Hopp til innhold

Kraftige reaksjonar på regjeringas kraftpakke i Finnmark: – Det her er skakande

På tysdag blei tiltak presentert for eit kraft- og industriløft i Finnmark av regjeringa i Hammerfest. Dette har ført til stor usemje blant lokalpolitikarar i regionen. Loga sámegillii.

Maja Kristine Jåma

Maja Kristine Jåma (NSR) er kritisk til regjeringas kraft- og industriløft i Finnmark

– Den her nyheita og det som framstilles som ein gladnyhet gjorde meg ikkje anna enn kvalm. Det er helt oppsiktsvekkjande at regjeringa legger fram ein sånn her plan utan å tilsynelatande reflektere over konsekvensar for Sápmi og for samisk kulturutøvelse, seier Maja Kristine Jåma (NSR) om regjeringas kraft- og industriløft i Finnmark.

– Så det her er skakande og eg er sjokkert over å få høyre om det her på den her måten, seier

Jåma meiner at det er veldig overraskande at regjeringa kjem med denne nyheita på den her måten.

– Vi hadde større forventningar om å bli heldt informert og bli konsultert om saka. Vi har etterspurt konsultasjonar, og det har vi ikkje fått noko svar på. Det er helt klart ein sak som ikkje bygger opp den tilliten som og tilliten til prosessar, og lovnadene vi har fått ifrå regjeringa om breiare involvering og ein sterkare dialog. Det merker vi nå.

Positive til planane

Høgre sine energi- og miljøpolitiske talsperson Nikolai Astrup meiner at LNG-anlegget på Melkøya er ein av de viktigaste og mest lønnsomme arbeidsplassane i Nord-Norge, og det er bra at regjeringa nå seier ja til å vidareutvikle anlegget og sikre drifta også etter 2029.

Astrup meiner det er også et nødvendig tiltak for å nå klimamålene.

– Samtidig er det ein avgjerande føresetnad at det produserast meir kraft og byggjast meir nett og betre overføringskapasitet i regionen, for å legge til rette for annan industriutvikling og dekke befolkningens behov for effekt og straum. I dag står fleire titals nyetableringar i stampe på grunn av kraftsituasjonen, seier Høgrepolitikaren, som legger til at bevisbyrda ligg hos regjeringa nå.

– Høgre føreset at det blir fortgang i konsesjonsbehandlinga av ny kraftproduksjon på land, og at regjeringa raskt avklarer rammevilkåra for kommersielle aktørar som ønsker å utvikle havvind i Finnmark.

– Vedum bør lytte til advarslene

Frp-leder Sylvi Listhaug og energipolitisk talsperson Terje Halleland reagerer kraftig på at regjeringa i dag går inn for å elektrifisere Melkøya med kraft frå land. Frp meiner vedtaket vil svekke Nord-Norge som region og fryktar skyhøgt konfliktnivå rundt utbygging av ny vindkraft.

– Vedum bør lytte til advarslene frå fleire av sine egne lokalpolitikarar i Nord-Norge. I likskap med dei kjøper ikkje Frp historiefortellingen om at dette er et industriløft. Elektrifisering av Melkøya med kraft frå land er håplaus klimapolitikk og elendig distriktspolitikk. Framstegspartiet vil nå gjere alt vi kan i Stortinget for å stanse dette prosjektet, seier Listhaug.

Sofie Marhaug, stortingsrepresentant og medlem i energi- og miljøkomiteen frå Rødt, rasar også mot regjeringas planar om å elektrifisere Melkøya.

– Å opne for elektrifisering av Melkøya med de enorme inngrepene det fører med seg i reindriftsområde, og opning for nye vindkraftutbyggingar i Finnmark, utan å ha funnet ein løysing på situasjonen på Fosen, der de folkerettsstridige vindturbinane framleis snurrar, er et nytt overgrep mot Noregs samiske befolkning. Dette kan vi ikkje finne oss i.

– Dette er dyr symbolpolitikk

Regjeringa må snu i vedtaket om å elektrifisere Melkøya-anlegget, elles må Senterpartiet vurdere regjeringssamarbeidet, meiner Senterungdommen.

Ungdomsorganisasjonen er sterkt kritisk til vedtaket som fleire medium erfarer at blir lagt fram på ein pressekonferanse klokka 12.05 tysdag om å bruke landstraum for å elektrifisere Melkøya-anlegget.

Det melder NTB.

Andrine Hanssen-Seppola (19 år) er Senterungdommens nye leder

Senterungdommen kallar vedtaket et brot på Hurdalsplattformen. Det seier leder i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola i ein utsegn.

Foto: Senterungdommen

Senterungdommen kallar vedtaket et brot på Hurdalsplattformen.

– Dette er dyr symbolpolitikk, og elektrifisering vil tappe hele Nord-Norge for kraft. Det er usannsynleg at de planane regjeringa skal legge fram for kraftutbygging vil la seg gjennomføre, og elektrifisering kan heller ikkje forsvarast i et miljøperspektiv da vi først og fremst flytter utslepp ut av landet, seier leder i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola i ein utsegn.

Ifølgje kjelder bekrefta til NRK måndag skal regjeringa ha sagt ja til elektrifisering av Melkøya.

Difor skal statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) ha pressekonferanse i Hammerfest tysdag. Der skal dei leggje fram tiltak for eit kraft- og industriløft i Finnmark.

Prins Sverre Magnus er ikledd en blå hettegenser og en blå og hvit caps, han ser inn i kamera og smiler

Motvind Noreg har informert om dei kjem til å ha ein demonstrasjon under pressekonferansen klokka 12 i Hammerfest.

Lokal kritikk

– Medlemskapen min heng i ein sytråd og han byrjar å bli ganske flisete. Viss ikkje eg går fort ned i vekt, så trur eg han kan ryke.

Det seier varaordførar i Alta, Jan Martin Rishaug (Sp).

Måndag kveld heldt Alta Senterparti (Sp) eit krisemøte etter at det kom fram at regjeringa truleg seier ja til elektrifisering av Melkøya.

– Det var ganske eintydig negativ tilbakemelding frå alle kantar rundt i Finnmark. Ein møter rasande folk i gatene og på arbeidsplassane sine. Det har vore ganske heftig for oss lokalpolitikarar i Finnmark det som skjedde i går.

Rishaug meiner dette må gjerast på andre måtar og kjem med forslag.

– Vi meiner dette kan gjerast med karbonfangst- og lagring. Det meiner Equinor, forureinaren sjølv, blir for dyrt for dei. I Noreg har det vore sånn at forureinaren ryddar opp etter seg, men det ser ikkje ut til at det gjeld for dei.

Han meiner ein ikkje kan skyve denne rekninga over på befolkninga i Nord-Noreg med høgare straumprisar og moglegheiter for at ein får for lite straum.

Jan Martin Rishaug

– Medlemskapen min heng i ein sytråd og han byrjar å bli ganske flisete, seier varaordførar i Alta, Jan Martin Rishaug (Sp).

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Folkeopprør

– Eg tenkjer vi bør gå i bresjen for eit folkeopprør i Finnmark mot regjeringa og planane deira for elektrifisering av Melkøya. Både politiske parti, faglag, naturvern og alle som har Finnmark kjær bør stå saman og seie at vi godtek ikkje dette.

Det seier førstekandidaten til fylkestingsvalet i haust for Framstegspartiet, Odd Erling Mikalsen.

– Viss det stemmer at regjeringa seier ja til elektrifisering, så er det ein særdeles trist og tung dag for Finnmark. Det vi kjem til å opplev no er at Melkøya kjem til å beslaglegge straumen vi i Finnmark har stort behov for i dag og i framtida, seier Mikalsen.

Odd Erling Mikalsen

– Eg hadde nesten ikkje trudd at det skulle vere mogleg å gå imot 70 prosent av Finnmarks befolkning.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Les også Strøm til Melkøya: NVE anbefaler sjøkabel og jordkabel i tunnel

Illustrasjon av planlagt utbygging på Melkøya

Les også Stortinget ber regjeringa vurdere alternativ til elektrifisering

Mange frykter at elektrifisering av LNG-anlegget på Melkøya vil ta så mye strøm at det hindrer annen utvikling i Finnmark.

Ein gledesdag

Ordførar i Hammerfest, Terje Wikstrøm (Ap), beskriv dette som ein gledesdag.

– Hammerfest kommunestyre har positivt fleirtalsvedtak på det som går på elektrifisering og forlenginga av det, 420 kV-linje frå Skaidi til Hammerfest, og frå Skaidi og austover til Sør-Varanger.

Ordfører Terje Wikstrøm i Hammerfest.

Hammerfest-ordførar, Terje Wikstrøm (Ap) er spent på kva som blir lagt fram på pressekonferansen tysdag.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Eg er av den oppfatning at vi kjem til å ha straummangel uavhengig av om Melkøya blir elektrifisert eller ikkje i framtida.

Han er spent på kva som kjem på pressekonferansen.

– Eg håpar han har ei retning på ny straumproduksjon på dei plassane og kommunane som ønskjer å leggje til rette for det. Vi er optimistar i dag.

Les også Strøm til Melkøya: NVE anbefaler sjøkabel og jordkabel i tunnel

Illustrasjon av planlagt utbygging på Melkøya

Bommar totalt

– Eg trur dei kjem med eit kraftløft for Nord-Noreg og det er kjempebra, men det er tidsperspektivet dei bommar totalt på. Dei kjem til å seie at Snøhvit future skal elektrifiserast i 2030. Det er umogleg å få til både linjekapasitet og ny kraftproduksjon fram til då, seier Rishaug.

Han meiner dei burde sagt at dei skal få til ny kraft og nytt linjenett, men når det er gjort skulle dei elektrifiserte Melkøya.

– Då snakkar vi ikkje om 2030. Då kan det vere midt på 30-talet.

Rishaug fortel at fleire har allereie meldt seg ut av Senterpartiet.

– Det er veldig mange som i dei neste dagane og vekene som kjem til å melde seg ut. Vi kjem til å bli kraftig redusert, og ikkje berre i Sp, men også Ap kjem til å merke det her. Eg fryktar Sp og Ap kan bli radert ut i heile Nord-Noreg etter det som kan komme frami dag.

Wikstrøm trur ikkje dette kjem til å skje.

– Sp får snakke for seg sjølv. Eg synest det er litt merkeleg at dei konkluderer så sterkt i Sp før ein faktisk har sett det som blir lagt fram og den totale pakken. Vi får sjå kva som kjem.

Les også Vadsø-ordfører: – Velger å stole på at det blir havvind

Wenche Pedersen i Vadsø Arbeiderparti

Les også Finnmarkingene sier nei til elektrifisering: – Må utrede flere alternativ

Melkøya i Hammerfest