– Eg har aldri vore med på noko liknande før. Det blir veldig spennande, seier Karen Flotve (19) om elgjakta som starta over heile landet måndag 25. september.
Ho går på jakt- og friluftslinja på Alta folkehøgskule. For ho er elgjakt ein del av pensumet dette skuleåret.
– Det er det heile biletet som gjer at eg går på denne linja, så for meg var det ein bonus med elgjakt. Eg kjem frå Vestlandet og der ikkje er elgjakt like utbreidd som her. Der er det meir hjortejakt, seier Flote.
– Det hadde vore utruleg kult å kunne komme heim etter å ha felt ein elg.
Karen Flotve (19) går på Alta folkehøgskule. Ho fortel at det er ein bonus å få jakte elg under sitt år på folkehøgskule.
Foto: Erlend Hykkerud / NRKFolkehøgskulen samarbeider med Alta Jeger- og fiskarforeining, som har fått eit elgvald av Finnmarkseigedommen (FeFo) i Alta kommune.
Her får både folkehøgskuleelevar og eldre, men uerfarne jegerar, eit høve til å lære seg den praktiske delen ved elgjakt.
På den første jaktdagen felte det «uerfarne» jaktlaget ein elgokse med 14 taggar.
Det var Theresa Knutsen frå Alta som felte den første av fire elg som jegerane i introjakta kan felle under årets jakt.
Foto: Aleksander Hansen– Gir ei meir dynamisk gruppe
Det blir felt årleg vel 30.000 elg i Noreg fordelt på nær 60.000 jegerar. Fleire av dei deltek på elgjakt for første gong, og det er ikkje berre i Alta at uerfarne jegerar får å komme inn i jaktmiljøet.
Noregs jeger- og fiskarforbund tilbyr 450 ulike introjakter i heile landet.
For over 15 år sidan starta Alta jeger- og fiskarforeining med introkurs til nye elgjegerar.
Kjersti Bertheussen frå Alta er ein av dei eldre jegerane som får ei innføring i elgjakt for første gong.
– Det starta for to år sidan då eg fekk ho godkjent som ettersøkhund. Så var eg med på eit jaktlag i fjor, men då syntest eg det var litt dumt å vere einaste jeger utan gevær i terrenget. I vinter tok eg jegerprøva og melde meg på denne introjakta, seier Bertheussen.
Ho synest også det er hyggjeleg å kunne jakte med folkehøgskuleelevar.
– Det gir ei meir dynamisk gruppe, for ein har ulik alder og kjønn, men alle liker friluftsliv og elgjakt.
Marit Inga Sara Pettersen og Kjersti Bertheussen er godt fornøgd med elgjakttilbodet til Alta Jeger- og fiskarforeining og FeFo.
Foto: Erlend Hykkerud / NRK
Læringsarena
I Alta får dei nye elgjegerane rettleiing i trygge omgivnader og med erfarne jegerar. Jaktleiar Stian Hammersvik har vore med på dette i mange år.
Han opplyser at dei mellom anna gir jegerane ei innføring i mellom anna posteringsjakt, smygjakt og jakt med hunden både laus og i band.
– Det er eit tilbod til jegerar som ikkje har komme seg med på eit elgjaktlag eller som er nybyrjar som er spent på kva elgjakt er. Det får dei testa ut her, seier Hammersvik.
Han legg til at det er fleire krav for å komme inn på eller starte eit elgjaktlag.
– Det er ikkje berre å starte eit jaktlag, for det trengst ein jaktleiar og hundeekvipasje. Det gjer at mange ikkje kjem seg inn på eit etablert jaktlag. Så det er også eit tilbod for dei.
Stian Hammersvik har vore jaktleiar for nye jegerar i mange år. Han synest det er bra at dei både har unge og litt meir eldre uerfarne jegerar i jaktlaget.
Foto: Erlend Hykkerud / NRKHåpar å få ein elg i siktet
Førstegongsjeger Kjersti Bertheussen har fullført den teoretiske delen, men no er ho spent på korleis ho vil reagere når ein elg står framfor ho i praksis.
Den nye elgjegeren har ikkje skote elg tidlegare, så ho er spent på kva ho vil gjere når elgen står framfor ho, for det er noko ho aldri har opplevd før.
– Så eg håpar at eg kjem i den situasjonen at eg får ein elg framfor meg og kan skyte, og helst skyt då, ler Kjersti Bertheussen.
Når jaktlaget har felt ein elg, står også partering av elgen på programmet. Dermed får jegerane ei innføring i alt kva elgjakt inneber.
Foto: Aleksander Hansen
Over 150 elg er felt
I fjor vart det totalt felt 27.500 elg, noko som ifølgje Statistisk sentralbyrå er det lågaste sidan jaktåret 1989/1990.
1. september starta storviltjakta i Kautokeino og Karasjok, men i resten av landet starta storviltjakta måndag 25. september.
Alf William Berg frå Karasjok felte den første elgen i Finnmark, då jakta starta 1. september i Karasjok og Kautokeino.
Foto: PrivatDet er så langt i skote over 151 elg i Finnmark. Rundt halvparten er felt i Karasjok og Kautokeino.
FeFo opplyser at det er 1500–2000 jegerar fordelt på 307 jaktlag i heile Finnmark.
I år er siste jaktdag søndag 5. november i Finnmark, medan i resten av landet blir elgjakta avslutta 23. desember.
Dei framtidige elgjegerane får innføring i viktige ting dei bør vere obs på før jakta starta på måndag 25. september.
Foto: Erlend Hykkerud / NRK