Hopp til innhold

Godt fiske i Finnmark, men torsken svømmer stort sett som før

Fiskerinæringa gler seg over gode torskefangstar i Finnmark. I år er det landa meir skrei i Vest-Finnmark enn i Lofoten.

Sjarker venter på levering hos Coast Kjøllefjord

KØORDNING: Sjarkane i Kjøllefjord ligg i kø for å levere fangst.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

– Det er lange dagar. Artig og tungt samtidig. Men no er det jo eit par månader kor vi må stå på, og då er det artig at det kjem inn litt mengder med fisk, sier Christer Nilsen.

Han er dagleg leiar hos Coast Kjøllefjord som held til i kommunesenteret i Lebesby kommune på Nordkinnhalvøya. Nilsen seier det er høg aktivitet ved fiskebruket. Små og mellomstore fiskefartøy kjem jamt og trutt for å levere torskefangstane sine.

– Det er utrulege fangstar. Fiskarar som har 30 garn må inn for å levere fordi båten er full, og deretter dra resten av bruket, fortel Nilsen.

Sjark på veg til fiskefeltet, Kjøllefjord

NY TUR: Ein sjark er på veg frå Kjøllefjord for å sikre seg nok ein skreifangst.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Må seie nei til fleire

Det er omtrent 20 fartøy som leverer fisk hos Coast Kjøllefjord. Innimellom kjem det så mykje fisk på land at dei tilsette slit litt med logistikken.

– Det er også mange som ringer. Eg får omtrent fem telefonsamtalar per dag frå båtar som vil levere hos oss. Vi må dessverre seie at vi ikkje har kapasitet.

Nilsen fortel også at Coast Kjøllefjord sel torsken i fersk tilstand.

– Fisken går til Nederland, England, Spania – noko går til Polen – og vi sel ein del innanlands, men det meste går til eksport, seier han.

Christer Nilsen er dagleg leiar ved Coast Kjøllefjord.

Christer Nilsen er dagleg leiar ved Coast Kjøllefjord.

Foto: Christer Nilsen / Privat

Vekst i Vest-Finnmark

Direktør Svein Ove Haugland i Noregs Råfisklag seier det har vore ein merkbar auke i landingane av nordaustarktisk torsk – eller skrei – i Vest-Finnmark.

I førre veke melde Fiskeribladet at området ligg på topp blant dei seks regionane Råfisklaget har delt Nord-Norge inn i.

Haugland understrekar at desse tala seier noko om kor fisken har blitt landa, ikkje kor han har stått i havet under gytevandringa.

For skreiens vedkommande kan matlysta av og til overskride kjønnsdrifta.

Svein Ove Haugland, administrerende direktør i Norges Råfisklag

– Det var dårleg ver i starten på sesongen. Dermed blei det færre fangstar i områda som tradisjonelt er tidleg ute med skreifisket, seier han.

I år har fiskarane også fått godt betalt for fangstane. Prisane ligg omtrent 30 prosent over fjorårets nivå.

Skreisesongen startar seinare i Finnmark enn lenger sør. I tillegg har skreien hatt godt med mat utanfor kysten av Finnmark. Det har også påverka fiskeria.

– For skreiens vedkommande kan matlysta av og til overskride kjønnsdrifta, seier Haugland med eit smil.

Han meiner det er opp til havforskarane å seie noko om tilstanden til skreibestanden.

Har utvida det tradisjonelle toktområdet

Det gjer havforskar Knut Korsbrekke meir enn gjerne. Nyleg var han på tokt langs Finnmarkskysten for å leite etter skrei.

Kvart år gjennomfører Havforskingsinstituttet det såkalla skreitoktet for å kartlegge gytebestanden av nordaustarktisk torsk.

Til vanleg startar toktet på Malangsgrunnen utanfor Troms og dekker heile kystområdet til Lofoten. I år har Havforskinga utvida toktområdet nordover.

– Vi starta på Malangsgrunnen og har brukt om lag ei veke, fortel Korsbrekke.

Han leia toktet som blei avslutta like ved Nordkinnhalvøya sist torsdag. No skal forskarane sine observasjonar og registreringar analyserast før dei legg fram dei endelege resultata frå toktet.

Havforskar Knut Korsbrekke

MAT OG TEMPERATUR: Havforskar Knut Korsbrekke seier havtemperaturen er ein viktig faktor for kor skreien trivst. Varmare vatn fører også til auka mattilgang for torsken.

Foto: Privat / Knut Korsbrekke

Korsbrekke stadfester at torsken finn mykje mat i havet utanfor Finnmark. Det gjer også andre artar.

– Vi så mykje kval – finnkval, springarar – samt ein og annan spekkhoggar. Dei gjekk etter lodde og sild. Vi segla i timevis og så blåst på alle kantar. Det er heilt fantastisk å delta på slike tokt – i så godt ver som vi hadde denne gongen.

Mindre enn i det vanlege toktområdet

Forskarane gjennomfører akustiske målingar med ekkolodd og tar innimellom trålhal for å kartlegge skreibestanden. Korsbrekke seier dei fann mindre skrei på dette toktet enn i det vanlege toktområdet.

Det var nokre unntak. Det stod mykje torsk ytst i Breivikfjorden på Sørøya. I tillegg var det mykje skrei og kysttorsk lenger inn i den same fjorden.

Dei fann også fleire tette førekomstar av skrei som gir grunnlag for eit godt fiske. Samla sett er det likevel atskilleg mindre skreimengder utanfor Finnmark enn i det vanlege toktområdet utanfor Nordland og Troms.

Torsk

MYKJE FISK: Det er gode skreifangstar utanfor Finnmark. Det treng ikkje bety at den nordaustarktiske torskebestanden driv masseflytting mot nord.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Korsbrekke seier havforskarane ønsker å finne ut kor mykje av skreien som gyt utanfor det tradisjonelle toktområdet. Han blir ikkje uroa om 10–20 prosent av skreien formeirar seg utanfor det tradisjonelle dekningsområdet.

– Det er grunn til å bli bekymra dersom det gjeld ein større andel av bestanden, seier han.

Blir påverka av temperatur og mattilgang

Korsbrekke seier havtemperaturen er ein viktig faktor for kor skreien trivst. Varmare vatn fører også til auka mattilgang for torsken.

– Havområda blir meir produktive. Det gjer at torsken får eit større område å beite på. Han kan beite lenger nord og lenger aust enn vanleg, og det er plass til meir skrei i havet. Barentshavet har vore eit grenseområde for utbreiing av torsk. Ein ganske moderat auke i temperaturen gjer at desse grensene blir flytta betydeleg. Dermed blir også beiteområdet for torsken utvida.

Skreikart 2023

SOM VANLEG: Mesteparten av den gytemodne skreien har stått i det tradisjonelle området frå Malangsgrunnen utanfor Troms til Røst.

Foto: HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Samtidig som torsken får større område å boltre seg på i nord, ser det ut til at han går like langt sør som tidlegare.

– Årets skreiinnsig i Lofoten går heilt ned til Røst. Det er som vanleg, slår han fast.