Hopp til innhold

Etter skredet: – Klemmar har vore den beste medisinen

På Svalbard prøver lokalbefolkinga å normalisere kvardagslivet etter snøskredet som tok to liv og ødela 11 hus for ein månad sidan. Det er ikkje enkelt.

Montasje med spisshusa i Longyearbyen og Gunnhild Antonsen

Slik såg det ut i Longyearbyen etter at skredet gjekk frå Sukkertoppen laurdag 19. desember.

Foto: Montasje / NRK

Praten går rundt kaféborda i Longyearbyen. Det er mykje å snakke om. Det blir gjort forsøk på å normalisere kvardagen etter dødsskredet som gjekk i desember, men det er ikkje lett.

Alle i Longyearbyen kan sjå husa i området der skredet gjekk, frå Sukkertoppen som ruvar over dei ikoniske «spisshusa». I områda rundt husa ligg det framleis forvridde barnevognar, øydelagte snøskutarar og bilar.

Ein einsleg støvel har også frose fast framfor eit av husa.

Det gjer inntrykk.

Mykje sorg og sakn

Mange har problem med å få sove etter det som skjedde like før jul. Barnehagane er også rørt av det som skjedde, seier bestyrar Gunnhild Antonsen i Kullungen barnehage i Longyearbyen.

Gunnhild Antonsen i Longyearbyen

Gunnhild Antonsen er bestyrar i Kullungen barnehage i Longyearbyen, og seier at ungane har mange spørsmål om kva som har skjedd.

Foto: Privat

– Kvardagen er sånn at vi køyrer med litt sakte fart. Vi har ofte planar og satsingsområde og slikt, og no er fokus heile denne månaden å ta kvardagen tilbake og å ha fokus på barna og vere veldig oppmerksame. Vi får hjelp og rettleiing om vi treng det, mellom anna frå barne- og familietenesta. Om folk har det vanskeleg, har vi sjukehuset også, fortel Antonsen.

Antonsen seier dette er tema for alle barnehagane i Longyearbyen.

– Å ta kvardagen tilbake høyrast kanskje lett ut, men det er det ikkje?

– Nei, det er ikkje det. Alle saman sit igjen med sorg og sakn, men vi må ikkje gløyme at vi må glede oss over dei som har overlevd også. Vi kjenner jo alle, og eg trur vaksne synest det er tungt å ha med seg dette. Vi prøver å vere oppmerksame på kvarandre og gje kvarandre klem. Klemmar har vore den beste medisinen.

Fint med trygge rammer

Som mange andre før ho, understrekar Antonsen at det unike samhaldet på Svalbard har gjort at folk taklar sorga på ein god måte. Samtidig må ein forklare til barna at skredet som tok to liv ikkje var ei vanleg hending.

– Vi må forklare dei at det har skjedd, men det skal ikkje skje igjen. Vi må la ungane fortelje, teikne og snakke om det. Ungane leiker det også ut. Dei leiker at dei er i gravferd og at dei går i kirka, seier Antonsen.

Ungdomsklubben i Longyearbyen er også viktig etter det som har skjedd. Det meiner ungdomsarbeidar Amund Heggelund, som fortel at det har vore mykje ungdom innom klubben.

– Personleg har eg tru på at å snakke saman er lurt og godt, og det å gje trygge rammer og ein stad kor ungdommen er kjent, hjelper for å skape tryggheit, seier Heggelund.

Amund Heggelund i Longyearbyen

Ungdomsklubben i Longyearbyen har hjelpt dei unge, meiner ungdomsarbeidar Amund Heggelund.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark