kan kome opp til isen og overflata, fortel Sundfjord.

Tidevatn frå sør smeltar is i nord

Dei siste åra har havforskarane vore opptatt av korleis vinden bidrar til å smelte havisen, men det som er nytt i forskinga til Sundfjord og hans medarbeidarar, er at tidevatnet speler ei stor rolle i å forstå endringane som skjer.

– Tidevatnet er ganske påliteleg, og det er lett å forutseie korleis det vil vere i framtida, forklarar han.

– Og Svalbard peiker seg ut som eit område med sterk tidevatnsstraum, slik at varmen frå atlanterhavsstraumane ganske enkelt kjem opp til overflata og smeltar isen. Og etter kvart vil denne varmen nedanifrå hindre is i å fryse i det heile tatt.

Innfrysningstokt

INNFRYSNINGSTOKTET: Her er det pågående forskningstoktet i Polhavet, N-ICE2015, er i full gang med å studere havisen på Svalbard.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Store avttrykk i nord

Smeltinga har samanheng med global oppvarming, som mellom anna har ført til at temperaturen i Atlanterhavet har auka dei siste åra.

– Smeltinga av havisen på Svalbard heng saman med global oppvarming generelt. Viss ein er einig med FN sitt klimapanel om at det skjer ei global oppvarming, så må ein ta innover seg at den vil setje store avtrykk i nord, seier Sundfjord.

– Dei funna vi har gjort no, gjer at vi betre kan forstå fordelinga av desse avtrykka. Vi kan forstå kor dei vil kome og korleis endringane vil skje. Desse funna vil gje eit forståeleg inntrykk av korleis global oppvarming påverkar havisen.

Kva kan denne forskinga nyttast til?

– Vi held på med ein rapport med innspel til klima- og miljødepartementet, der vi kan gje råd om korleis dei skal regulere ferdselen rundt Svalbard. Jo meir presis kunnskap vi har om kor havisen vil liggje i framtida, jo lettare er det for myndigheitene å regulere ferdsel.