Hopp til innhold

Ingar får halde fram som fiskar, direktoratet skal gå gjennom reglane for mobilisering

Fiskarar som stiller opp for landet skal sleppe å risikere levebrødet. Fiskeridirektoratet lover å gå gjennom reglane som gjeld for mobilisering og andre samfunnsoppdrag.

VANN FRAM: Ingar Haukenes får halde fram som fiskar og meiner vedtaket er ein siger.
– Det slår fast at Fiskeridirektoratet sine reglar ikkje står over andre reglar i samfunnet. Det bør dei ta inn over seg, seier han.

VANN FRAM: Ingar Haukenes får halde fram som fiskar og meiner vedtaket er ein siger. – Det slår fast at Fiskeridirektoratet sine reglar ikkje står over andre reglar i samfunnet. Det bør dei ta inn over seg, seier han.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Ingar Haukenes i Porsanger mister ikkje plassen i fiskarmanntalet.

I fjor haust fekk Haukenes melding frå Fiskeridirektoratet om at han skulle strykast frå fiskarmanntalet frå og med 1. januar i år. Han hadde tent for mykje frå andre yrke enn fiske. Maksgrensa er på 400.000 kroner.

Inntektene som sprengde dette taket kom i all hovudsak frå heimevernsteneste. Haukenes er kaptein i Heimevernet.

Under koronapandemien blei HV-soldatar beordra til å hjelpe politiet med å halde vakt på grenseovergangane mot Finland og Sverige.

I 2021 måtte Haukenes til pers. I fire månader var han med og vakte dei to grenseovergangane som er i Tanadalen, mellom Noreg og Finland. Inntektene frå dette oppdraget gjorde at han sprengde taket for kor mykje fiskarar kan tene frå annan verksemd enn fiskeria.

Fiskebåt i Smørfjord, Ingar Haukenes

Ingar Haukenes er fiskar på sjarken Helga P.

Foto: Piera Balto / NRK

Får medhald

Haukenes anka saka før jul i fjor. I første omgang fekk han melding om at han ville miste plassen i fiskarmanntalet ved årsskiftet, sjølv om klagen ikkje var ferdigbehandla av Fiskeridirektoratet. Det blei endra, og Haukenes fekk halde fram som fiskar medan klagesakseininga handsama saka hans.

No er resultatet klart. Han får halde fram som fiskar. I tillegg skal Fiskeridirektoratet sjå på regelverket som gjeld i samband med mobilisering eller annan samfunnsteneste.

– Det ville vere feil at den som blir beordra til slik teneste skal miste både båten og retten til å vere aktiv fiskar, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen til NRK.

I grunngjevinga for å gjere om vedtaket, skriv klagesakseininga mellom anna at «Haukenes ble i 2021 innkalt til ekstraordinær teneste under trussel om straff, og hadde såleis intet annet reelt handlingsalternativ enn å påta seg det pålagde oppdraget som innkallingen innebar.»

Frank Bakke-Jensen

Frank Bakke-Jensen er i dag fiskeridirektør.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Haukenes hadde fått i oppdrag å bidra under det som var ein ekstraordinær situasjon for Noreg, og det var ikkje noko han kunne sjå føre seg då han planla verksemda si for driftsåret 2021.

Derfor meiner klagesakseininga at det vil vere «svært urimelig at Haukenes slettes fra fiskermanntallets blad B grunnet lønn/vederlag fra Forsvaret under denne perioden, som i realiteten innebærer at Haukenes fratas sitt levebrød som fisker og tvinges til å selge sitt fiskefartøy.»

Ein siger

Ingar Haukenes har heile tida vist til Forsvarsloven og vernepliktsforskrifta. Reglane der seier at inntekter frå pliktteneste ikkje skal reknast som vanleg lønn – og heller ikkje kan brukast som grunngjeving for å fjerne han frå fiskarmanntalet.

Han ser på det nye vedtaket som ein siger.

– Det slår fast at Fiskeridirektoratet sine reglar ikkje står over andre reglar i samfunnet, og det bør dei ta inn over seg, seier Haukenes.

Gjeld fleire yrkesgrupper

No skal Fiskeridirektoratet gå gjennom regelverket på nytt. Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen seier det er viktig at alle som står i fiskarmanntalet er aktiver fiskarar, men:

– Vi må nyansere det i nokre tilfelle, og dette er eit slikt.

Bakke-Jensen seier det også kan komme til å gjelde andre grupper enn heimevernssoldatar.

– Det kan gjelde dei som gjer teneste for Sivilforsvaret, held han fram og tar fram eit hypotetisk døme:

– Under pandemien oppfordra vi helsepersonell som hadde skifta yrke om å ta eit tak i helsestellet. Dersom ein lege har blitt aktiv fiskar – og i ein krisesituasjon må gjere ein innsats i helsestellet av omsyn til fellesskapet – må han kunne få gå tilbake til fiskebåten om han har sprengt inntektstaket.

Ingar Haukenes står i fare for å bli strøket fra fiskermanntallet ved nyttår.

Ingar Haukenes får halde fram som fiskar.

Foto: Gunnar Sætra

Unntak for politikarar

Fiskeridirektøren var i mange år aktiv politikar og har bak seg karriere som både stortingspolitikar og statsråd.

– Om det ikkje var for at eg blir sjøsjuk, hadde eg kanskje blitt fiskar. Som politikar kunne eg ha sete på Stortinget og i regjeringa og samtidig stå på blad B i fiskarmanntalet, seier Bakke-Jensen.

Han meiner mobiliseringa i samband med pandemien viser at det er naudsynt med ein gjennomgang av regelverket.

Blir tatt på alvor

Ingar Haukenes er glad for at saka hans også kan få følger for fleire.

– Vi har fått eit vedtak frå Fiskeridirektoratet som viser at man må ta oss fiskarar på alvor. Eg håper at desse nye haldningane frå fiskeridirektøren silder nedover i resten av organisasjonen, og at saksbehandlarane er seriøse overfor oss som lever av dette.

Fiskeridirektøren seier det er nødvendig å ta med fleire på råd når dei skal gå gjennom regelverket.

– Vi må gå saman med andre departement for rydde opp, slik at vi ikkje blir sittande med lovverk som kolliderer, avsluttar Bakke-Jensen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark