Hopp til innhold

Denis og Georgii måtte flykte frå Russland – no er dei frie journalistar i Kirkenes

Det sitt to journalistar på eit kontor i Øst-Finnmark og formidlar nyheiter til russarar. Her er dei frie og sjølvstendige. I heimlandet kunne dette kosta dei livet.

Barents Observer

Frå venstre Journalistane Denis Zagore og Georgii Chentemirov jobbar i The Barents Observer. Dei er glad for å kunne skrive sanninga.

Foto: STIAN STROM / Stian Strøm

I den norske grensebyen Kirkenes har nettavisa The Barents Observer tilsett to russiske journalistar, Denis Zagore og Georgii Chentemirov.

I likskap med mange russiske menn, flykta dei nyleg frå sitt heimland.

No lagar dei fri journalistikk til sine landsmenn om det som skjer i Russland.

– Eg kan skrive sanninga for russarar, seier Chentemirov.

Han er der saman med kona og borna sine. Zagore har med seg kona, medan dottera studerer i Russland.

– Eg kjenner på fridom og eg er ikkje redd. Eg ventar heller ikkje at nokon skal komme og banke på døra mi og beordre meg i fengsel, seier journalisten Denis Zagore.

Dei dekkjer nordområda, men særleg Russland.

Russiske Denis Zagore, journalist i The Barents Observer.

Journalist Denis Zagore er takknemleg for pressefridomen i Noreg.

Foto: Stian Strøm / NRK

Sensur og fengsel

I Noreg slepp dei sensur og fengsel for kritisk journalistikk. Det er likevel ikkje sikkert at dei unngår å få represaliar.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at eit trusselbilete vil bestå. Vi er derfor ganske komfortable med at dei er trygge her og at familiane deira er det, seier Atle Staalesen, dagleg leiar og journalist i avisa.

Atle Staalesen, utgiver og daglig leder i avisen The independent Barents Observer.

Atle Staalesen er dagleg leiar og journalist i The Barents Observer.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Fleire russiske menn har dei siste vekene kryssa grensa til Noreg og Finland for å unngå president Vladimir Putins mobilisering i krigen mot Ukraina.

– Dei vil ikkje delta i krig fordi det er forferdeleg, seier Zagore.

Han føler sjølv på denne frykta. For både han og kollega Chentemirov risikerer å bli kalla inn til krigen.

Les også Nobels fredspris, mens krigen rasar i Europa

Russia's attack on Ukraine continues, in Kharkiv region

Veldig modige

Om dei to journalistane skal lage kritisk og undersøkjande journalistikk om Russland, må dei vere utanlands.

– Om vi jobbar for å lage god journalistikk i Russland, så er det veldig farleg, seier Zagore.

Ein kan få truslar om fengselsstraffer, vald og drap om ein er journalist i Russland.

Georgii Chentemirov, journalist i The Barents Observer

Georgii Chentemirov er journalist i The Barents observer. Han bur i Noreg med kona og borna sine.

Foto: Stian Støm / NRK

Chentemirov legg til:

– Diverre er det slik at journalistar som blir i Russland, er i stor fare. Eg synest dei er veldig modige.

I The Barents Observer seier han at han tidlegare har jobba som avisjournalist i Petrozavodsk. Og at han er leiar for Karelian Journalist Union.

Zagore har jobba ved ulike TV-stasjonar, radiostasjonar og mediehus i Murmansk.

– Dette er ei god moglegheit til å styrke verksemda med to dyktige journalistar med lang erfaring. Dei kan Russland, og er interessert i å fortsette sin uavhengige journalistikk i Kirkenes, seier Staalesen.

Les også Putin kritiserer Nobelkomiteen – antyder at utdelinger har vært politisk motivert

Russlands president Vladimit Putin på et videomøte i det russiske sikkerhetsrådet i Moskva 29. sept. 2022

Negativ utvikling

Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund, fortel at det nesten ikkje er fri presse igjen i Russland.

Elin Floberghagen er ansatt som ny generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen, fortel at det ofte er pressa som vert ramma av regimet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det har vore ei negativ utvikling, og etter krigen brøyt ut i februar har det vorte verre. Det er klart at når det er ein krigssituasjon så har det aldri vore meir behov for ei fri, kritisk og sjølvstendig presse, seier ho.

Ho trekk fram at Noreg og dei andre nordiske landa truleg har den mest frie pressa i verda.

– Kontrasten til Noreg er ekstrem stor. Vi har fri presse, god tilgang til informasjon og ein samla presseetikk som alle medium sluttar seg til. Det er noko vi setter høgt i det norske demokratiet.

– Det krev eit enormt mot

Floberghagen fortel at det er farleg å drive medium og vere journalist i Russland.

– Ein risikerer veldig mykje som journalist i Russland. Det krev eit enormt mot å vere ein journalist.

Floberhagen skryt av The Barents Observer som tek inn russiske journalistar i sin redaksjon.

– Det er viktig, og veldig bra.

Les også Russland anklager Norge for økt militær tilstedeværelse på Svalbard

Å sette inn batteripakker som gjør fartøyer hybride er ett av forslagene forskerne har regnet på.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark