Hopp til innhold

Gamle diskettar avslørte urovekkande klimaendringar

Temperaturen på delar av Svalbard har stige opp mot dobbelt så raskt som tidlegare kjent. No kan forskarar ved Meteorologisk institutt dokumentere den største oppvarminga i verda.

Karl XII. Svalbard.

Nye data viser at Karl XII-øya har den største dokumenterte temperaturauken på kloden. På 20 år har temperaturen auka med 5,4 grader, ifølge klimaforsker Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt.

Foto: Ole Jørgen Østby / Meteorologisk institutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei mest aude og vêrharde områda på Svalbard ligg i nord og aust. Lenge var det umogeleg for meteorologar og helikopterpilotar å vite korleis vêret var der.

Først på slutten av 1980-talet sette Meteorologisk institutt opp automatiske vêrstasjonar.

Då var teknologien god nok til at stasjonane kunne sende data i sanntid via satellitt. Ein av stasjonane vart reist heilt nord på Spitsbergen. Ein annan heilt nord på Edgeøya i aust.

Informasjonen dei sendte vart brukt i vêrvarsling og til redningsoppdrag. Han vart ikkje offisielt lagra for bruk i klimaforsking.

Ingeniøren som hadde ansvaret for vêrstasjonane lagra likevel alle vêrdata lokalt på datamaskina si. Før han slutta, kopierte han alt over på diskettar. Desse leverte han vidare til forskarane.

Karl XII. Sommer. 2020.

Slik såg dei første automatiske vêrstasjonane frå 1990-talet ut. Forskarane hadde store utfordringar med dei, mellom anna at isbjørn klarte å rive dei ned.

Foto: Meteorologisk Insitutt

Trudde ikkje det stemte

Då støvet var blåst av dei gamle data, og tidsseriane var ferdig analysert, måtte klimaforskarane dobbeltsjekke at dei hadde gjort alt riktig.

Studien viste nemleg at temperaturauken nord og aust på Svalbard har vore opp mot dobbelt så stor som i Longyearbyen og Ny-Ålesund i vest.

Berre i løpet av de siste 20 åra har temperaturen nordaust på Svalbard auka med opptil 5,4 grader. Det er den største dokumenterte oppvarminga i verda.

– Det er veldig urovekkande at endringane er så store som dei er. Samstundes var me begeistra. Som forskarar jobbar me mykje med trendar. Det er ikkje ofte me får så store utslag, seier klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt.

Han har leia studien som er publisert i Scientific Reports i dag.

Ketil Isaksen

Klimaforskar Ketil Isaksen er uroa over den raske temperaturstiginga på Svalbard.

Foto: LINE NAGELL YLVISÅKER

Store endringar i naturen

Til no er det vêrstasjonane på vestsida av Svalbard som har vore referansepunkt for temperaturauken. I Longyearbyen har det blitt 2,6 grader varmare dei siste 20 åra. Innbyggjarane har merka endringane på kroppen.

Det mildare klimaet byr mellom anna på meir nedbør. Det har gått fleire snø- og jordskred. Hus er rivne fordi dei ligg for utsett til, og nye er bygde ved elveleiet midt i dalen.

Skred 2015 Longyearbyen

To personer døde i snøskredet i 2015. 11 spisshus ble tatt av skredet.

Foto: Geir Barstein / Svalbardposten

Medan NRK skriv dette, flyr helikopter i skyttel med støttegjerder til fjellsida i Sukkertoppen like ovanfor sentrum av byen. Desse skal hindre nye skred frå fjellet.

I Oslo, der Isaksen bur, er oppvarminga kring 1 grad i same periode.

– Berre den vesle auken i Oslo merkar me på kroppen. Det har mykje å seie for skiføre og vintersnø i marka. Det er vanskeleg å tenke seg kor store endringane har vore for vegetasjon og dyreliv nord og aust på Svalbard, seier Isaksen.

Les også Mener isbjørn kan være utryddet på Svalbard om 50 år

Aude område

Få menneske ferdast heilt nord og aust på Svalbard. Meteorologisk institutt fekk hjelp frå Kystvakta for å sette opp vêrstasjonane. Kystvakta frakta folk og utstyr med båt og helikopter.

Dei første åra hende det at isbjørn reiv ned utstyret, og at batteri og utstyr kunne gå tomt for straum.

