– Om fylkeslaga slår seg saman risikerer vi å miste innverknad i sentralstyret og i landsstyret, der vi er representert i dag. Vi fryktar også at Finnmark kan miste stortingsmandat samanlikna med i dag, seier Kjetil Hanssen.
Han er leiar i Porsanger Ap og har sendt inn forslaget til helgas årsmøte i Finnmark Ap, om at dei bør røyste nei til ei samanslåing med Troms Ap.
Høgre-laga i Finnmark og Troms slo seg saman tidleg i februar, og fleire andre har varsla at dei gjer det om ikkje lenge. Så seint som i oktober 2017 låg det også an til at Arbeidarpartiet i Finnmark skulle slå seg saman med fylkeslaget i Troms.
– Det vil skje allereie sommaren 2018, spådde tidlegare fylkesvaraordførar Bente Haug til NRK den gongen.
– Samstemt haldning
No har pipa derimot fått ein ny og surare lyd. Fleire Ap-politikarar NRK har snakka med trur forslaget frå Porsanger Ap får fleirtal når fylkeslaget held årsmøte i Kirkenes i helga.
– Haldninga er veldig samstemt. Folk ønskjer ikkje at vi skal slå oss saman med Troms Ap, seier Ingalill Olsen, avtroppande leiar i Finnmark Ap.
Olsen, som også sit på Stortinget, er fullt klar over at det for lengst er vedteke at Troms og Finnmark frå 1. januar 2020 skal slå seg saman til éin region – trass i at Finnmark Ap i helga kjem til å sei nei til avtalen som vart forhandla fram på Gardermoen i februar.
Men Olsen meiner like fullt at Finnmark kan ha sitt eige fylkeslag, sjølv om fylka må stille med felles liste ved valet i 2019.
– Vi kan heller ha ei eller anna form for overbygning, vurderer Olsen.
Kristina Hansen, som er innstilt som ny leiar i Finnmark Ap, trur det vil vere lurt å setje på vent ei eventuell samanslåing.
– Ut frå dei rådande omstenda trur eg det vil vere lurt, seier Hansen.
– Kan bli katastrofe
I Troms Ap fell ikkje haldningane i Finnmark i god smak. Leiar Cecilie Myrseth ønskjer ikkje å kommentere dei ulike forslaga som skal opp på årsmøtet til Finnmark Ap.
– Fram mot fylkestingsvalet i 2019 skal vi ha felles nominasjons- og programprosess. Troms Ap har tenkt å gjere det vi kan for at Arbeidarpartiet skal vinne valet i den nye regionen, seier Myrseth.
Og legg til:
– Det hadde vore ein katastrofe om dei same partia som har vedteke fylkessamanslåing av fylke og kommunar, også skulle bli sett til å styre den nye regionen.