Hopp til innhold

Dugnad for små blåfrosne flyktningar

Barn som er nye i Noreg slit i sprengkulda. Ullundertøy og stillongs er framandord. I Alta får dei hjelp til å kle seg.

Halah (9) kom seg ut på ski.

MED ULL INNERST: Syriske Halah (9) kom seg ut på ski i friminuttet.

Foto: Kristin Forland / NRK

På Komsa skole i Alta er Vera Simonsen lærar for barn som akkurat har komme til Noreg. Ho såg elevane komme blåfrosne inn etter friminuttane, og starta ei ullinnsamling.

– Dei første dagane var det nokon som gjekk i tynn bomullsgenser med boblevest over og joggesko på føtene. Då frys ein verkeleg.

Ukjende med ull

Utdeling av ullklær på Komsa skole

Sinitia, Halah og Farah følger med når lærar Vera forklarer kva ulla kjem frå.

Foto: Kristin Forland / NRK

Vera Simonsen såg at det var eit behov for ein time i ullkunnskap i introduksjonsklassen ho leiar.

– Me prøvde å vise bilete og forklare at det var viktig å ha ulltøy under. Då seier dei at «me har» - men det er berre ein bomullstrøye. Dei skjøner ikkje forskjellen, og det syner seg at dei ikkje har ullplagg, seier ho.

– Eg trur det er mange grunnar. Dei er ikkje kjent med konseptet, rett og slett. Dei kjem frå varmare strok og det er ikkje så vanleg å bruke så mykje ull. Og dei som er kjent med det slit kanskje med å kjøpe nok til sine ungar. Det er mange som kjem frå store familiar og bur på mottak og ikkje har så mykje å rutte med. Men om alle bidreg litt, klarer me å gje mykje.

På sosiale medium oppmoda Simonsen folk til å bidra med ullklede og pengar, slik at òg barna i velkomstklassen kan vere med ut og leke, sjølv i sprengkulda. Responsen har vore stor, og i dag fekk dei 12 ungane i klassen delt ut kvar sin nye ullstillongs, ulloverdel og sokkar.

Lærer Vera Simonsen på Komsa skole

Lærer Vera Simonsen på Komsa skole.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Not cold!

Sju år gamle syriske Farah viser fram ullsokkane ho har fått. Ho, søstera Halah, og venninna Sinitia kom til Norge for ein knapp månad sidan.

– We all from Syria, seier dei.

Dei trivs godt i Alta, trass sprengkulda, og har no forstått litt meir om korleis ein held varmen i minusgradene.

– Dress, not cold.

Etter at elevane har fått kledd seg i sitt nye ullantrekk har jentene planen for resten av dagen klar.

– Friminutt. Gå på ski, seier dei – akkurat det på eit nokså godt norsk.

Kald nabo?

– Nå er planen å få oversikt over kva vi har fått inn, og så forhåpentleg kjøpe eit sett til til dei, seier Vera Simonsen.

– Mi oppmoding til folk er å følgja med. Kjem det nokon nye i nabohuset, kan dei spørje kva dei treng.

Ulldemonstrasjon

Elisabeth (4) hjelper mamma og lærar Vera Simonsen å demonstrere ullbruk for barna i velkomstklassen på Komsa skole.

Foto: Kristin Forland / NRK