Hopp til innhold

Øyvind blei TikTok-hit med krabbe og fisk

Fiskar Øyvind Hesjevik meiner sjølv at han har ein fantastisk jobb, og vil inspirera fleire unge til å prøva seg på sjøen. Det har gjort han til ein viral-hit, med over 40 millionar visningar på TikTok.

Sjå den som er der oppe og sym. Det er ein pengekrabbe!

Øyvind Hesjevik heng over rekka på båten sin, peiker og myser mot vasskorpa.

Med GoPro-kamera på hovudet filmar han arbeidsdagen sin, og legg det ut på TikTok.

I skrivande stund har videoane hans over 40 millionar visningar og 103.000 følgarar.

Øyvind Hesjevik

Med GoPro på hovudet filmar han innhald til TikTok.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Målet er å rekruttera til det han meiner er eit yrke som har alt. Pengar, fridom og fysisk arbeid, tett på vakker natur.

Eit dollarglis kjem til syne samstundes med teina. Kongekrabbe er Ferrarien av fangst, og på ein god tur kan han tene fleire hundre tusen kroner. Han er spent på dagen.

Les også Flere unge velger fiskeryrket: – Prisene på krabbe er hårreisende høye

Ikkje for alle

Vi håper på det beste, men er førebudd på at det blir drit, flirer han.

Heilt drit blir dagen uansett ikkje. Porsangerfjorden i Finnmark glitrar stille og høfleg, kaffien er varm, himmelen blå, og på anlegget dunkar ein eller anna favoritt-rappar.

I tillegg har han med seg 16 år gamle Tord Hesjevik som har sommarjobb på båten, og er både god hjelp og godt selskap.

Tord Hesjevik

Tord Hesjevik har vore med og fiska sidan han var liten, og synst det er kjekt, men vil ikkje ha det som jobb. – Det hadde blitt for mykje kaos, eg treng nok heller ein kontorjobb, seier han.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Tord trur grunnen til viral-suksessen er at mange likar å sjå det han kallar skikkeleg jobbing på sosiale medium.

– Eg trur folk er interessert i litt annleis ting. Det blir noko nytt, og me har ikkje hatt så mykje slikt på nett. Du får sjå faktisk jobb. Og fiskar er eit veldig interessant yrke.

Vil inspirere unge

– Dei kommentarane eg set mest pris på er frå folk som seier at dei ikkje brydde seg om fiskeri før, men etter å ha sett videoane har fått ei stor interesse for det, og har lyst å bli fiskarar når dei blir store, seier Øyvind.

Kommentarane kjem frå unge heilt ned i 12-års alderen, men også godt vaksne. Målet hans er å forklare jobben så enkelt at landkrabbar heilt utan erfaring kan forstå og henge med.

På profilen sin Bubbapump poster han snuttar frå arbeidsdagen sin.

– Spesielt i dag der masse jobbar er stillesitjande, er det mange som har lyst til å ha ein fysisk jobb, seier han.

Stadig fleire unge satsar på fiskaryrket, noko Hesjevik synst er heilt strålande. Det at du ikkje treng å gå på skule i årevis for å tene godt og ha ein spanande karriere er mykje av grunnen, trur han.

Øyvind Hesjevik

Øyvind Hesjevik meiner fiskar er eit fantastisk yrke.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Ein bransje med ny status

Slike som Øyvind er gull verdt for rekruttering, meiner redaktør i Fiskeribladet, Øystein Haga. Han har jobba i bladet i 20 år og følgt endringane i bransjen, media og sosiale medium tett.

Øystein Hage, redaktør i Fiskeribladet.

Redaktør i Fiskeribladet, Øystein Haga, er veldig glad for at fiskeri har fått ny status.

Foto: Lena Knutli

Eg trur at den omtalen bransjen får i sosiale medium er heilt avgjerande, då den gruppa unge som følger dette kanskje ikkje får med seg like mykje frå tradisjonelle medium. Det er viktig med rollemodellar på andre område, og eg trur det er likt med fiskeri og havbruk.

Han meiner heile næringa har fått løfta omdømet sitt, og at det som lenge var ein forgubba bransje har fått ny status, særleg blant unge.

– Om du spurde folk for nokre år sidan kva dei dreiv med, så svarte dei fiskar og mumla det lågt. Men nå held dei hovudet høgare og fortel omverda kor flott dette er.

Samstundes er han rask med å legge til at framstilling i medium ikkje alltid stemmer heilt overeins med verkelegheita, og at det ikkje er for alle.

Det er tøft, og det er vanskeleg å kome seg inn i denne bransjen. Sjølv om du i utgangspunktet tener gode pengar så er det veldig dyrt å kjøpe kvotar og båt, seier Haga.

Han legg til:

Og det er få næringar der det er så mange ulukker og såpass høge dødstal som på havet, så du skal vere bevisst på dei vala du tek, seier han.

Lønnsemd lokkar, trur Fiskeridirektoratet

Det er spanande at det er såpass mange unge som har lyst å gå inn i fiskeria, seier Liv Holmefjord, fagdirektør ved statistikkavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Liv Holmefjord, Fiskeridirektoratet

Liv Holmefjord i Fiskeridirektoratet trur særleg lønnsemd lokkar unge til havs.

Foto: Privat

Sjølv om talet fiskarar har gått ned, har andelen unge gått opp.

Det me har sett dei siste ti åra er at talet på dei med fiske som hovudyrke har stabilisert seg på 9000–9500.

Talet på unge blant desse har vist ei aukande trend, seier Holmefjord.

I dag er det vel 2000 av dei 9500 som er under 30 år. Dette var i 2021. Går me nokre år tilbake var denne andelen mindre, så dette er positivt, seier ho.

Ho trur også positiv omtale har bidrege til den nye trenden.

– Det er nok fleire faktorar som speler inn, men ikkje minst dette med lønnsemd.

Søkartal til fiske og fangst på vidaregåande skule har auka jamt dei siste åra.

Småkrabbar og kasinostemning

– Berre smått! Masse arbeid og ingen krabbe å behalde! Skuffande!

Jubel og vonbrot bit kvarandre i halen. Energien på dekk er høg, og Øyvind har utestemme.

For kvar teine dei dreg er det litt kasinostemning.

– Ah! Denne var betre! Færre krabbar men fleire store! Ja!

Øyvind Hesjevik

Hesjevik fiskar både kongekrabbe, reker og fisk.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Teiner er tømde og sett ut igjen, og berre kremdotten på dagen står att:

– Å setje kurs heimover etter ein god dags arbeid er det aller beste med denne jobben, seier Øyvind, og lener seg tilbake i førarsetet.

Fisketuren er over, og skal snart delast på TikTok.

Trass mykje småkrabbar enda dagen med 290 kilo krabbe til 117.000 kroner, og ein veldig nøgd fiskar.

Les også Kristoffer har over 20 millionar følgjarar på TikTok i Kina

Kristoffer Bringslid, Molde TikTok-stjerne

Ferske og utålmodige Jarand får en tøff start på årets Lofotfiske. Geir er veteran og har erfart at man må ha is i magen for å fange kjempefangsten.

Ferske og utålmodige Jarand får en tøff start på årets Lofotfiske. Geir er veteran og har erfart at man må ha is i magen for å fange kjempefangsten.