Sjukepleiaren Edel Marlèn Taraldsen kjende seg litt makteslaus og ville gjerne gjere noko. Kollegaen hennar, Kurt Eriksen, hadde drege til fronten for å hjelpe til.
– For meg ville det ikkje vere aktuelt å dra til fronten sjølv, og då ønskte eg å finne ut ein måte eg kunne bidra på. Då byrja vi å samle inn utstyr.
Ho kjende på at livet bestod av «overflatiske» ting og at ein klaga over bagatellar.
– Når vi ser korleis kvardagen blir rive frå kvarandre og at liva til menneske i Ukraina vert øydelagd, så gjer det noko med ein. Eg blir veldig bevegd av det.
Sjukepleiaren Edel Marlèn Taraldsen ville ikkje dra til fronten i Ukraina sjølv, men ville bidra på andre måtar.
Foto: Allan Klo / NRKDet starta smått med fem pakker munnbind som var gått ut på dato.
– Vi sender medisinsk teknisk utstyr, monitorar, respiratorar, kuvøser og masse anna. Det er alle fagfelt innanfor sjukepleie og helse.
Fantastisk
Krigen i Ukraina begynte med at Russland i 2014 annekterte Krim-halvøya. Han eskalerte i februar 2022 då Russland invaderte dei ukrainske områda Luhansk og Donetsk.
Fleire sjukehus her i landet har etter dette bidrege til hjelpemannskap som er nede i fronten i Ukraina.
Sjukehuset i Telemark har mellom anna donert ti ultralydapparat, medan helse Midt-Noreg har sendt fire ambulansar nedover til krigen.
Onsdag førre veke sette traileren med medisinsk utstyr kurs mot Ukraina.
Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRKI Finnmark ønskte også helsepersonell å gjere noko.
Både ved sjukehuset i Hammerfest og Kirkenes har det vorte jobba mange timar utanom arbeidstid for å få alt på plass.
– Alle avdelingar har bidratt til å samle utstyret i boksar, seier Edel Marlèn Taraldsen.
Fann ein utgått utstyr så skulle det i boksen.
– Det er ein veldig fin gjeng med på laget frå sjukehuset som alle har hjelpt til i dugnaden. Utan alle dei hadde ikkje dette gått. For ein dugnad og for eit lokalmiljø! Det er heilt fantastisk å sjå alle som er så engasjerte.
Jørgen Nilsen i Finnmarkssykehuset er stolt og audmjuk over jobben som er gjort.
Foto: Jan Harald Tomassen / NRKTaraldsen seier arbeidsgivaren hennar har vore positiv frå fyrste stund.
– Det kom som eit initiativ frå dei tilsette til oss og det har vi følgt opp. Vi har fått med heile Finnmarkssykehuset på å samle inn utstyr til nokon som er meir trengande enn det vi er, seier klinikkleiar Jørgen Nilsen ved Hammerfest sjukehus.
– Rørande
Klinikkleiaren ved sjukehuset i Hammerfest ser at utstyret kan vere nyttig for Ukraina.
– Når vi har overskotsutstyr så har vi moglegheita til å sende det vidare. Eg er utruleg stolt og audmjuk over den jobben og innsatsen som er gjort i heile Finnmarkssykehuset.
Han reknar dette som ein del av Finnmarkssykehuset sitt samfunnsansvar.
Lastebilen med tolv fulle pallar har byrja reisa sørover.
– Det var rørande då dei lukka dørene på containeren. Då gjekk det opp for meg kva som eigentleg heldt på å skje. Eg veit at folk i Ukraina vil få god nytte av utstyret vi har sendt, seier Taraldsen.
Kjærkomme
– Vi ser framleis givarglede og engasjement. Det vi har sett er at dei som ønskjer å gi, og som vel å reise til Ukraina, gjer ein god jobb med å undersøkje kva som trengst. Ikkje minst at det dei gir blir teke i bruk, seier Morten Tønnessen-Krokan i Raude Kross.
Han seier at dei ikkje har sett innsamling av klede på ei god stund og forklarar det er naturleg no som det er varmt i vêret.
Morten Tønnessen-Krokan i Raude Krossen fortel at dei framleis ser engasjement. – Barn sel vaflar og vaksne gir klede, seier han.
Foto: Røde KorsTønnessen-Krokan trekk fram at helsepersonell og medisinsk utstyr, som til dømes forbruksmateriell, trengst. Sjukehus og klinikkar har fått skadar og har vorte svekte.
Han seier det er kjærkomme at det kjem utstyr.
– Viss ein dreg heilt aust i Ukraina så er det veldig ille. Der er veldig få som klarer å få fram hjelp, og menneske som har akutt behov for nødhjelp. Langs frontlinja, der det også går føre seg kamphandlingar, er det mange som treng akutthjelp.
Flyktninghjelpa ser dei same tendensane som Raude Krossen.
Tiril Skarstein i Flyktninghjelpa seier at dei ser same tendensar som hos Raude Krossen.
Foto: Flyktninghjelpen– Vi er glade for å sjå engasjementet. Vi håpar at vi kan sjå det same engasjementet for andre krisar, seier Tiril Skarstein, prosjektleiar for neglisjerte krisar i Flyktninghjelpa.
Ho håpar at ein kan lære av det engasjementet dei ser i samband med Ukraina. Og at ein kan få til same givargleda til krisar ein snakkar mindre om.
– Vi har sett eit uvanleg stort engasjement og raustleik frå den norske befolkninga. Det er veldig gledeleg, seier Skarstein.