Karl-XII. 2002.

Etter eit isbjørnbesøk i 2002 såg stasjonen på Karl XII-øya slik ut.

Foto: Meteorologisk Institutt

I dei nye analysane sine har Meteorologisk institutt rekonstruert vêrdata frå periodane då utstyret ikkje virka. Mellom anna nytta dei data frå andre stasjonar og informasjon om isdekke.

I 2010 vart vêrstasjonane bytta ut med kraftigare konstruksjonar og ny teknologi. Sidan då har vêrdata tikka inn i forskaranes database så godt som utan stopp.

Kart over værstasjoner i forbindelse med en ny studie fra Meteorologisk institutt.

Her er vêrstasjonane som Meteorologisk institutt har fått dataene sine fra.

Foto: TopoSvalbard/Norsk Polarinstitutt

Dei fortel at det nordlege Barentshavet blir varma opp mot sju gonger raskare enn det globale gjennomsnittet.

Dei oppsiktsvekkande, nye resultata får også støtte av ein heilt ny modell kalla CARRA. Arktis blir varma opp raskare enn tidlegare forsking har vist.

Karl-XII.

Dei nye vêrstasjonane vart montert i 2010 og har vist seg veldig stabile. Dei får framleis tilsyn og service ein gong i året. Teknikarane hjå Meteorologisk institutt får god hjelp av kystvakta. Ofte flyr dei inn med helikopter ettersom det ligg mykje sjøis i områda. Her er dei på Karl XII-øya i 2013 med hav på alle kantar.

Foto: Ole Jorgen Ostby / Meteorologisk Institutt

Isen som forsvinn

Den store temperaturauken heng saman med tapet av sjøis. Isen fungerer som eit isolerande lokk mellom det varmare vatnet og den kalde polarlufta vinterstid. Når lokket blir løfta av, varmar vatnet opp lufta mange grader.

Havforskar Signe Aaboe har følgt isen og havstraumane i studien til Meteorologisk institutt.

– Om ein ser på den nordlege halvkula, er det i Barentshavet ein mistar mest is, og det akselererer. Dei siste tiåra har endringa vore større enn i tiåra før. Det skjer mykje og det skjer raskt, seier ho.

Studien til Meteorologisk institutt viser at koplinga mellom is og luft er sterkare enn forskarane tidlegare har trudd. Straks det er isfritt, fyk temperaturen opp. Når isen legg seg, droppar temperaturen raskt.

Signe Aaboe.

Signe Aaboe er havforskar ved Meteorologisk institutt og ein av forskarane som har jobba med den ferske studien.

Foto: Privat

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

– Mykje og raskt

Det som skil Svalbard frå resten av Arktis, og gjer at temperaturauken er størst her, er mellom anna Golfstraumen.

Den varme, atlantiske straumen frå sør går langs vestkysten av Noreg. Deretter sender den ei grein med varmt, salt vatn austover inn i Barentshavet. Ei anna grein går nordover langs vestsida av Spitsbergen.

Havforskarane har i tidlegare studiar sett at straumen med atlantisk vatn har blitt sterkare og varmare dei siste åra. Før dukka det varme vatnet under eit lag med ferskt, kaldt, arktisk vatn. No blandar det seg i større grad heilt opp i overflata.

Med høgare overflatetemperatur er det vanskelegare for isen å legge seg. Perioden før isen legg seg på hausten og vinteren blir lenger. Det same blir perioden då vatnet får varme opp lufta. Tendensen spreier seg austover frå Spitsbergen mot Franz Josef Land og Karahavet.

Karl XII.

Karl XII-øya ligg på grensa mellom Polhavet og Barentshavet.

Foto: Ole Jorgen Ostby N-3630 Rodberg / Meteorologisk Institutt

Verkar på kvarandre

Forskarane ser ein sterk samanheng mellom is og lufttemperatur. Likevel kan dei ikkje konkludere med at det berre er fråvær av sjøis som gjer at lufttemperaturen aukar, fortel Aaboe.

Atmosfæren og havet verkar på kvarandre. Når lufta blir varmare, minkar også isdekket. Kvar vêrsystema legg seg og vinden blæs, har også mykje å seie.

Om vinden kjem frå nord og aust, kan han plutseleg dytte store mengder sjøis frå Polhavet mot Svalbard, og det blir kaldt.

