Hopp til innhold

Gamlis-Magnus elskar interiør med sjel

Han bur som ei stilsikker bestemor, og 26-åringen har stor kjærleik for broderi, klokkestrenger, og møblar frå fleire tiår tilbake.

Han finn brukt-skattar på nett, på loftet hos slektningar, og på bruktbutikken, og leiter gjerne etter inspirasjon i gamle interiørmagasin.

Eit besøk i heimen til interiør-entusiasten og gamlisungdommen Magnus, er som ei reise attende i tid.

Han likte å rota på loftet til besteforeldra som barn, og har teke med seg fasinasjonen for gamle ting inn i vaksen alder – og inn i leilegheita i Lakselv.

Gamaldags stove

Stova er lys, fargerik og gjennomført. Her er ingen detaljar for små.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Trivst best mellom 1950 og 1970

– Det er ganske mange som reagerer med eit "WOW" når dei kjem inn hit, seier Gjøvik Martinsen, og opnar døra til ei sirleg innreia stove.

– Folk blir ofte litt sett ut når dei kjem inn hit. Trur kanskje dei har gått bakover i tid.

Og det har dei eigentleg òg. 26-åringen trivst best mellom 1950 og 1970, og med unntak av eit moderne fjernsyn, er det aller meste som kan vitna om 2017 gøymt vekk.

Gamal telefon

Ein gamal telefon frå 1942.

Foto: Ine Eftestøl

– Når tinga ikkje er nye, så får dei på ein måte meir sjel. Dei har meir historie, synsar Gjøvik Martinsen, og fortset omvisinga.

– Her har me noko som er ganske spesielt. Dette er ein telefon frå 1942. Den kan faktisk ha teke nokre viktige samtaler frå Finnmark under krigen. Det er litt spanande å tenka på.

Stadig fleire på bruktjakt

– Magnus er ein kunde som veit kva han vil ha, og som stadig er på jakt etter godbitar, seier Alf Emil Paulsen i den lokale bruktbutikken, og finn fram ein gamal kommode og ei samling farga glas for å visa stamkunden sin.

Alf Emil Paulsen

Alf Emil Paulsen i den lokale bruktbutikken får stadig fleire ungge kundar som leiter etter gamle skattar.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Og sjølv om Magnus er meir ekstrem enn dei fleste, så meiner Paulsen at han ser ei klar trend blant yngre kundar, i retning meir bruktkjøp.

– Det å dra inn gamle ting i elles nytt interiør er faktisk ganske moderne. Og eg ser nå at det kjem stadig fleire unge folk som kjem hit for å kjøpe ting som gjer heimen deira spesiell.

Nostalgi ikkje einaste motivasjon

– Du får kjøpt mykje bra design til ein billig penge. Møblar som har kosta mykje meir enn det mange kjøper nytt i dag, kan du få til same pris, seier Gjøvik Martinsen.

Magnus Gjøvik Martinsen gamlis

Det gamle radioapparatet fungerer like godt i dag.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Om «godbitane» han får tak i er slitne, øydelagde eller feil farge, så fiksar han det ofte sjølv. Eit nytt stoltrekk, litt pussing, måling, eller snikring er alt som skal til forsikrar han, men meiner litt innsats er verdt jobben. For trivsel i heimen er viktig.

– Det skal vera lunt, hyggeleg, og koseleg. Nesten som å vera på besøk hos bestemor. Det er mange som beskriv det slik etter å ha vore her. Men det er berre artig!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark