I ein periode frå februar til juni 2022 hadde fleire sjukehus i Noreg journalført feilaktige diagnosar på 1898 pasientar.
Dette kunne i verste fall ført feilbehandling av pasientar.
Det bekreftar kommunikasjonsrådgjevar i Helsetilsynet, Nina Vedholm.
– På generelt grunnlag kan vi svare at feil av denne typen kan føre til konsekvensar for pasientbehandlinga som prognosetap, manglande eller feil vidare behandling og økonomiske konsekvensar, seier ho.
I juni oppdaga Helse Vest at ein feil kunne oppstå dersom helsepersonell hadde ope to journalar samtidig. Dette har skjedd på helseføretak i Helse Vest og Helse Nord.
– Det er forferdeleg ugreitt. Den typen koding skal skje på den pasienten det dreier seg om, seier Harald Sunde, medisinsk fagsjef i Finnmarkssykehuset.
– Feil opplysningar har kome til feil pasient
Finnmarkssykehuset vart merksam på svikten og sende sjølv ei avviksmelding i juli til Datatilsynet.
Datatilsynet, som tok imot avviksmeldinga seier dette til NRK:
– Det handlar ikkje om at teiepliktige opplysningar har komme ut, men feil opplysningar har kome til feil pasient, seier Susanne Lie, jurist og seniorrådgjevar i offentleg seksjon i Datatilsynet.
Feilen oppstod på grunn av ei oppdatering i systema i februar i år. Ved feil diagnose kan pasienten ikkje ha fått oppfølginga den treng.
Forsikringsselskapet kan og ha fått feil diagnosekode om pasient har teikna personforsikring og kan vere ein konsekvens for forsikringsavtalen til pasienten.
Det er ikkje kjend at problema skal ha fått konsekvensar for pasientar i Helse Nord og Helse Vest. Det bekreftar helseføretaka.
Raskt retta
958 av pasientane som er råka er i Helse Vest og 940 er i Helse Nord.
Helse Vest meldte om systemsvikt etter fleire saker om at informasjon frå førre pasient hang igjen når helsepersonell bytta pasient.
– Dersom ein ikkje oppdaga feilen medførte det at data vart registrert på feil pasient, seier Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest.
Feilen blei raskt retta då det vart oppdaga og helsepersonell fekk informasjon om dette.
Høgste prioritet
DIPS leverer teknologiløysingar til tre av fire helseregionar i Noreg.
– Vi vart gjort oppmerksam på denne feilen av Helse Vest IKT. Dette førte til at vi gjekk i gang med tiltak for å rette feil, i tett samarbeid med de regionale helseføretaka og deira IKT-organisasjonar, seier Thomas Bratteteig, markeds- og kommunikasjonssjef i DIPS AS.
Han presiserer at pasientsikkerheit har aller høgste prioritet hos DIPS og at dei brukar mykje tid på å teste løysingar før dei settast i drift.
– Det er ikkje uvanleg at kompliserte IKT-system inneheld feil i ei lanseringsfase, men både kundane og vi har gode rutinar for å avdekke dette, seier han. Han legg til:
– Likevel hende det i dette tilfellet eit uheldig avvik, som vi har gjennomgått, evaluert, retta og lært av. På den måten minimerast sjansen for liknande avvik i framtida.