Hopp til innhold

Gut (1) moderat skadd etter fall frå vindauge

Den eitt år gamle guten som fall ut frå eit vindauge i Tromsø laurdag ettermiddag, er meir skadd enn først antatt.

Universitetssykehuset Nord-Norge Tromsø

Den eitt år gamle guten som blei frakta til Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø, er moderat skadd, opplyser UNN søndag ettermiddag.

Foto: NRK

Litt før klokka 14 laurdag ettermiddag fekk naudetatane i Tromsø melding om ei fallulykke i eit bustadfelt på Tromsøya. Ein gut på eitt år hadde da falt ut eit vindauge i fjerde etasje, og falt 10–12 meter ned, før han landa på ein plen.

Da guten blei frakta til sjukehus, blei det slått fast at han hadde kome frå ulykka med lettare skader.

Det viser seg no, eitt døgn seinare, at han er moderat skadd.

– Da vi snakka med legane i går ettermiddag, etter mottaket av pasienten, såg det ut som at han hadde fått lettare skadar. No har det gått eitt døgn, og det viser seg at han har pådratt seg moderate skadar, seier kommunikasjonsrådgjevar ved UNN, Jan Fredrik Frantzen.

Når det er små ungar som er skadd, er det viktig å følgje med på utviklinga av helsetilstanden deira, legg Frantzen til:

– Spesielt hos små barn kan det vere viktig å sjå an skadane over tid, til dømes over eitt døgn. Dette er for å avdekke kor stort skadeomfanget verkeleg er.

– Kor lenge må guten vere på sjukehus?

– Det er vanskeleg å seie. Han får behandling og oppfølging til han er klar til å bli skrevet ut, eller for vidare oppfølging hos primærhelsetenesta, seier Frantzen til NRK søndag ettermiddag.

Politiet sa til NRK laurdag at dei ser på dette som ei ulykke, og at dei har oppretta ei undersøkingssak.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark