Hopp til innhold

Gir fiskarane i Måsøy krabbetilgang

Samrøystes gjekk Stortinget inn for å gi fiskarane i Måsøy kommune full tilgjenge til fisket etter kongekrabbe.

Havøysund, Måsøy kommune

FÅR FISKE KONGEKRABBE: Havøysund, kommunesenteret i Måsøy kommune, der fiskarar får ta del i kongekrabbefisket frå 2017.

Foto: Allan Klo

Frå og med kvoteåret 2017 kan fiskarar frå Måsøy kommune fiske etter kongekrabbe på lik linje med fiskarar frå Nordkapp og Porsanger.

Stortinget røysta tysdag over forslag frå stortingsrepresentantane Frank Bakke-Jensen (H) og Oscar J. Grimstad (Frp), som ville innebere at fiskarane i Vest-Finnmark ville kunne fiske kongekrabbe i Øst-Finnmark.

Forslaget om at fiskarar frå heile Finnmark kan delta i krabbefisket gjekk ikkje gjennom, medan tilrådinga frå næringskomiteen på Stortinget, om å gi Måsøy-fiskarane tilgang, blei samrøystes vedtatt.

Det same blei tilrådinga om å undersøke konsekvensane av ei endring i aktivitetskravet til fiskarane, og ei eventuell vidare utviding av tilgjenget til krabbefisket.

Vil ha konsekvensanalyse

Det var i september i fjor at statssekretær i Fiskeridepartementet Ronny Berg (Frp) sa at òg båtane i Vest-Finnmark skulle ha tilgang til krabbefisket, noko blant anna Norges kystfiskarlag var kritisk til.

Frå Stortingets talarstol kom det kritikk frå fleire hald.

– Forslaget ville vore eit grunnleggande brot med eit av hovudprinsippa i forvaltninga, nemleg at den som ber den største byrda òg skal få den største vinsten, sa Kirsti Bergstø (SV) om å sleppe til alle fiskarane i Finnmark.

Byrda frå krabben, som er ei invaderande art i Norge, kjem blant anna i form av øydelagde garn og dårlegare forhold for fiske.

Bergstø viste til at krabbefisket fortrenger ordinært fiske, og ikkje berre grunna krabben i seg sjølv, men òg krabbeteiner.

Arbeidarpartiet har tidlegare kritisert regjeringspartia for mangel på konsekvensanalyse av forslaget. Kritikken blei gjentatt i Stortinget tysdag, og ei slik analyse blei og tilrådd frå næringskomiteen – ei tilråding som blei vedtatt:

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med ei sak i samband med konsekvensar av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding av tilgjenget til kongekrabbefiske».

Nøgd med fokus på aktivitetskrav

Frank Bakke-Jensen (H), som var med å fremje forslaget, er nøgd med at ein no skal sjå på konsekvensane av ei vidare utviding, og at ein skal sjå på aktivitetskravet for krabbefiskarane.

Frank Bakke-Jensen

Frank Bakke-Jensen (H)

Foto: Marte Lindi, NRK

– Det som har vore viktig for oss er at ein får inn forståinga for at dersom ein skal gjere noko med kongekrabbeforvaltninga, så er ein nøydd til å gjere noko med aktivitetskravet, seier Bakke-Jensen.

For å kvalifisere for deltakartilgang i kongekrabbefisket, må ein no vere aktiv i anna fiskeri. Grensa for omsetning frå anna fiskeri er no på 100 000 kroner. Dette vart gjort for å sikre at det i større grad var aktive fiskarar som skulle ta del i kongekrabbefisket.

– Vi har fått synleggjort at dette er verdiskaping som skal gå til aktive fiskarar på finnmarkskysten, og det var bakgrunnen for forslaget, seier Bakke-Jensen.