Hopp til innhold

Finnmarking tiltalt for krabbe-kriminalitet

Ein mann i 20-åra skal ha seld kongekrabbe for nært 100.000 kroner – fiska med stolne teiner, utan lovleg kvote. Inga unik sak, ifølge Fiskeridirektoratet, som ber om tips for å få kloa i fleire skalldyrskurkar.

Kongekrabber

Kongekrabben er kostbar fangst, og ulovleg fiske er ein prioritet for Fiskeridirektoratet ifølge seksjonsleiar på ressurskontrollseksjonen region Nord, Hilde Jenssen.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Mannen frå Vest-Finnmark skal ifølge tiltalen ha knabba til saman 32 krabbeteiner frå tre forskjellige bruk i tidsrommet mai til september i fjor. Han er nå tiltalt i Hammerfest tingrett for det som blir beskrive som grovt tjuveri av påtalemyndigheitene.

Ifølge Hilde Jenssen, leiar for ressurskontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet region nord, var det dei som tok tak i saka etter tips utanfrå. Men saka er langt ifrå unik.

Avhengige av gode tips

– Me får stadig opplysningar og tips om at det går føre seg eit visst ulovleg fiske etter kongekrabbe. Noko av dette klarer me å oppdaga sjølv gjennom det me har av kontrollverksemd, men veldig ofte vil me vera avhengige av å få gode tips, seier seksjonsleiaren.

Hilde Jenssen er seksjonsleder for ressurskontrollseksjonen i Fiskeridirektoratets region nord

Ulovleg fiske av kongekrabbe blir prioritert, ifølge Hilde Jenssen i Fiskeridirektoratet.

Foto: Privat

– Me fekk eit tips som me undersøkte vidare. Det som gjekk på vårt eige regelverk, og som me kunne byggje sak på, det tok me vidare. Og har nå dette altså enda opp som ei sak i rettssystemet.

Tjuveri av teiner går ifølge Jensen ikkje under direktoratet sitt regelverk; deira sak dreier seg i dette tilfellet berre om ulovleg krabbefiske.

Store verdiar

– I denne type saker gjer me det me kan for å sikra oss bevis, og så avheng reaksjonen av kva type forhold det dreier seg om. Det kan vera alt ifrå administrative reaksjonar, til det mest alvorlege som er at me vel å melda saka til politiet.

Mellom mai og september 2016 leverte mannen krabbe seks gonger ved to mottak.

Kongekrabber

Totalt skal mannen ha levert kongekrabbe verdt nesten 100.000 kroner.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Han skal ha oppgjeve å ha teke krabben i eit fangstfelt som ligg i frifiskeområdet, medan sanninga var at han hadde forsynt seg frå eit område der det er fastsett kvoter. Til saman skal han ha levert 2188 kilo av den kostbare krabben, noko som svarar til ein fangstverdi på 97.400 kroner.

– Me ser veldig alvorleg på ulovleg fiske generelt, og når det gjeld kongekrabbe så dreier det seg fort om store beløp og store verdiar. Så dette er eit felt som er prioritert, seier Jenssen.

. Det har ikkje lukkast NRK å få påtalemyndigheiter eller forsvarar i tale.