Hopp til innhold

Eit godt isår var godt nytt for desse krabatane

Dei siste åra har isbjørnforskarane sett uvanleg få binner med små ungar på Svalbard. Eit godt isår i 2014, har gitt stor vekst i årets bjørnekull.

Isbjørn på Svalbard

Desse isbjørnungane kosar seg på isen på Svalbard.

Foto: Roy Mangersnes / Wildphoto

– Eg har sagt i heile vår at eg trur det kjem til å vere mange binner med ungar på Svalbard i år.

Det fortel naturfotograf Roy Mangersnes, som har besøkt Svalbard fleire gongar dei siste åra for å fotografere dyrelivet og den ville naturen. Både i 2013 og i 2014 såg han få vaksne binner med ungar.

Det same registrerte isbjørnforskarane frå Norsk Polarinstitutt da dei var på sitt årlege tokt for å merke isbjørn på Svalbard i mai i fjor.

Fjoråret var eit år med svært dårlege isforhold, noko som gav ein kortare issesong på Svalbard og gjorde det vanskeleg for isbjørnen.

No ser det ut til å ha betra seg.

– I fjor haust såg vi at det var meir is, og spesielt i hiområda. Og gjennom året har det sett ut til at isforholda heldt seg gode, og framleis er det is der, seier Mangersnes, som nettopp har vore på øygruppa og fotografert.

Bra form

Forskar ved Norsk Polarinstutt, Jon Aars, bekreftar at det har vore eit godt isår på Svalbard. Aars har forska på isbjørn sidan 2003:

jon aars og bjørnunge

Forskar Jon Aars saman med ein isbjørnunge på Svalbard.

Foto: Jon Aars / Norsk Polarinstitutt

– Det har vore eit godt isår, med mykje is. Det ser ut til at de ter eit bra tal på binner med ungar i år, og ungane ser ut til å vere i bra form.

Har eit godt isår direkte samanheng med overleving for isbjørnungane?

– Mange av binnene vi såg i år hadde ungar, og det er naturleg å tru at mykje sjøis verkar positivt. Det kan vere litt vanskeleg å seie heilt sikkert, og det er ikkje alltid vi kan forklare all variasjon vi ser. Men for å seie det slik, eit dårleg isår kan vere ein medverkande årsak til at talet på ungar er lågt, fortel Aars.

Krev mykje av mora

Isbjørnforskaren forklarer at sjøisforholda året før kan avgjere kor mange binner som kan kome ut av hiet med ungar.

– Og så kjem tida etter dei kjem ut av hiet. Svært mange av ungane dør det første året, enten av svelt eller at dei blir tatt av hannbjørn. Det er krevjande forhold å fø fram ungar, og det krev mykje av mora, seier Aars.

På Svalbard er det mellom 30 og 40 prosent av isbjørnungane som overlever frå april når dei går ut av hiet til april året etter.

– Det handlar sjølvsagt også om mat. Av og til kan det vere små område med is, kor selen samlar seg, og da er det tilgang på mat, og da kan det vere stor forskjell på litt is og ikkje noko is. For mange månadar utan is vil gje mange bjørnar som slit, seier Aars.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark