Hopp til innhold

Dyrebeskyttelsen reagerer sterkt på fuglepiggar: – Torturinstrument

Dyrebeskyttelsen Tromsø reagerer sterkt på at fuglepiggar blir sette opp for å hindre at krykkja bygger reir. Også måkeforskar har observert skadde og døde måker på grunn av piggane.

Måkepigger

Tromsø har lenge vore plaga med måkeproblem.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

– Eg forstår ikkje korleis nokon kan setje opp torturinstrument, seier Therese Simonsen Rye, styreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Tromsø.

Ho reagerer sterkt på at stadig fleire har sett opp fuglepiggar på bygg for å hindre krykkjene i å hekke, eller å komme seg til hekkeplassen sin.

Måkepigger

Slik ser fuglepiggar ut. Dei skal forhindra at krykkja og andre fuglar lagar reir.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Krykkja er ein raudlista fugl i måkefamilien.

I Tromsø har måkene omtrent teke over nokre av fasadane i sentrum. Her renn avføring nedover veggane og brusteinen under er kvitmåla av måkebæsj.

For å hindre krykkja i å etablere seg på fasadane i byen, har Tromsø kommune mellom anna oppretta måkehotell.

Les også Her plages de så mye av måser at det nå bygges eget «hotell» for dem

Måkehotell

Trass måkehotella, er fuglen framleis eit problem for mange.

Då kan fuglepiggar vere eit alternativ.

Desse piggane kan likevel også føre til alvorleg skade på krykkja. I verste fall kan fuglen bli spidda eller drepen av piggane.

Det har Dyrebeskyttelsen i Tromsø fått fleire meldingar om.

Les også Raser mot måkehåndtering – mener byen ser ut som et fuglefjell

Fugler i Tromsø

Tilrår ikkje

Trass fuglepiggane, prøver nemleg krykkja framleis å dra tilbake til den gamle hekkeplassen.

Nokre gonger klarer fuglen også å bygge reir.

Det fortel forskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA), Tone Kristin Reiertsen.

Krykkja er veldig trufast til hekkeplassane sin. Dei lever lenge og bruker same reirplass år etter år, seier Reiertsen.

Tone Kristine Reiertsen

Forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Tone Kristin Reiertsen tilrår ikkje å bruke fuglepiggar for å halde krykkja unna bygg.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Vi har observert fuglar som har stukke venger, bein og kroppen sin på piggane. Vi har også sett døde krykkjer.

Reinertsen fortel at det er lovleg å setje opp piggane så lenge ein gjer det utanom hekkeperioden.

Forskarmiljøet tilrår likevel ikkje å bruke fuglepiggar.

Ho meiner at ein heller bør bruke trygge, men effektive tiltak.

Vi har sett at enkelte bruker glatte skråbord. Det gjer også at krykkja ikkje kjem til, eller klarer å feste seg, utan å skada seg, seier Reiertsen.

Les også Her plages de så mye av måser at det nå bygges eget «hotell» for dem

Måkehotell

Ville hindre reirbygging

Ein av stadene ein finn fuglepiggar er på fylkeshuset til Troms og Finnmark fylkeskommune i Tromsø.

Drift- og eigedomssjef i Troms og Finnmark fylkeskommune, Stine Larsen Loso, seier at måkene er ei stor utfordring for både dei tilsette og for bygningsmassen.

Årsaka er støy, avføring og lukt frå krykkjene.

Drift- og eigendomssjef, Stine Larsen Loso, i Troms og Finnmark fylkeskommune.

Drift- og eigedomssjef, Stine Larsen Loso, i Troms og Finnmark fylkeskommune fortel at dei sette opp fuglepiggane for å hindra krykkja i å lage reir.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Vi har sett opp fuglepiggar fordi vi trudde at det skulle hindra krykkja i å bygge reir på fylkeshuset, seier Loso.

Ho understrekar at fuglepiggane blei sette opp i forkant av hekkeperioden.

Kva tenkjer du om at måker kan bli skadde og døy på grunn av fuglepiggane?

– Eg tenker at det ikkje er bra, det er ikkje ein ønska situasjon. Det er ein problematikk som er kommen opp no som vi ikkje var klar over da vi sette opp piggane. Vi må ta ei ny vurdering av det.

Les også Mener media fyrer opp under måkehat – ekspert mener det er innafor

Jenny Rolness er dyreverner og leder organisasjonen Dyrenes Rett. Hun frykter at negativ medieoppmerksomhet bidrar til mer hat mot måker.