Hopp til innhold

Blir reinen skremt – og i så fall av kva?

Ein video av reinen på trappa til vindturbinen har skapt undring. Blir ikkje dyra skremde av vindkraft likevel? Her er nokre grunnar til at det er så vanskeleg å finne klare fakta og sikre tal.

Rein ved vindkraftanlegget i Kjøllefjord

UREDD: Ein liten reinflokk går tilsynelatande uforstyrra ved vindkraftanlegget i Kjøllefjord.

Foto: Per Jørgen Sørbø / Privat

«Reinen lar seg ikkje skremme av vindturbinar», skreiv NRK og fleire andre medium i 2012. Det hadde nemleg forskinga vist.

To år seinare kom ei oppsummering frå fleire forskingsprosjekt. Forskarane var overraska over at dei ikkje fann meir dramatiske resultat.

Rett nok viste det seg at både villrein og tamrein mislikte anleggsarbeida. Men når kraftleidningar og vindkraftanlegg først var i drift, blei dei stort sett aksepterte.

No har mange av dei same forskarane forska endå meir. I dag seier dei at vindmøller skremmer rein. I alle fall nokre rein. På nokre stader. Og til nokre tider.

Det er dei nokså sikre på.

Men ikkje «bastante».

GPS-merking gav delvis svar

Det siste resultatet kjem frå Varangerhalvøya. Ei gruppe forskarar med Sindre Eftestøl i spissen byrja å GPS-merke reinsimler, altså hodyr, to år før vindkraftverket på Raggovidda blei bygd.

Dermed kunne dei sjå korleis dyra blei påverka av eit støyande anleggsarbeid – og deretter ein meir roleg driftsfase.

Reineigarane sjølv rapporterte at dyra unngjekk vindkraftanlegget. Forskarane gir dei delvis støtte. Dei fann negative effektar av vindkraftanlegget, alt i alt, men ikkje på sommaren. Då såg det ut til at det tvert imot var positivt.

Dermed blei det vanskeleg å vere heilt sikre på årsak og verknad.

Privat videoopptak av reinsdyr ved vindturbiner i Kjøllefjord.

Per Jørgen Sørbø, som jobbar ved vindturbinane i Kjøllefjord, filma desse reinsdyra.

Endå vanskelegare blir det når ein skal svare meir enn ja eller nei på om reinen blir plaga. Ein må vite kor ille det eigentleg er før ein kan vurdere om eit område kan byggjast ut, eller avgjere kva reineigarane har krav på i erstatning.

Kvifor har dette vore så vrient?

Forskarane har som nemnd følgt merka dyr. I tillegg har dei målt mengda reinskitt for å måle kor mykje eit område blir brukt. Dessutan har dei følgt med på enkelte individ og talt talet på steg per minutt for å sjå om dyra beitar roleg eller stressar av garde.

Men om dei finn greie svar, er det framleis mykje som kan forkludre biletet:

Dei oppfører seg som dyr

Beitande dyr har for vane å flytte på seg. Det kan vere heilt naturlege grunnar til at reinen skyr eit område. Det kan vere beita ned eller særleg plaga av rovdyr.

Kanskje er dei lokka bort frå vindkraftanlegget, og ikkje skremt vekk? Eller kanskje dei trassar frykta for turbinane fordi gaupa trass alt er verre?

Naturen varierer

Det er store forskjellar frå år til år, mellom anna i vêret. Det påverkar korleis dyra brukar terrenget.

Djup snø eller is og skare kan låse beita.

Kalde vindar frå havet eller varme vindar frå innlandet kan påverke aktiviteten til blodsugarar og parasittar. Reinen søker mot trekkfulle høgdedrag og snøfonner når insektplaga er størst.

Reinbrems

Reinbremsen på biletet og myggen kan sende reinen på flukt opp i forblåste område.

Foto: Are Nakrem

Det er forskjell på rein

At nokre reinsdyr brukar eit område, betyr ikkje at alle gjer det. Særleg simler med kalv er meir sky. Derimot kan ungkarsflokkar med reinsbukkar gjerne komme og beite i hagen din om du bur slik til.

Gjeting kan påverke

Reineigarane på Raggovidda seier dei må gjete dyra mykje meir etter at dei fekk vindkraftverk. Viss reinen held seg på same plass berre fordi nokon hindrar dei i å flykte, vil ikkje GPS-målingane vise nokon skremselseffekt av vindkrafta. Det seier både forskarane og reindriftsutøvarane sjølv.

Anlegg kan trekke folk

Vindkraftutbygging fører med seg store anleggsvegar. Det kan gjere at fleire brukar området, også der vegen er stengd for bilkøyring.

Til dømes fortalde innbyggjarane i Kjøllefjord at dei gjekk meir på tur i området rundt vindkraftanlegget etter at det kom veg dit. Då er spørsmålet om det er mykje folk eller kraftanlegget i seg sjølv som eventuelt skremmer reinen.

Det er mykje pengar i biletet

Ingen av dei involverte er nøytrale: For vindkraftbransjen er det ein fordel om forstyrringane kan dyssast ned. Reindriftsutøvarar som vil stoppe utbygging, eller krevje erstatning, har motsette interesser.

«Vi innser at interessekonfliktane knytt til arealbruk, kultur og økonomisk erstatning kan påverke svara i ei spørjeundersøking», skriv Eftestøl og dei andre forskarane i rapporten sin.

Den sikraste konklusjonen er altså den som alltid kjem frå forskarane: Det trengst meir forsking.

PS: Vindkraft kan plage reindrifta på så mange måtar. På Kvaløya i Troms seier reinbeitedistriktet at dei vurderer å gi opp på grunn av vindkraftanlegget. Men der har dei nærast det motsette problemet: Reinen skyr ikkje anlegget. Dermed er dyra trua av at isklumpar blir kasta frå turbinblada vinterstid. Trusselen er endå verre for reineigarane sjølv, som seier til E24 at dei gjeter dyra med livet som innsats.

Tamrein på vidda

Meir fôring av reinen kan bli ei nødløysing der beite går tapt til vindkraft.

Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kjelder: Den omtalte forskingsrapporten frå Raggovidda er skriven av Sindre Eftestøl med fleire og publisert i Rangeland Ecology & Management 87 (2023): «Effects of Wind Power Development on Reindeer: Global Positioning System Monitoring and Herders' Experience»

Les også Filmet rein på tur opp trappa til vindturbinen

Privat videoopptak av reinsdyr ved vindturbiner i Kjøllefjord.