Hopp til innhold

Trur gass frå Barentshavet kan senke prisane på energi

Energikrisa i Europa gir skyhøge prisar og no byrjar det å haste. Tyske politikarar ynskjer å kople opp gass frå Barentshavet til resten av Europa.

Günther Krings og Bård Thorheim

Günther Krings frå Kristendemokratene i Bundestag i Tyskland og stortingsrepresentant frå Høgre, Bård Thorheim i Hammerfest.

Foto: Allan Klo / NRK

Denne veka fekk Hammerfest besøk av internasjonale og nasjonale politikarar. Det vart diskutert ei gassrøyrleidning som kan hjelpe energikrisa i Europa.

Ein av dei som vitja Hammerfest var Günter Krings som er talsmann for Kristendemokratene i Bundestag i Tyskland.

– Tyskland har vore for avhengige av russisk gass. Noko som har gitt oss problem akkurat no.

Noreg er ein av hovedpartnarene til Tyskland på energi.

– Det gir ikkje meining å gå tilbake til tidlegare partnarar som har bevist at dei ikkje er til å stole på. Noreg treng ikkje vere bekymra for at vi snur ryggen til dykk. Vi har lært ei lekse, avsluttar han.

Les også Gassco: Gassrør fra Barentshavet kan løse EUs energibehov

Melkøya

Nær framtid

Det er kostbart å strekkje eit gassrøyr frå Barentshavet og ned til næraste påkoplingspunkt, som ligg ved Aasta Hansteen-feltet utanfor kysten av Nordland.

Ei gassrøyrleidning er ønska frå Barentshavet til Nordland.
Gassco
Wisting
Snøhvit
Johan Castberg

Her skal den planlagde gassrøyrleidninga gå. Det er berre Goliat- og Snøhvit-feltet i Barentshavet som er operativt i dag.

Foto: Egil Ursin / NRK

Med dagens energisituasjon har det meste endra seg. Prisnivået på naturgass har skote til vêrs på grunn av storpolitiske konsekvensar i bakkant av krigen i Ukraina, og det faktumet at russisk gass ikkje lengre er salbart i Europa.

Det er Gassco som er sentral i arbeidet med å vurdere lønnsemd på norsk sokkel. Dei jobbar no med eit oppdatert prosjekt der dei endå ein gong vurderer ein gassrøyrleidning.

Europa treng meir gass frå Noreg. Då må ressursane i Barentshavet sør blir utvikla i nær framtid. Saman med andre aktørar arbeider vi intensivt for å finne dei beste transportløysingane.

Randi Viksund, Gassco

Barentshavet sør omfattar områda det er gass- og petroleumsverksemd i dag. Området strekk seg frå kysten av Finnmark til Bjørnøya. Alt ovanfor det vert kalla Barentshavet nord.

Petroleumskart for Barentshavet

Dette visar ei oversikt over kvar dei ulike gass- og petroleumsinstallasjonane i Barentshavet er og kvar dei leiter etter gass.

Grafikk: Equinor

I dag blir gass frakta frå Snøhvit-feltet til anlegget til Equinor på Melkøya i Hammerfest.

Uoppdaga gassressursar

– Vi har vore litt bakpå på å forstå at Noreg er den største gassleverandøren, seier Bård Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant for Nordland og Høgre.

Noregs største uoppdaga gassressursar ligg i Barentshavet og korleis ein skal frakte det, er enno uvisst.

Bård Ludvig Thorheim

Bård Ludvig Thorheim meiner Noreg har vore litt bakpå og ikkje har skjønt at vi er den største gassleverandøren i Europa.

Foto: Allan Klo / NRK

– No er tida for å realisere planane. Rapporten frå Gassco kjem veldig snart og då må vi sjå på korleis det kan gjerast om til praktisk politikk. Dette er ei kjempemoglegheit for Noreg og for Finnmark.

Les også Industrien ser mot nord: – Det flyter over med kraft

Per-Erik Ramstad i Alta Kraftlag.

Etter sanksjonane mot Russland er Noreg den største gassleverandøren til Europa.

Han meiner Noreg kjem til å trenge både LNG og røyr, og vil gje mange arbeidsplassar.

– Heilt sidan gassprisane gjekk i taket og vi fekk energikrisa, så har vi i Høgre sagt at vi må få fortgang i gassleveransar til Europa, det må også omfatte å sjå på infrastrukturen frå Barentshavet til leidningsnettet i Nordsjøen.

Les også Fire nye plattformer får straum frå land innan kort tid

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

Utvikle, ikkje avvikle

– Arbeidarpartiet er oppteke av at vi skal utvikle, ikkje avvikle aktiviteten på norsk sokkel. Vi skal halde fram med å leite.

Det seier Marianne Sivertsen Næss, leder for energi- og miljøkomiteen og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet.

– Ved å leite gjer vi funn som kan vere samfunnsøkonomisk å byggje ut, og som neste runde kan bidra til å hjelpe den situasjonen som er i Europa no.

Marianne Sivertsen Næss utenfor rådhuset i Hammerfest.

Marianne Sivertsen Næss er stortingsrepresentant frå Ap. Dei vil utvikle, ikkje avvikle aktiviteten å norsk sokkel.

Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRK

Anlegget på Melkøya er ikkje laga for å ta imot meir gass enn det gjer no. Derfor er ei gassrøyrleidning viktig.

– Eg håpar vi klarer å konkludere i løpet av kort tid og det er avgjerder som bidreg til å auke aktiviteten i Barentshavet, men også sørgjer for aktivitet langt nord.

Leiar i Høgre, Erna Solberg, var og i Hammerfest denne veka for å snakke om ressursar på nordnorsk sokkel.

Høgre-leiar Erna Solberg.

Høgre-leiar Erna Solberg vitja og Hammerfest denne veka.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Solberg meiner det er slike småting som Arbeidarpartiet gjer, som flyttar oljepolitikken litt.

– Det er eg litt redd for i slike samanhengar at de blir overordna. Vi ser at gass er nødvendig, også i det grøne skiftet for å sikre forsyningssikkerheten i Europa, seier Solberg.

Næss meiner det er viktigare enn nokon gong at Noreg er ein stabil, og langsiktig leverandør.

Les også Kunne endt med katastrofe – ble en gullgruve

Brann på Melkøya