– Det er eit to motors småfly som har punktert under takeoff. Flyet klarte å halde seg på rullebanen.
Det seier Talsperson i Luftforsvaret, Stian Roen. Det er militæret som driftar all flytrafikk på Bardufoss. Men flyet som fekk problem var eit sivilt fly frå flyselskapet Norce.
Rullebanen blei stengd i 30 minutt, mens flyet blei fjerna.
– Det var ingen dramatikk. Alt gjekk greitt med både fly og mannskap, seier Roen.
Bardufoss lufthamn ligg i Målselv kommune i Indre Troms, og er ein kombinert sivil- og militær flyplass.
Lufthamna er eigd av Avinor, og blir driven i eit samarbeid av Forsvaret. Den er samlokalisert med forsvarets Bardufoss flystasjon som bruker same rullebane.
Norwegian er det einaste sivile flyselskapet som har ruter til og frå Bardufoss lufthamn.