Om vinden kjem frå sør og vest, har den med seg varmare luft og dyttar i tillegg isen bort frå Svalbard.

Les også Historiske funn viser at temperaturen på Svalbard stiger hurtigere enn antatt

Longyearbyen, Svalbard

Eit forvarsel

Isaksen håper den nye studien frå Svalbard vil bidra til ei betre forståing av det som skjer og vil skje i Arktis.

Den store endringa i temperatur nord og aust på øygruppa syner kor følsamt Arktis er. Det er eit forvarsel på kva me kan forvente i andre område som grensar til Polhavet: på Grønland, i USA, Canada og Russland.

– Ein slik temperaturauke vil ha stor innverknad på dyreliv, naturmiljø og arktisk befolkning. Dei som bur i desse områda er avhengige av snø, is og kulde for å leve der dei gjer, seier han.

I tillegg til at endringane i isdekket og temperatur får konsekvensar lokalt, påverkar det vêrsystem og vêrmønster. Truleg vil det føre til meir ekstremvêr og at ein vêrtype ofte varar lengre enn før. Då vil ein oftare få flaum og turke.

– Det er framleis usikkert korleis desse endringane blir rundt om på den nordlege halvkula, men dei vil gi store ringverknader også globalt, seier Isaksen.

Ketil Isaksen.

På slutten av 1990-tallet var Ketil Isaksen med på å etablere ein permafroststasjon på Janssonhaugen utanfor Longyearbyen. Den viser at ei varmebølgje er på veg ned i bakken også. De siste årene har verstasjonane på Verlegenhuken og Edgeøya fått permafroststasjonar. Slik kan forskarane følge med på kva som skjer også der.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

Rekord og champagne

Kva vil skje med Svalbard i tiåra som kjem?

Den største temperaturauken vil også då kome i nord og aust der det framleis er mest is å miste.

Isen i fjordane på vestsida av Spitsbergen har stort sett forsvunne allereie, også på vinteren. Nokre år vil bli kaldare enn andre. Styrken og varmen frå det atlantiske vatnet som strøymer nordover varierer. Korleis vêrsystema legg seg har også mykje å seie. Men temperaturen vil etter alle døme halde fram med å stige kvart tiår, ifølgje Isaksen.

Sommaren 2020 vart det sett ny varmerekord med 21,7 grader ved Svalbard lufthavn.

Varmerekord2020. Svalbard.

Det er ikkje ofte ein ser folk med shorts i Longyearbyen. 25. juli 2020 vart det sett varmerekord med 21,7 grader.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

Vinteren 2022 har vore forholdsvis kald og god, med is nord og aust. Likevel vart det sett varmerekord ved Svalbard lufthavn i mai og havisen kring Svalbard har smelta uvanleg kjapt. Vêrteiknet «Stetten» gjekk også rekordtidleg i år.

I Operafjellet like utanfor Longyearbyen er det ein formasjon som liknar eit champagneglas. Både glaset, stilken og stetten blir fylt med snø kvar vinter. Kvart år spør Svalbardposten innbyggjarane når dei trur stetten vil gå, det vil seie at ei stripe land har tint fram mellom glaset og stetten. Tidlegare er det ikkje dokumentert at stetten har gått før i juli, ifølgje avisa. I år gjekk den 6. juni.

– I år var det ikkje noko mellom vår og sommar, sa Sarah Gerats til Svalbardposten.

Stetten. Svalbard.

Champagneglas-formasjonen i Operafjellet like utanfor Longyearbyen er innbyggjarane sitt vårteikn.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

Ho vann årets champagne for først å ha gjetta riktig dato på når stetten ville gå.

På nord og austsida av Svalbard er det ingen som drikk champagne, eller kan hende finst det unntak blant cruisegjester og båtfolk som stadig oftare kan segle i isfrie farvatn.

Kanskje gyngar dei forbi vêrstasjonane som no sender data direkte til Meteorologisk institutt sine databasar. Ketil Isaksen fortel at forskarane vil følge godt med på kva dei fortel også i framtida.

Les også Meteorologene markerte varmerekord på Svalbard med ⛱️😎🍦: – Troller dere?

Sommer på Svalbard

Flere nyheter fra Troms og Finnmark