Hopp til innhold

Har venta på gruvesvar i fire år

Miljødirektoratet håpar på snarleg avklaring om gruvedrift i Kvalsund, men kan ikkje love svar før jul som lova.

Adm. dir. i Nussir, Øystein Rushfeldt.

Øystein Rushfeldt og Nussir har venta på svar i fire år frå Miljødirektoratet som handsamer søknaden om utsleppsløyve.

Foto: Allan Klo

Tonen var lett då gruvenæring, miljømyndigheiter og forskningsmiljø var samla i Kirkenes i går.

Men bak vitsen om at gruvedrift i Kvalsund kommune i Finnmark i dag berre sysselset byråkratar og forskarar, er situasjonen alvorleg for Nussir og Øystein Rushfeldt.

I over fire år har selskapet venta på svar frå Miljødirektoratet om søknaden om utsleppsløyve vert godkjent eller ikkje.

Nussir ber om å få lov til å dumpe gruveavfall i Repparfjorden, såkalla sjødeponi.

Dette er svært kontroversielt i eit område der Noreg også må ta hensyn til reindrift og fiske.

Riehpevuotne

Kommunen i Kvalsund har allerede sagt ja til gruvedrift i kommunen.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Investorane har forsvunne

Rushfeldt fortel at fleire investorar har rømt frå prosjektet:

– No har Miljødirektoratet hatt saka i rundt fire år og to veker.

– Tel du dagane?

– Nei, men eg merka meg at vi passerte fire år her på kalenderen min. Vi er i ferd med å kome i hamn, seier direktoratet. Det ser vi fram til.

– Korleis har den lange sakshandsamingstida påverka arbeidet med å trekke investorar?

– Det har vore ekstremt utfordrande. Men det største problemet er at ein har signalisert at vi skulle få ei avklaring, og så har vi ikkje fått det. Då står vi ille til overfor investorsamfunnet med tanke på jva med skal sei til dei. Vi mister tillit.

– Veit du kor lang tid det tar før du får svar?

– Dei har sagt før jul. Eg håpar det betyr jula i år, seier Rushfeldt.

Vil ikkje love svar innan jul

Harald Sørby, seksjonssjef Klif

Harald Sørby i Miljødirektoratet.

Foto: Klif

For tre veker sidan lova nettopp Miljødirektoratet eit svar før jul. Seksjonsleiar Harald Sørby vil i dag ikkje vere like konkret.

– Saka er til handsaming, det har den vore lenge. Men vi jobbar med den med å bli raskt ferdig.

– Kvifor tar dette så lang tid?

– Det er ein kompleks sak med mange interesser. Derfor må vi vere grundige.

– Kjem det eit svar før jul?

– Vi håpar det.

Meiner gruve er god investering

Rushfeldt er tydeleg på at ja til gruvedrift i Kvalsund vil vere ei god investering for samfunnet.

– For Kvalsund kommune er det snakk om å overleve. Dei har eit behov for utvikling og vekst. Som selskap har vi sjanse til å bli eit nordnorsk industrikonsern. For samfunnet i nord håpar vi dette kan demonstrere at ein kan skape gruver på ein god måte i moderne tid i Nord-Noreg, seier Rushfeldt og legg til:

– Eit nei til sjødeponi betyr at prosjektet er dødt.

Uansett om det blir ja eller nei til gruvedeponi i Repparfjorden – Miljødirektoratet er klar på at det vil bli bråk:

– Vi greier ikkje å gjere alle til lags. Men kven som kjem til å bråke i etterkant, det skal ikkj eg spå, sier Harald Sørby.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark