Sidan 2020 er det oppretta 65 nye studieplassar ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT). Det gjer at talet på medisinstudentar for kvart kull auka til frå 116 til 181.
– Det gir heilt openbert utfordringar på UNN og mange av fagmiljøa våre. UNN er ein stor aktør i legeutdanninga i Tromsø, seier viseadministrerande direktør på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN), Einar Bugge.
All klinisk undervisning dei fire første åra i studieløpet blir gjennomført på UNN, og med eit auka tal studentar som skal ha undervisning, byr det på utfordringar.
Viseadministrerande direktør på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN), Einar Bugge.
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK– Det skaper nokre ganske store utfordringar i samband med lærarkrefter og areal, og gjer at undervisningsbelastninga på kvar enkelt pasient som deltek i klinisk undervisning kan bli ganske stor, seier Bugge.
Får midlar av Helse Nord
– Vi er rimeleg trygge på at vi skal få til ei god legeutdanning, men det er klart at dette er krevjande, seier Bugge.
Han fortel at UNN har fått midlar av Helse Nord for å kunne handtere fleire studentar. I år får UNN 10 millionar, og neste år 20 millionar. Bugge håpar på vidare opptrapping i åra framover.
Midlane blir brukte til å tilsetje fleire legar som kan undervise, og finne alternative løysingar som kan kompensere for at det er vanskeleg å få tak i nok pasientar til alle. I tillegg håpar Bugge midlane på sikt kan vere med på å løyse utfordringar knytt til areal.
– Det er ikkje sånn at vi vart spurde om vi ønskte denne auken. Det trur eg verken universitetet her eller vi vart spurde om, men vi har no fått det oppdraget, og det skal vi sjølvsagt ta omsyn til, seier Bugge.
Tilpassar seg
Også hos UiT har det auka talet på studentar skap utfordringar.
Dekan ved helsevitskaplege fakultet ved UiT, Gunbjørg Svineng, fortel at dei kontinuerleg legg til rette undervisninga for å ha plass til alle.
Dekan ved helsevitskaplege fakultet ved UiT, Gunbjørg Svineng.
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK– Vi aukar talet på grupper i staden for å ha fleire studentar i kvar gruppe, og har fleire tilsette involverte i undervisninga enn før. Vi gjer mange ulike grep for at dette skal gå opp, seier Svineng.
Kunnskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei har tillit til at UiT og UNN saman finn ut av utfordringane.
– Ut frå dei tilbakemeldingane vi har fått, verkar det som om UiT og UNN har god dialog og gode planar for å få til ei god medisinutdanning også etter auken i talet på studieplassar, skriv departementet.