Hopp til innhold

Kåret til årets maritime kommune: – Fått ein sentral posisjon

Rolla til kommunen i det nye sikkerheitspolitiske bildet blir trekt frami grunngivinga frå juryen.

D

VINNAR: Harstad kommune er kåra til årets maritime kommune 2024. F.v.: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap), ordførar Kari-Anne Opsal (Ap) og kommunedirektør Børge Toft.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Harstad kommune er kåra til årets maritime kommune av Maritimt Forum og Kystens Næringsliv.

Det blei klart under ei prisutdeling på den tremasta fullriggaren Christian Radich under Arendalsveka tysdag kveld.

Det tette samarbeidet mellom kommune og næring har vore sentralt i utviklinga det maritime miljøet til kommunen, og har etablert kommunen som eit av dei sterkaste maritime miljøa i landet, sa fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss da ho las grunngivinga frå juryen, ifølge ei pressemelding frå Maritimt Forum.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss i Vardø

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Avgjerda om å gi prisen til Harstad kommune er tatt på bakgrunn av stemmer som har komme inn på Kystens Næringslivs nettside. Totalt kom det inn over 3000 stemmer.

I tillegg har ein fagjury gjort si vurdering av kandidatane.

Administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Knut Arild Hareide, skryter av samarbeidsviljen til kommunen med næringslivet, deira omstillingsevne og engasjement for å satse på det maritime miljøet.

Kommunen har fått ein sentral posisjon innan dei to viktigaste politikkområda akkurat nå, som er sikkerheit og beredskap, og dessutan grøn omstilling, seier han i pressemeldinga.

Knut Arild Hareide, sjøfartsdirektør

GODE ORD: Knut Arild Hareide seier kommunen har fått ein sentral posisjon innanfor fleire område.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

I grunngivinga frå juryen blir det nye sikkerheitspolitiske bildet trekt også fram, blant anna verftsmiljøet til kommunen.

Politikarane i kommunen gav Norconsult AS tidlegare i år løyve til oppstart av planarbeidet for ei detaljregulering av ein ny tørrdokkhall i Harstad. Hallen vil, dersom den blir ein realitet, bli om lag 40 meter høg, 160 meter lang og 37 meter brei. Tørrdokkhallen har vore ønskt i ei årrekke, dette for å kunne vere meir attraktiv for oppdrag frå Forsvaret.

– Med eit viktig verftsmiljø, som er svært strategisk lokalisert i eit norsk tryggleiks- og beredskapsperspektiv, speler Harstad ei viktig rolle også for å halda oppe norsk forsvarsevne på sjøen. Noko som berre vil bli viktigare i åra som kjem, seier Sivertsen Næss i ei pressemelding frå departementet.

Prisen blei for første gong delt ut i 2023. Den gongen gjekk prisen til Horten kommune.

I alt åtte kommunar vart stemt fram til finalen: Bergen, Haugesund, Frøya, Drammen, Averøy, Harstad, Lindesnes og Stavanger.

Les også Vil at politikerne skal smøre sin egen matpakke

Hannah Parschat